Nyheter

Fly med Gaza-evakuerte har landa på Gardermoen

Eit Norwegian-fly med 114 norske borgarar og personar med nær tilknyting til Noreg landa klokka 20.13 på Oslo lufthamn Gardermoen.

Dei 114 vart laurdag sleppte ut frå Gazastripa gjennom grenseovergangen Rafah til Egypt.

Dei evakuerte vart varetekne av norske styresmakter på eit mottakssenter i Kairo etter at dei kryssa grensa, og ved framkomst Gardermoen blir dei tekne imot av helsetenesta og eit mottaksteam frå Ullensaker kommune, skriv Utanriksdepartementet i ei pressemelding.

Statssekretær Ellen Moen Rønning-Arnesen (Ap) i Helse- og omsorgsdepartementet er til stades på mottakssenteret på Gardermoen måndag kveld.

80 norske borgarar var om bord i flyet som landa på Gardermoen laurdag. Fleire skal også ha valt å ordne heimreise frå Egypt på eiga hand, ifølgje UD.

– Det store fleirtalet av dei som har bede om hjelp frå Utanriksdepartementet, er no ute av Gaza – 217 norske borgarar og personar med nær tilknyting til Noreg. Det er eg svært glad for. Ein stor del av desse er barn som har levd med stor uvisse og under svært vanskelege forhold i lang tid, seier utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Ifølgje UD er det framleis i underkant av 60 norske borgarar eller personar med nær tilknyting til Noreg igjen i Gaza. Det er ulike grunnar til at desse ikkje har forlate Gaza enno.

– Utanriksdepartementet held fram med å jobbe for at alle attverande norske borgarar som ønskjer det, skal få komme ut av Gaza så raskt som mogleg, heiter det i pressemeldinga.

(©NPK)

NTB Nyheter

NTB nyheter

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter