Nyheter

Jagland reagerer på planane til regjeringa om gruvedrift på havbotnen

Tidlegare statsminister Thorbjørn Jagland (Ap) reagerer skarpt på at regjeringa, med støtte frå Høgre og Frp, vil opne for mineralutvinning på havbotnen.

– Vi menneske har delvis plyndra jordoverflata og pumpa opp olje og gass i ei slik grad at klimaet og naturen til kloden er på randa til samanbrot, skriv Jagland på si Facebook-side.

I innlegget, som først vart omtalt av Bergens Tidende, skriv den tidlegare statsministeren at han ikkje treng nokon vitskaplege undersøkingar for å forstå at vi ikkje kan gjere det same på havbotnen.

– Vi må få ein internasjonal traktat som vernar havbotnen, skriv Jagland.

Tysdag gjekk regjeringa saman med Framstegspartiet og Høgre ut og fortalde at dei er samde om ei trinnvis opning for gruvedrift på havbotnen.

NTB Nyheter

NTB nyheter

VL anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter