Nyheter

Kongen om kondolanse til Israel: – Ikkje eg som bestemmer

KRIGEN MELLOM HAMAS OG ISRAEL: Utanriksdepartementet avrådde kong Harald å kondolere Israel etter at Hamas gjekk til angrep 7. oktober. Kongen seier det ikkje er han som bestemmer.

I eit intervju med NRK seier kong Harald på spørsmål om han ønskte å kondolere, at det var eitt alternativ.

– Men det er ikkje eg som bestemmer, det er Utanriksdepartementet som bestemmer utanrikspolitikken her, seier kong Harald til NRK-programmet «Året med kongefamilien».

Det var i november det vart kjent at UD hadde avrådd kongen å kondolere Israel. Ifølgje korrespondanse mellom UD og hoffsjefen skjedde det to dagar etter Hamas-angrepet 7. oktober, skreiv Dagbladet.

– Det er jo sånn her i landet at utanrikspolitikken er det regjeringa som bestemmer. Og då er det heilt naturleg at vi samrår oss med UD før vi tek ei slik avgjerd, seier kongen.

Han understrekar at det i nokre tilfelle er statsministeren som kondolerer, og i andre tilfelle er det kongen som kondolerer til eit statsoverhovud.

– Dette var ei avgjerd teken i tråd med etablert praksis, seier kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes i UD til NRK.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter