Nyheter

Støre lovar at norske jødar skal oppleve tryggleik i Norge

HAMAS-ISRAEL-KRIGEN: – Når nokon ropar Khaybar, Khaybar, ya yahud mot jødar, tyder det «drep jødane», fortel Zhira Beck. Statsministeren lovar at norske jødar skal vere trygge her i landet.

Orda blei ropt ut under ein demonstrasjon i Oslo sist sundag, fortel Zhira Beck til Vårt Land. Ho er nestleiar i Det Mosaiske Trossamfund (DMT) i Oslo, den største jødiske forsamlinga i Norge.

Under ei solidaritetsmarkering for Israel, utanfor Stortinget, stilte motdemonstrantar seg opp for å markere solidaritet med palestinarane.

Politiet opplyste at kring 500 personar deltok på Israel-markeringa, og om lag 50 personar på Palestina-markeringa.

Zhira Beck deltok på solidaritetsmarkering for Israel. Ho fortel Vårt Land at rop frå Palestina-markeringa var av tydeleg antisemittisk karakter.

– Nokon ropte Khaybar, Khaybar, ya yahud. Når nokon ropar Khaybar, Khaybar, ya yahud mot jødar, tyder det «drep jødane».

Historisk massakre

Historia bak orda er denne: I år 628 blei det utkjempa eit slag i Khaybar-oasen, i Hejaz-provinsen i dagens Saudi-Arabia. Under slaget skal hæren til profeten Muhammed retta klagemål mot jødane i Khaybar for å konspirere med andre jødiske stammer. Klagemålet blei brukt som grunngjeving for å massakrere jødane i Khaybar, forklarar Anti-Defamation League.

Heile ordlyden lyder Khaybar, Khaybar ya yahud, jaish Muhammad soufa ya’oud. Omsett til norsk blir det Khaybar, Khaybar, de jødar, Muhammeds hær vil komme tilbake.

Statsminister Jonas Gahr Støre besøker synagogen i Oslo.

Jødar er redde i Norge

Fredag fekk Zhira Beck besøk av statsminister Jonas Gahr Støre (Ap). Han kom til synagogen for å møte jødiske leiarar og snakke med jødiske vegvisarar som no reiser rundt på vidaregåande skular for å lære tenåringar meir om jødar og jødedom i Norge.

Støre fekk vite at norske jødar er redde. Ikkje alle foreldre sender barna i den jødiske barnehagen i Oslo, tenåringar vågar ikkje å gå med davidsstjerna på skulen, hatytringane i sosiale medium er harde og mange – jødar vågar ikkje å vise at dei er jødar.

Det kan komme ord og uttrykk i norske gater, i sosiale medium som er retta mot jødar

—  Jonas Gahr Støre (Ap), statsminister

«Må motverke hatprat»

– I Europa ser me no tydelege antisemittiske handlingar og ytringar, kva ser du av antisemittisme i Norge, Støre?

– Eg skal vere varsam med å trekkje direkte liner til antisemittisme. Men eg forstår at jødar i Norge er urolege i ei tid når så sterke inntrykk kjem frå Midtausten, frå Det heilage landet, etter ei grufull terrorhandling, og at det kan komme ord og uttrykk i norske gater, i sosiale medium som er retta mot jødar. Det må me motverke, seier regjeringssjefen til Vårt Land.

Støre vedgår at krigen mellom Hamas og Israel «set sterke kjensler i sving»:

– Men me må motverke hatprat, og antisemittisme og antimuslimske handlingar.

Har tru på handlingsplanar

– Kva blir gjort for å motverke antisemittisme?

– Me skal kjempe ned antisemittismen gjennom handlingsplanar og undervisning i skulen.

Støre understrekar at norske jødar skal oppleve det som trygt å vere jøde i Norge:

– Er her i dag for å vise at me ser dei, og me skal gje dei støtte og tryggleik.

Kraftig vekst i antisemittiske hendingar

Antisemittiske hendingar i Storbritannia aukar kraftig, melder Community Security Trust (CST). Frå Hamas gjekk til angrep på Israel 7. oktober og i dagane fram til 18. oktober registrerte den jødisk tryggingsgruppa heile 457 ytringar og handlingar som var retta mot britiske jødar.

CST skriv at dei aldri i nokon 12 dagarsperiode har registrert eit så høgt tal. Organisasjonen blei skipa i 1984.

Politiet var onsdag morgen på åstedet for å etterforske nattens brannbombeangrep. Foto: Markus Schreiber / AP / NTB

Brannbomber mot synagoge

Natt til onsdag kasta ukjende gjerningspersonar to brannbomber mot ein synagoge i Berlin, skriv forsamlinga på meldingstenesta X.

Tysk politi stadfestar angrepet, og opplyser at dei registrerer ein tydeleg auke i antisemittiske hendingar etter at Hamas gjekk til angrep mot Israel 7. oktober.

Israelske flagg heist i solidaritet framfor tyske rådhus blir rivne ned og tent på.

Fleire bygningar der det bur jødar i Berlin har fått påmålt davidsstjerner på dører og vegger.

Rias, ein statleg, tysk organisasjon som dokumenterer antisemittisme, rapporterer at sidan 7. oktober har dei bokført 202 hatefulle hendingar, retta mot tyske jødar.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter