Nyheter

SV-Kirsti fører i dansen med Ap-Jonas

12 PÅ JULEMÅLING: Kirsti Bergstø kan smile lurt, ho tek over 50.000 veljarar frå Jonas Gahr Støre. Saman med Raudt er SV jamstore med Arbeidarpartiet.

Dei gjekk arm i arm til slottsmiddagen i oktober, partileiarane i SV og Arbeidarpartiet. I vekene som følgde har SV-leiaren gått monaleg opp i oppslutning, medan Ap-leiaren har tusla vidare i for han eit kjent landskap; låg oppslutning:

  • SV får ei oppslutning på heile 12 prosent på Norstats desembermåling for Vårt Land og Dagbladet, noko som er 1,8 prosentpoeng opp samanlikna med målinga før kommunevalet i september.
  • Ikkje sidan 2005 har SV hatt liknande oppslutning på ei Vårt Land-måling.
  • Arbeidarpartiet står nesten på staden kvil, og endar på 17,9.

Berit Aalborg kommenterer målinga: Dette er SV nye Hanna Kvanmo

SV hentar ut «solidaritetsgevinstane»

– Ap og Sp har etablert ei budsjettordning der det er SV som får skine, ikkje regjeringspartia, forklarar valforskar Svein Erik Tuastad til Vårt Land, og held fram:

– Dagens politiske dagsorden er i favør av SV. Partiet hentar ut alle solidaritetsgevinstane. Kirsti Bergstø er den som fordelar goda i statsbudsjettet, ikkje statsminister Jonas Gahr Støre.

Budsjettsemja sikra mellom anna auka barnetrygd, billegare barnehagar, gratisplassar på SFO, auka studiestøtte og høgare minstesatsar for uføretrygda.

– Kva er det Støre ikkje evnar?

– Han slit kraftig med den politiske kommunikasjonen. Veljarar ser at det ikkje smertar han å snakke om nordmenn i matkøar.

Målinga er tatt opp sist veke, i dagane etter at regjeringspartia og SV blei samde om statsbudsjettet for neste år.

Ap taper over 100.000 veljarar

Julegåva frå veljarane til partia på Stortinget viser at:

  • SV vinn stort på misnøgde Ap-veljarar.
  • SV vinn veljarar frå alle parti, minus Frp; godt over 100.000 – og flest frå Ap; 53.000.
  • Ap taper godt over 100.000 veljarar til to parti, SV – og Høgre.
  • Med SVs 12 prosentpoeng og Raudts 5,5 er dei to partia til venstre for Ap jamstore med partiet Støre leiar.

– Dette viser at ingen posisjonar står fast, og at venstresida er i rørsle, seier SV-leiar Kirsti Bergstø til Vårt Land.

Ho gler seg stort over desembertala:

– 12 prosent er ei solid støtte til SVs politikk. Mange veljarar ser at det er SV som svarar best på dei største utfordringane, aukande fattigdom og ulikskap og tiltak som får ned klimautsleppa og vernar natur, lyder analysen hennar.

Ap-leder Jonas Gahr Støre og Sp-leder Trygve Slagsvold Vedum la fram Hurdalsplattforma på Hurdal.

Sp «har levert til distrikta»

Tuastad meiner Ap og Sp kan takke seg sjølve for at veljarane sviktar regjeringspartia:

– Ap og Sp byrja å falle på målingane dagen etter at dei avgjorde å ikkje ta SV med i regjeringa.

Om Sp, som ikkje ønskte SV med på laget, seier Tuastad at «partiet har levert til distrikta, men at resten av landet har betalt rekningane for dette».

Valforskaren peikar vidare på at SV klarar seg godt utanfor kongens råd:

– SV under Bergstø har fått ein profil som passar mange veljarar som spør etter ein meir solidarisk, økonomisk politikk som kjem dei som har lite til gode med meir hjelp – og som vil ha ein offensiv klima- og miljøpolitikk, seier Tuastad.

Sjølv seier Bergstø at SV evnar å få viktige gjennomslag utanfor regjering:

– SV syter for viktige endringar i budsjetta, men du skal vite at det kjem ikkje ei krone over bordet, det er SV som driv fram endringane I Stortinget.

13.07.22 Oslo, Norge. Frelsesarmeen Slumstasjon.

Skilnaden mellom fattige og rike aukar

Sist veke viste Unicef Norges årlege undersøking at heile 600.000 nordmenn gruar seg til jul, særleg barnefamiliar og dei med låg inntekt.

Svekkja økonomi er hovudgrunnen til at folk gruer seg. Nesten kvar tredje spurte, svarar at ein vanskeleg økonomisk situasjon vil påverke deira julefeiring negativt.

Heile seks av ti svarar at jula er med på å forsterke forskjellar og ulikskapar i Norge.

Tenner fire lys for Støre

Sjølv om andre sundag i advent allereie er bak oss, hentar valforskar Tuastad, som arbeider ved Universitetet i Stavanger, fram ein adventsstake – og fire lys:

– Sjølv om det ser mørkt ut for Ap og Jonas Gahr Støre på Vårt Lands desembermåling, kan eg tenne fire lys for han, seier han og «tenner» lys etter lys:

* Første lys: – Det er lenge til stortingsvalet.

* Andre lys: – Økonomien snur til det betre før valet.

* Tredje lys: – Frp er i vekst, faren for kaos på borgarleg side stig.

* Fjerde lys: – Veljarane er flyktige, dei hoppar att og fram mellom parti.

Trur på betring fram mot 2025

I Arbeidarpartiet peikar partisekretær Kjersti Stenseng på tida som skal kome, og med den endringar i oppslutning, for ho er slett ikkje nøgd med desembertala:

«Vår viktigste prioritet er politikk som bidrar til at folk får bedre råd og opplever trygghet i urolige tider. Nå er vi i full gang med strategien mot 2025 og et nytt partiprogram fram mot 2029. Vi må evne å vise at vi svarer på og har politiske løsninger for både de utfordringene, men og mulighetene folk ser for sin egen framtid», skriv Stenseng i ein e-post til Vårt Land.

Avhengige av MDG

Når valforskaren ser på mandatutrekninga, finn han eit lyspunkt til for statsministeren:

På desembermålinga har Støre-regjeringa fleirtal på Stortinget. Men på vilkår.

Dersom MDG fell ned på raudgrøn side, har partia 86 mandat. MDG får heile ni i årets siste Vårt Land-måling.

---

Meiningsmåling

  • Utført av Norstat for Vårt Land og Dagbladet i tidsrommet 4. - 8. desember.
  • 987 personar er spurt om kva dei ville stemme om det var stortingsval i dag.

---


Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter