Har opna dørene for 400 flyktningar. Stengjer for 220 nye

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Visesongaren Halvdan Sivertsen syng på klasseromslerretet.

Æ så dæ i går på gata, da byen lå kald og stor

Æ så du va ny i livet, æ så du va ny i nord

14 rustne, mumlande røyster syng med. På eit språk dei strevar med å lære.

Å, må drømmen du bær bli sann

Sommerfuggel i Vinterland

Utanfor klasserommet på Larvik læringssenter driv snøen vassrett forbi. På fjorden dansar kuldeskyene.

– Kva er det han syng om, er det nokon som kjenner seg igjen?

Lærar og prosjektleiar Stine Marie Holm ser ut over klassen, fiskar etter svar.

– Han syng om oss, om det å vere flyktning, meiner ein etter å ha leita fram dei rette, norske orda.

Dei andre ukrainske flyktningane i klasserommet nikkar. Og ho frå Syria. Og han frå Eritrea.

Sidan august har dei gått på eit intensivt kurs som kombinerer språkopplæring og arbeidspraksis. Dei kvalifiserer seg for det nye livet som ventar i Norge.

I Larvik, som ville hatt folketalsnedgang om ikkje Vestfold-kommunen hadde busett 409 flyktningar dei siste to åra.

Flyktninger fra Ukraina til Larvik.

Statens bøn; ta 37.000

I november sende Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (Imdi), som er underlagt arbeidsminister Tonje Brenna (Ap), brev til 356 kommunar med ei innstendig bøn: Ta i mot fleire ukrainske flyktningar i 2024, buset 37.000.

Ein fersk kartleggingsrapport frå Imdi, levert av OsloMet, avdekkjer at Kommune-Norge slit med å innfri:

  • Tre av fire kommunar svarar at dei kan busetje nokon til, ein av fire melder at dei har nådd kapasitetstaket.
  • Å skaffe eigna bustadar er største utfordring.
  • 98 prosent av kommunane har utvida flyktningtenesta for å handtere dei mange ukrainske flyktningane, likevel tilbyr halvparten av kommunane berre eit redusert introduksjonsprogram – kapasiteten er sprengt.
  • NAV har ikkje kapasitet til å følgje opp ukrainarane, etaten har fått meir tiltakspengar, men ikkje fleire tilsette.

Nesten 4.000 har fått kommune

Imdis siste oppdatering viser kva lokalpolitikarane har vedtatt:

  • Berre 78 kommunar har gjort vedtak om å busetje nye ukrainarar – totalt 3.898.
  • To kommunar vil ta fleire enn dei blei spurt om å busetje.
  • 34 kommunar seier ja til nye ukrainarar, men ikkje så mange som Imdi ber om.
  • To av dei 34 seier nei til nye flyktningar frå det krigsherja landet i aust.

Dei to er Utsira i Rogaland og Larvik i Vestfold.

Flyktninger fra Ukraina til Larvik.

Må velje nye yrkesvegar

Karyna, Hanna, Yeliena og Ksenia blei busette i Larvik før kommunestyret, i desember, sa nei til å ta i mot fleire landskvinner og – menn i 2024.

Dei har funne seg til rette i byen dei synest er svært liten. I Ukraina har ein liten by minst 100.000 innbyggjarar. I byen Larvik bur det vel 27.000.

Kvinnene har svært ulik tilnærming til kva som ventar dei i Norge. Og kva ønskjer dei har for morgondagen.

– Eg har ikkje tid til nye studium for å få godkjent juristutdanninga mi frå Ukraina, det vil ta alt for lang tid. Difor planlegg eg ein ny karriere i Norge, eg vil jobbe i barnevernet, fortel advokaten Hanna når dei fire benkar seg for lønsj.

– For kvart år me bur i Norge, blir barna mine meir norske enn ukrainske. Til hausten byrjar son min på skulen, og etter to-tre-fire år er han nok mest norsk og mindre ukrainske. Kva betyr så det om me vel å returnere til Ukraina, seier bioingeniøren Ksenia, som kjenner på kulturspagaten ho og barna står i.

– Eg ønskjer å bli psykolog, men det er vanskeleg å få studieplass. Men eg skal studere til hausten, på eit universitet her i Norge, fortel Yeliena, som i vår går ut av vidaregåande skule med fag både frå Ukraina og Norge.

– Eg ser etter jobb. Når kurset her på læringssenteret er over vil eg arbeide. I Ukraina jobba eg med grafisk design, seier Karyna.

For kvart år me bur i Norge, blir barna mine meir norske enn ukrainske

—  Ksenia, småbarnsmor og ukrainsk flyktning

Usikker framtid i Norge

Men straks ønska er lagt på bordet, fortel kvinnene at det er utfordrande å planleggje livet i Norge, i Larvik. Dei har berre opphald i eitt år. Støre-regjeringa gjev ukrainarane kollektivt vern i landet i eitt år i slengen.

Norge vonar krigen skal ta slutt, slik at dei kan reise heim.

– Når me berre kan planleggje for eitt år fram, påverkar det motivasjonen for å satse i Norge, for framtida er usikker, vedgår Ksenia.

Karyna er sikker:

– Eg vil tilbake, eg vil heim.

Flyktninger fra Ukraina til Larvik.

Har Norges sjette dårlegaste kommuneøkonomi

Hovudsalen i kulturhuset Bølgen, som kosta kommunen kring 190 millionar kroner i 2009, er på det næraste full. Pensjonistuniversitetet i Larvik får grundig innføring i kommunens ve og vel, av kommunedirektør Gro Herheim.

Mot slutten kjem dei brutale, økonomiske røyndommane opp på storskjerm.

Larvik har Norges sjette dårlegaste kommuneøkonomi, har ein gjeldsgrad godt over landssnittet, må årleg betale vel 440 millionar kroner i renter og avdrag, har ein aldrande befolkning, har nedgang i skatteinntekter.

«Har mindre å skape velferd for», står det på ein av Herheims plansjar. «Kutt i kvalitet og omfang i tjenestene», står det på ein annan.

Likevel er kommunedirektøren klar på at hennar tilråding framleis står ved lag, når Vårt Land grip tak i henne etter at pensjonistane har toga vidare til lønsj:

– Larvik har høve til å ta i mot dei 220 ukrainske flyktningane Imdi har spurt oss om å busetje i 2024, seier Gro Herheim. Og overlèt alle oppfølgjarspørsmål til dei folkevalde.

Flyktninger fra Ukraina til Larvik.

Høgre, Frp og KrF styrer kommunen

Om Larvik har lånt for å byggje kulturhus og skular, har dei spart inn nytt rådhus.

– Kvar står talarstolen, han med kommunevåpenet på?

Olaf Holm spør han som heng under taket og monterer lyskastarar, retta mot scenen. Kommunestyremøta i Larvik blir avvikla i Sliperiet kulturverksted.

Etter kommunevalet i september blei det regimeskifte i Larvik. På ein måte. Høgre har framleis ordføraren, men Framstegspartiet kom inn i varmen og fekk varaordføraren, og KrF kom med som tredje styringsparti.

I desember handsama dei folkevalde førespurnaden frå Imdi, i samband med 2024-budsjettet. Kan Larvik ta 220 nye ukrainske flyktningar i 2024?

Kommunedirektøren var klar i saksframlegget: Ja, det klarar Larvik. Og: seier Larvik nei, så må andre kommunar ta fleire.

Flyktninger fra Ukraina til Larvik.

Har hjarterom og vilje

Olaf Holm er gruppeleiar for KrF i kommunestyret og har plass i det mektige formannskapet. Det blei hans jobb å gå på talarstolen og fremje forslaget Høgre, Frp og KrF hadde blitt samde om:

Nei.

«Larvik kommune imøtekommer inntil videre ikke IMDIs anmodning om å bosette 220 flyktninger i 2024», sa Holm.

– Me måtte trø på bremsene. Det står ikkje på hjarterom og vilje til å hjelpe krigsflyktningane frå Ukraina. Men Larviks økonomi er så hardt pressa at me kunne ikkje etterkomme Imdis førespurnad i desember, fortel han i januar.

Olaf Holm vedgår at saka er mellom dei vanskelegaste han har handsama som lokalpolitikar. For partiet han representerer har ikkje for vane å lukke porten for flyktningar som søkjer vern i Norge.

– Eg har i alle mine år i kommunestyret aldri blitt møtt med så mange bibelsitat frå politiske motstandarar som ville minne meg på nestekjærleiksbodskapen, som under desembermøtet.

Holm blei valt inn i kommunestyret i 2011.

Flyktninger fra Ukraina til Larvik.

Regjeringa vil ha færre flyktningar frå Ukraina

Andre er også urolege for talet på flyktningar og kostnadane som følgjer med.

«Krigen i Ukraina og konsekvensene av den koster mye, også her hjemme. Men når det kommer tusenvis av flyktninger til Norge fra et Ukraina i krig, så er det klart vi skal stille opp», sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) til NTB i fjor.

Få månader seinare, i desember, lydde ein ny bodskap frå regjeringa:

«Vi har et godt velferdstilbud i Norge, også for ukrainere. Det skal vi fortsette å ha, men vi ønsker å komme ned til et mer bærekraftig nivå på antall ankomster», sa justisminister Emilie Mehl (Sp) til NTB.

Når det kommer tusenvis av flyktninger til Norge fra et Ukraina i krig, så er det klart vi skal stille opp

—  Jonas Gahr Støre (Ap), statsminister

Enklare husvære, mindre barnetrygd

Samstundes la ho fram ei liste med innstrammingar som skal skremme ukrainarar frå å velje Norge:

  • Slutt på innkvartering på hotell, mottaka skal ha enkel standard.
  • Dei mistar retten til å få etterbetalt barnetrygd etter eitt år, noko som betyr at barnefamiliar mistar det første året med barnetrygd, som utgjer 42.000 kroner for ein familie med to barn under seks år.
  • Må bli lenger i Norge for å få permanent opphald. Ukrainarane har mellombels, kollektivt vern, etter tre år kan dei i dag få permanent opphald, regjeringa vil auke dette til fem år.
  • Reiser dei heim til Ukraina på besøk, kan dei miste opphaldsløyvet.

Kommunen byr over unge huskjøparar

I Larvik kommunestyre har Høgre, Frp og KrF fleire ankepunkt mot 220 nye ukrainske flyktningar til kommunen:

  • Dårleg kommuneøkonomi.
  • Sterkt press på kommunale tenester, særleg på helse og bustad.
  • Har kjøpt kommunale bustader for flyktningar for over 100 millionar kroner seinare år.

– Me kan ikkje ha det slik i Larvik at kommunen pressar førstegongsetablerer vekk frå bustadmarknaden ved at kommunen alltid kan by mest, seier Holm.

– Har det skjedd?

– Ja, eg kjenner til eit slikt tilfelle.

Både Høgre og Frp veit at mottak av flyktningar er viktig for KrF

—  Olaf Holm, gruppeleiar KrF, Larvik kommunestyre

Press på KrFs hjartesak

Styringspartia i Larvik har eitt krav til Støre-regjeringa som må innfris før nye flyktningar blir helsa velkomne. «Staten må i langt større grad på banen da tålegrensen er nær ved å være nådd», lyder det i desembervedtaket.

Omsett tyder dette at summen som følgjer kvar flyktning må opp, staten må freiste med meir pengar.

I februar er det nytt kommunestyremøte. Då skal flyktningsaka opp på nytt. Innan den tid skal administrasjonen ha laga eit flyktningrekneskap. Kva staten gjev Larvik for å ta i mot 220 nye ukrainarar er kjent, men kva det verkeleg kostar Larvik å ta i mot 220 nye, er ikkje kjent, seier Holm.

– Derfor sa me nei i desember. Me kjenner ikkje dei totale utgiftene.

Ingen Vårt Land snakkar med vil spå utfallet. Men KrFs Olaf Holm hentar fram ordet «hjartesaker» når han svarar.

– I eit politisk samarbeid som det me har her i Larvik kan eit parti ikkje bli overkjørt i saker som er viktige for partiet. Både Høgre og Frp veit at mottak av flyktningar er viktig for KrF, akkurat som KrF veit kva som er hjartesaker for dei to andre partia.

– Kva må du gje dei to andre for å vinne fram i denne saka?

– KrF lagar ikkje slike oppstillingar.

Flyktninger fra Ukraina til Larvik.

---

Ukraina-krigen

  • Russland invaderte Ukraina 24. februar 2022.
  • Norge tok i mot 35.920 flyktningar frå Ukraina i 2022 og 36.461 i 2023.
  • Sidan februar 2022 er 50.000 ukrainarar blitt busette i norske kommunar.
  • I 2024 ber Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) norske kommunar om å busetje 37.000 nye ukrainarar.
  • Kommunar som buset får integreringstilskot per flyktning:
  • Første år: 241.100 kroner per vaksen, einsleg, 194.400 per vaksen, forelder, 194.400 per barn.
  • Totalt etter fem år er summane høvesvis 828.000, 781.300 og 781.300.

---