Konsekvensen av å barbere statsstøtta til Den norske kyrkja med 250 millionar kroner kan bli at 160 soknepreststillingar forsvinn, opplyser departementet til Sp-statsråd Kjersti Toppe, som styrer trus- og livssynspolitikken til Støre-regjeringa.
Utrekninga blir lagt på bordet etter at Høgre stilte eit spørsmål til Barne- og familiedepartementet (BFD).
Når statsbudsjettet er lagt fram i oktober, kan alle partifraksjonane i Stortingets finanskomité be fagdepartement rekne ut kva det måtte vere.
Toppe hentar fram Grunnloven
Høgre spør om rammeoverføringa frå staten til DNK:
«Hvor mye av bevilgningen er ikke juridisk bundet opp og hva er konsekvensen av å redusere bevilgningen på posten med henholdsvis 50, 100, 150, 200 og 250 millioner kroner?»
Kutteviljen har fått statsråd Kjersti Toppe frå Senterpartiet til å ta fram Grunnloven frå lovsamlinga og minne om kva ansvar staten har for Den norske kyrkja (DNK).
Kutt betyr færre prestar
Først forklarar Toppes departement at det vil vere krevjande å «redusere rammetilskuddet til Den norske kirke uten at dette innebærer at Dnk må redusere tallet på stillinger, også prestestillinger».
Eit kutt på 150 millionar utgjer 100 soknepreststillingar, eit kutt på 250 millionar utgjer 160 stillingar, forklarar BFD.
Så dreg BFD fram Grunnloven. I paragraf 16 står det: «Den norske kyrkja, ei evangelisk-luthersk kyrkje, står ved lag som den norske folkekyrkja og blir stødd som det av staten.»
«Hvert sokn skal være betjent av prest»
I svaret til Høgre skriv departementet som har ansvaret for folkekyrkja: «Hvor langt staten kan gå i å redusere i tilskuddene til Den norske kirke før man kommer i konflikt med Grunnlovens krav om å understøtte Den norske kirke som folkekirke eller kravene i trossamfunnsloven, er ikke nærmere angitt eller rettslig prøvet. For statens andel av tilskuddet har det vært lagt til grunn at folkekirkekravet fordrer at det skal opprettholdes en landsdekkende prestetjeneste, i betydningen at hvert sokn skal være betjent av prest. Det er ikke et krav at det skal være tilsatt prest i hvert sokn. Det er opp til Den norske kirke å organisere dette på en hensiktsmessig måte.»
Frp løyver minst
Høgre, Venstre og Framstegspartiet viser fram kutteviljen i dei alternative statsbudsjett for 2024. Her går det hardt ut over overføringane til Den norske kyrkja, der vel seks av ti nordmenn er medlemmer:
- Høgre seier at støtta til kyrkja neste år berre skal vere nominell, altså ei vidareføring av årets nivå: 174,1 millionar kroner blir kutta.
- Venstre øksar vekk 192 kyrkjemillionar.
- Framstegspartiet løyver minst, partiet meiner kyrkja må ta eit kutt på 256,7 millionar.
Borgarlege nærmar seg fleirtal
Majoritetskyrkja må difor bu seg, kjem dei borgarlege partia til makta i 2025, kan overføringane krympe så hardt at det blir langt færre tilsette. For: Hovuddelen av det statlege tilskotet er bunde opp i lønn- og sosiale kostnader, pensjon inkludert.
På Poll of polls snittmåling for november får Høgre, Venstre og Frp ei samla oppslutning på 45,4 prosent.
KrF nemner ikkje overføringane til Den norske kyrkja i sitt alternative statsbudsjett. I november krabbar Industri- og næringspartiet (INP) over sperregrensa. Partileiar Owe Ingemann Waltherzøe fortel Vårt Land at dei ikkje har noko alternativt statsbudsjett, men at INP «ønskjer å bevare kyrkja som ho er i dag».
«Lite gjennomtenkt»
Kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum refsar dei politiske varsla til trekløveret:
«Et overraskende kutt i hundremillionersklassen fremstår lite gjennomtenkt, og vitner om manglende kunnskap om kva kirken bidrar med i lokalsamfunn over hele landet», skriv ho i eit debattinnlegg i Vårt Land.
---
Den norske kyrkja
- Er delt inn i 1.164 sokn
- Har 1.331 presteårsverk.
- Får i år eit rammetilskot på 2,394 milliardar kroner.
- I alternative statsbudsjett kuttar Høgre, Frp og Venstre kraftig i tilskotet for neste år.
---