Nyheter

Grøn pioner kan bli statssjef

STATSSJEFVAL I FINLAND: Den grøne politikaren er ikkje religiøs, men let ortodokse prestar velsigne bustadane han flyttar til. No vil han flytte til Presidentens slott.

Sundag prøver Pekka Haavisto. Igjen. Han klarte det nesten i 2012.

Norden har tre monarki og to republikkar.

I Danmark abdiserte dronning Margrethe II, inn kom kong Frederik X.

I Norge lovar kong Harald å sitje på trona livet ut.

Sundag er det presidentval i Finland.

Tre i tet

Veljarane har ni kandidatar. Tre knivar i tet. Ein grøn, ein blå og ein mørkeblå rikspolitikar. Alle menn. Finland har berre hatt ein kvinneleg statssjef, Tarja Halonen.

Dei tre i front på meiningsmålingane er Pekka Olavi Haavisto, riksdagsrepresentant og eks-utanriksminister, uavhengig med nær fortid i Dei Grøne, Alexander Stubb, eks-statsminister frå Samlingspartiet – Finlands svar på Høgre og Jussi Halla-Aho, president i Riksdagen frå Sannfinnane – Finlands svar på Fremstegspartiet.

Dersom ingen av dei ni kandidatane får over halvparten av røystene sundag, blir det ny valrunde 11. februar mellom dei to med størst oppslutning. Vinnaren flyttar inn i Presidentens slott ved Salutorget i Helsinki.

Dagens utgåande finske president, Sauli Niinistö, blei statssjef etter å ha sigra over Haavisto i andre valrunde i 2012, og blei attvald i 2018.

Presidenten er både statsoverhovud, ansvarleg for landets utanrikspolitikk og øvstkommanderande i forsvaret.

De Grönas presidentkandidat Pekka Haavisto tar et bilde sammen med en støttespiller under et valgkamparrangement i Helsingfors i desember. Foto: Vesa Moilanen / Lehtikuva via AP / NTB

Var med å skipe eit grønt parti

Pekka Haavisto er den grøne politikaren som blei miljøminister utan å sitje i Riksdagen, han var den første frå eit grønt parti i Europa som blei minister, i 1995.

Haavisto er eks-utanriksministeren, 2019-2023, som studerte statsvitskap ved universitetet i Helsinki, men som aldri fullførte nokon grad.

Han skreiv reisehandbøker for interrail på 1970-talet – og var aktiv i rørsla som skapte Finlands grøne parti.

Koijärvi-rørsla var ei finsk miljørørsle som steig fram i 1979. Målet var å stoppe dreneringa av innsjøen Koijärvi, noko som ville rasere eit viktig fuglehabitat.

Kampen varte i to år og samla sterkt fragmenterte, små krinsar av miljøaktivistar. Samlinga skipa partiet Dei Grøne i 1987, som stilte opp i Riksdags-valet same år.

Dei Grøne vann eitt sete i nasjonalforsamlinga. Pekka Haavisto var folkevalt fram til 1995. Og på nytt frå 2007.

Prestar røysta på Haavisto

Evangelisk-lutherska kyrkan i Finland er ikkje ei statskyrkje, men ei folkekyrkje med 3,6 millionar medlemmer. Noko som betyr at 65 prosent av finnane står i manntalet.

Finland har ei offisiell kyrkje til, Ortodoxa kyrkan i Finland. Ho har 59.000 medlemmer.

Kartleggingar avdekkjer at dei som røystar på partiet Centern er nær 90 prosent medlem i Evangelisk-lutherske kyrkan. Og at dei tilsette helst røystar på eit heilt anna parti.

Partiet Haavisto var med og skipe. Dei Grøne.

Ved presidentvalet i 2018 hadde særleg ei yrkesgruppe stor sympati med Haavisto, prestar i den lutherske folkekyrkja.

Det historiske øyeblikket der Finlands utenriksminister Pekka Haavisto (t.v.) overrakte Finlands tiltredelsesdokumenter til sin amerikanske kollega Antony Blinken (t.h.) og Finland ble Nato-medlem. Generalsekretær Jens Stoltenberg i midten. Foto: Johanna Geron / AP / NTB

Støttar seg på ortodokse prestar

Pekka Haavisto er ikkje aktiv kyrkjegjengar i korkje den store eller vesle kyrkja. Men han er svak for det ortodokse, utan å vere kjent for å vere religiøs.

Når presidentkandidaten flyttar til eit nytt husvære, hentar han alltid inn ein ortodoks prest som velsignar bustaden. Når så er gjort, kan Haavisto byrje å bu.

Pekka Haavisto har ei side til. Eller som YLE, Finlands NRK, skriv: Verda er endra, ein homofil kan vere president.

Han er Finlands første opne, homofile presidentkandidat.

---

Pekka Haavisto

  • 65 år, frå Helsinki.
  • Studerte statsvitskap, fullførte ingen grad.
  • Var med å skipe partiet Dei Grøne.
  • Medlem av Riksdagen 1987–1995, 2007 –
  • Miljøminister 1995-1999, utviklingsminister 2014, utanriksminister 2019–2023.
  • Arbeidde i FN 1995-2007, fredsmeklar i Sudan og Somalia.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter