Kvardag i frykt i gettoen

ANTISEMITTISME: Gettoen er ei italiensk oppfinning som stengde jødane inne bak høge murar. Romas jødar har budd i byen i over 2.000 år. No kjenner dei på stigande frykt, igjen.

ROMA: Gitterporten står på vidt gap. Til dagleg er han bolta og låst. Ingen slepp inn i Tempio Maggiore, Romas største synagoge, utan å ha blitt sjekka som i tryggingskontrollen på ein flyplass.

På kvart hjørne sit ein politibetjent frå Carabinieri, Italias halvmilitære politistyrke. På hofta har dei ladde pistolar. I skilderhusa har dei skjermar som viser kva kamera rundt synagogen fangar opp.

I dag er det ekstra med politi i gatene rundt synagogen. Alle speidar dei etter det unormale, sjølv om dei har trekt seg litt unna dei festkledde.

Ingen vil snakke

Menn i svart, smoking og dress, kvinner i side kjolar har stimla saman på plassen framom synagogen. Dei ventar spent på ho som skal smis i hymens lenkjer med han som står i porten.

Mannen som går rundt og deler ut kvite kippaer, det runde, jødiske hovudplagget for menn, blir avbroten i arbeidet. Ein kremfarga Rolls-Royce svingar inn i den korte gata, ut stig ein stolt far, som så fører den kvitkledde fram til han som ventar.

– Dette er ein privat seremoni, berre inviterte får komme inn.

To menn avviser bryskt alle som viser interesse for å ta eit steg inn porten – og dei som prøver å spørje korleis kvardagslivet er for italienske jødar.

– Ingen kommentar, ingen kommentar, er alt Vårt Land frå han med dei mørkaste solbrillene, og han som låser porten etter siste kvinne som smatt inn.

r

Antisemittismen til nye høgder

Frå Milano melder Contemporary Jewish Documentation Center om ein hardare kvardag for italienske jødar etter at Hamas gjekk til åtak på Israel 7. oktober – og Israel svarte med massiv bombing av Gaza.

I vekene etter den første laurdagen i oktober har senteret registrert over 70 antisemittiske hendingar eller ytringar.

– Me har ikkje hatt eit slikt nivå på antisemittismen i Italia på tiår, opplyser sentersjef Gadi Luzzatto Voghera.

Svibrente jødiske snublesteinar

I Roma er snublesteinar, eller det italienarane kallar pietre d’inciampo, blitt spraya ned med svart måling. Andre er blitt svibrent. Over heile Europa ligg dei, minnesmerka i messing over ofra for nazismen under andre verdskrig.

Noemi Di Segni, president i Foreininga for italienske jødiske samfunn (UCEI), fortel at hendingane opplevdes svært brutale, som om nokon vil fortelje jødane at «me brenn dykk alle saman, igjen».

I Milano fekk ein jødisk lærar måla ei davidsstjerne på inngangsdøra til bygarden ho bur i, med hennar husværenummer måla ved sidan av stjerna.

På eit sjukehus i Milano blei ein graffiti fjerna: «Først Hitler, så Hamas, for jødane ventar omnar og gasskammer».

I Genova blei ein rabbinar utsett for sjikane og trua med ein skrutrekkar etter å ha blitt identifisert som jødisk av kippaen han bar på hovudet.

– Det var ei svært dårleg oppleving, fordi i Genova spesielt, møter me eit fiendtleg klima av hat. Det som skjedde i dag er ein tydeleg demonstrasjon, fortel rabbinaren, Fabrizio Haim Cipriani, i ei melding frå European Jewish Congress.

r

Gettoen – ei italiensk oppfinning

I Romas jødiske kvarter, eller gettoen, som framleis er eit brukt namn, stoppar ein guide opp. Ho viser ei gruppe rundt.

– Jødane i Roma er redde, dei kjenner på frykta. Men dei prøver å leve så normalt som mogleg.

Fenomenet getto kan tidfestast: 29. mars 1516 sende doge Leonardo Loredan, statsoverhovudet i republikken Venezia, ut eit dekret saman med senatet i bystaten:

Alle jødar i Venezia, og alle som kjem til byen, må bu i eit utpeika område – i «Ghetto Nuovo».

14. juli same år følgde pave Paul IV opp vedtaket i Venezia. Romas jødar blei mura inne i ein getto ved elva Tiber. Portane blei låste om natta. Først i 1870 blei gettoen avvikla.

Det jødiske samfunnet i Roma er mellom dei eldste samanhengande jødiske samfunna i verda, som har eksistert frå klassisk tid til i dag. Allereie i år 139 før Kristus budde det jødar i byen.

Bombetrussel mot jødisk skule

Jødane i Roma kjenner på frykta, sa guiden.

Fire dagar før bryllaupsfesten i synagogen gjekk alarmen. I same gate som gudshuset ligg den jødiske skulen, Scuole Ebraiche di Roma.

Politiet i byen sende ut ei melding om kva som skjedde: Skulen blei evakuert etter ein bombetrussel, gater blei stengt av. Nyhendemeldinga gjekk Europa rundt.

Så varsla skulen omverda: Det var berre ei øving. Det var viktig å øve på det verste som kan skje. Eit åtak på skulen og elevane.

Dei prøver å leve så normalt som mogleg, sa også guiden.

R

Jødar flykta frå inkvisisjonen

I den gamle gettoen i Roma er det eit hol i muren. I Pasticceria Boccione har familien Limentani bakt jødiske kaker i 200 år.

Då familien kom til Roma budde jødane framleis bak murar i gettoen.

Ingen skilt fortel at det er eit kosherbakeri, ingen oppslag fortel kva som blir bydd fram i disken. Likevel er det kø. Lukta varslar nybakt.

Stamkundar og nyfikne kjem for det same – crostata di ricotta e visicole og pizza ebraica; terte med ricotta og kirsebær – og jødisk pizza, som er Limentanis signaturbakverk.

Pizza ebraica er ei kake fylte med mandlar, rosiner, pinjenøtter og kandisert sitron. Bakverket kom til Roma med jødar som flykta frå inkvisisjonen på spanskstyrte Sicilia på 1500-talet.

Inne på Pasticceria Boccione vil kvinnene bak disken berre snakke med stamkundane. Vårt Land må nøye seg med å handle pizza ebraica.

Romas jødar prøver å leve så normalt som mogleg.

Antisemittisme? Ikkje eit seriøst problem

Utanfor, på det vesle piazzaen, står tre breibeinte politibetjentar frå Carabieneri. På muren bak dei heng flagget som fortel kvar folks sympati går.

Ei blå Davidstjerne, på kvit botn.

Gjennom dagen er politiet svært synleg i den gamle jødiske gettoen i Italias hovudstad. Bak mørke solbriller følgjer dei uniformerte med på dei som kjem gåande, til kafeane, til restaurantane, til småbutikkane, til skulen, til museet, til synagogen.

I eit land der dei aller fleste, i ei meiningsmåling i 2020, sa at antisemittisme ikkje er eit seriøst problem.

roma

Unione delle Comunità Ebraiche Italiane (UCEI), eller Foreininga for italienske jødiske samfunn, har 20 medlemssamfunn. Saman med det største, Det jødiske fellesskapet i Roma, ser UCEI med så stor uro på den stigande antisemittismen i Italia, at dei sende ut ei oppmoding. Til det italienske folk, om å delta i ein protestmarsj, i desember.

«Gå ut i gatene i den store folkelege mobiliseringa, til forsvar for våre felles verdiar», skriv dei i appellen som gjekk ut.

For, som dei også skriv: «Me lever med alvorleg uro det som har skjedd i gatene våre, på italienske skular og universitet. Det er teikn på ei fortid som kan komme tilbake, og det kan ikkje ignorerast.»

Folk møtte fram 5. desember. Piazza del Popolo i Roma blei fylt.

---

Italias jødar

  • Dei jødiske samfunna i Italia er mellom verdas eldste.
  • Minoriteten tel kring 35.000, flest bur i Roma; 15.000.
  • Frå 1555 til 1870, med nokre unntak, måtte Romas jødar leve bak murar i gettoen, som blei låst på nattetid.
  • Ordet getto kom i bruk første gong i 1555 – i ein avgrensa del av Venezia blei byens jødar stua saman.

---


Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter