Nyheter

Her vil gründerar bygga «Noregs Disneyland»

PARK: I ein skog ved Sandefjord er det planlagt ein familiepark som skal dra like mange besøkande som Dyreparken og Hunderfossen til saman. Det uroar lokale jordvernarar.

– Dette området er ein ressurs for matsikkerheita for framtida. Å gjera dette om til ein leikepark er absurd.

Hans Huseby står omringa av høge tre i ein skog dryge fem kilometer unna Sandefjord sentrum.

Den pensjonerte bonden har engasjert seg i kampen mot ein ny fornøyelsespark. Lillebyparken kan kosta opptil 4 milliardar kroner og har som mål om å dra like mange besøkande som Dyreparken i Kristiansand og Hunderfossen til saman.

Men parken er planlagt i eit område med 500 dekar dyrkbar jord. Den vil også ta eit område på 40 dekar som alt er dyrka.

Derfor møter planane motstand frå jordvernarar som Hans Huseby, som leiar organisasjonen Jordvern Vestfold. Han fryktar at eit stort område som kan brukast til matproduksjon, ender under asfalt og betong.

Meiner området kan gje brød til folket

Hans Huseby stig over nokre tre som sperrar stien. Han er pensjonert bonde.

– Hadde eg vore ein yngre bonde, ville eg kunne ha klara å nydyrka dette området på fem år. Då kunne dette området vore brukt til å produsera mat.

Lillebyparken

Han meiner området kan gje korn til over 500.000 brød i året.

– Du kan få 500 kilo korn per dekar, og du treng rundt ein halv kilo kveitemjøl for å laga eit brød. Dette området kan gje mat til mange, seier Huseby.

Men i staden for bugnande kornåkrar kan det om fem år koma ein stor fornøyelsespark i denne skogen.

Etter planen skal parken husa Lilleby brannstasjon, Vikingland, eit spøkelseshus og eit prinsesseslott. Eit hotell skal sørga for 1.700 sengeplassar. Barn og vaksne kan boltra seg i eit innandørs og utandørs badeland.

Vil ikkje snakke med media

For over 20 år sidan fekk illustratør Kurt Allan Sand ideen til Lillebyparken. Han er kjend for å ha teikna publikumssuksessar som Gråtass, Lilleby brannstasjon og Pelle Politibil. I dag er han dagleg leiar i Lillebyparken AS.

Prosjektet skal opp i planutvalet i Sandefjord kommune 22. november. Området er i dag regulert som LNF-område, som betyr at det skal brukast til landbruk, natur og friluftsliv. Planane er avhengig at av at kommunen opnar for å omregulere området.

Lillebyparken i Sandefjords blad

– Får me ja frå kommunen, blir det «grand opening» i 2028, fortalde Kurt Allan Sand i intervju med Østlands Blad i september.

Han har til Sandefjords Blad samanlikna Lillebyparken med Disneyworld i Florida, USA.

Når Vårt Land tek kontakt for å høyra kva han tenker om kritikken frå jordvernarane, viser Kurt Allan Sand til presseansvarleg Thomas Mackinnon.

– Me vil venta med å kommentera i media. Det er ei styrevedtak, seier Mackinnon til Vårt Land.

Reknar med 1,3 millionar besøkande i året

Det høge ambisjonsnivået til Lilllebyparken kjem fram på nettsidene til prosjektet og i planen som er sendt til Sandefjord kommune:

  • Prislappen vil kunne koma på 3 til 4 milliardar kroner.
  • Parken skal kunne gje økonomiske ringverknader på 3,2 milliardar kroner og skapa 1.150 nye arbeidsplassar.
  • Parken reknar med 1,3 millionar besøkande kvart år. Til samanlikning var besøkstala i fjor på 1,08 millionar i Dyreparken i Kristiansand, 450.000 i Tusenfryd og 250.000 i Hunderfossen.
y

Tal Vårt Land har henta inn, viser at Lillebyparken har fått 700.000 kroner i støtte frå Innovasjon Noreg.

Prosjektet vil basera seg på lokale investorar fram til tomta er ferdig regulert. Større aktørar kan koplast på etter kvart, står det i planen:

«Når reguleringsplanen er vedtatt, vil nasjonale og internasjonale aktører kobles på, både investorer og andre type samarbeidspartnere, for å etablere parken. Lillebyparken er et produkt som er lettere å selge inn til ikke-lokale investorer når det foreligger en ferdig plan som innebærer en redusert risiko.»

Lillebyparken

Opnar for å flytta tre og jord

Planane til Lillebyparken inneber å bygga på 500 dekar dyrkbar jord. Denne jorda har fått klassifiseringa «noko verdi» av Norsk institutt for bioøkonomi. Dette er den vanlegaste klassifiseringa for dyrkbar jord.

Området ligg aust for eit jorde som vart dyrka opp på 1980-talet som i dag produserer korn og erter.

I planen skriv Lillebyparken AS at eit overordna mål er å ikkje bygga ned dyrkbar eller dyrka jord. Selskapet vil vurdera tiltak som å flytta tre, gjenbruka jord internt ved å bygga vollar og grasplenar og nydyrke jord i andre erstatningsområde.

Lillebyparken har tinglyste opsjonsavtaler med alle grunneigarane.

– Moralsk ansvar å dyrka den maten me kan i Noreg

Når Hans Huseby møter Vårt Land, har han med seg leiar i Naturvernforbundet Vestfold, Christopher Gallaher.

– Me vart godt kjent då me jobba mot ei utviding av flyplassen på Torp, seier Gallaher.

No fokuserer dei på Lillebyparken. Også det lokale Bondelaget er med.

Lillebyparken

Riksrevisjonen kom torsdag med ein rapport som stadfesta at det var kritikkverdig at så mykje god matjord vert bygd ned, og at verkemidla for å ta vare på matjord er for svake. Nyleg gjekk landbruksminister Geir Pollestad (Sp) ut i Vårt Land og bad kommunar droppa å bygga ned matjord.

Huseby meiner utspela frå Pollestad er eit viktig politiske signal.

– Verda er like stor medan det blir fleire og fleire av oss menneska. Mange går svoltne. Då tenker eg at me har eit moralsk ansvar å dyrka den maten me kan i Noreg.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter