Nyheter

Politiet skal etterforske Trine Frantzen-saka på nytt

NY ETTERFORSKING: Politiet vil i januar starte ei ny etterforsking av saka om Trine Frantzen, som forsvann i mai 2004.

Sidan Trine Frantzen (31) forsvann i Fana i Bergen i 2004, har forsvinningssaka vorte teken opp igjen fleire gonger – seinast i 2019.

No har politiet vedteke å ta opp att delar av saka igjen – i første omgang delar av den taktiske etterforskinga, i form av samtalar og avhøyr med enkeltpersonar, skriv Bergens Tidende.

– Desse etterforskingsstega vil bli gjennomførte på nyåret i januar, seier Tore Salvesen, politiinspektør i Vest politidistrikt, til avisa.

Politiet stadfesta i oktober i fjor til Dagbladet at dei ville gjennomføre nye avhøyr i saka, etter at NRK i september same haust skreiv at Cold Case-gruppa til Kripos hadde levert ein rapport om saka til Vest politidistrikt.

Salvesen seier til Bergens Tidende at grunnen til at det har teke såpass lang tid frå dei fekk rapporten til dei startar den nye etterforskinga, er at det har vore ei nedbemanning på drapsavsnittet før dei no er i ferd med å byggje seg opp igjen.

– Sidan det er nesten 20 år sidan, meiner vi at vi ikkje taper noko på å vente på eit vindauge der vi kan rigge etterforskinga skikkeleg, seier han.

Ein teori har vore at Frantzen, som tilhøyrde eit rusmiljø, vart drepen med ein overdose narkotika og deretter nedgraven. I 2019 vart 13 graver på Øvsttun gravplass i Bergen graven opp i søket etter kvinna.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter