Nyheter

Nok eit steg unna 2030-målet for karbonkutt

KLIMA: 2030 rykker stadig nærmare, men Noreg er framleis langt unna ambisiøse klimamål. – Eg er redd det kan skapa politikarforakt og apati, seier leiar i Naturvernforbundet.

I statsbudsjettet kikkar regjeringa inn i spåkula og anslår kor mykje klimagassar Noreg kjem til å sleppa ut i 2030, om dagens klimapolitikk blir vidareført.

Fasiten er at regjeringa ser for seg at det i 2030 blir sleppt ut 38,8 millionar tonn klimagassar. Det er langt unna måla i Parisavtalen og dei ekstra strenge måla Noreg har sett for seg sjølv.

– Eg er redd det kan skapa politikarforakt og apati når politikarar lover ambisiøse klimamål, men det er tydeleg at dei ikkje har politikk for å nå desse måla. Eg er uroa over kva konsekvensar det kan ha for demokratiet, seier Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet, til Vårt Land.

Også Frode Pleym, leiar i Greenpeace, er uroa.

– Regjeringa og store parti fører ein villa politikk som gjer at me ikkje møter klimamåla. Det er totalt uansvarleg og kan skapa politikarforakt. Men det treng ikkje vera slik.

Anja bakken Riise

Anja Bakken Rise, leiar i Framtiden i våre hender kallar det er «uforståeleg» at regjeringa på ny legg fram prognosar som sår tvil om Noreg kan nå 2030-måla.

– Me har ikkje tid til slikt. Dette tyder diverre på at Jonas Gahr Støre sitt klimaengasjement ikkje når spesielt langt.

Forsterka klimamål

I november i fjor melde Noreg inn eit forsterka klimamål under Parisavtalen. Det betyr at Noreg skal redusera utsleppa av klimagassar med minst 55 prosent i 2030 samanlikna med nivået i 1990. Dette målet ønsker regjeringa å få inn i klimalova, som ligg til behandling i Stortinget.

Det nye utsleppsmålet inneber at Noreg berre skal sleppa ut 23 millionar tonn klimagassar i 2030. Det er langt lågare enn regjeringas framskriving på 38,8 millionar tonn.

– Regjeringas klimamål er riktige, men klimapolitikken er urealistisk og heng ikkje på greip. Regjeringa har ingen plan for å nå eigne klimamål, seier Gulowsen i Naturvernforbundet.

– Kva må verkeleg til, skal me nå måla for 2030?

– Det som opplagt hadde monna aller mest er å bli einig om å slutta å leita etter nye olje- og gassfelt. Så er det å få trafikk og tungtrafikk over på båt, bane og nullutsleppstransport.

Også Frode Pleym i Greenpeace peiker på den norske olje- og gassnæringa.

– Det som monnar mest er til dømes å stenga dei mest forurensande olje- og gassfelta, som dei eldre felta i Nordsjøen.

Viser til metangass

I fjor, då regjeringa la fram statsbudsjettet for 2023, var anslaget at Noreg kom til å sleppa ut 38,6 millionar tonn klimagassar i 2030. Anslaget for 2024 er dermed oppjustert med 200.000 tonn.

Regjeringa skriv at største grunnen til denne oppjusteringa, er knytt til klimagassen metan. Klimagassar blir rekna om til CO₂-ekvivalentar etter ein spesiell metode. Ei endring i denne utrekninga gjer at metanutslepp no blir vekta ein del høgare enn før.

La fram Grøn Bok

Fredag førre veke la klima- og energiminister Espen Barth Eide (Ap) fram regjeringas klimabudsjett- kalla Grønn Bok. Denne vart for første gong langt fram i fjor.

I Grøn Bok er det talfesta klimautsleppskutt for dei kommande åra. Målet er å tella klimautslepp like nøye som kroner og øre i statsbudsjettet.

Espen Barth Eide (Ap) har lova å få Noreg i rute for Paris-avtalen.

I samband med statsbudsjettet la regjeringa fram verkemiddel som skal kunne føra til utsleppskutt på 6,4 tonn. Desse kutta kjem i ikkje-kvotepliktig sektor, som i hovudsak dekker transport og jordbruk.

Dei nye CO₂-kutta anslår regjeringa vil koma frå dette:

  • Utviding i CO₂-avgifta – 1,4 mill. tonn
  • Auka bruk av biodrivstoff – 2,7 mill. tonn
  • Satsing innan vegtransport, industri, skipsfart og bygge- og anleggsplassar – 0,5 mill. tonn
  • Utsleppsreduksjonar i jordbruket – 1,8 mill. tonn

Biodrivstoff får stryk

Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet meiner regjeringa legg for stor vekt på biodrivstoff for å nå klimamål.

– Det største enkelttiltaket regjeringa no legg vekt på, er biodrivstoff. Det kan bidra til store miljøøydeleggingar, og fører ikkje til store strukturelle endringar.

Christian Eriksen, fagsjef i Bellona kallar det «grønmåling». Han skriv i ei pressemelding:

«Som eksempel grønnmaler regjeringen budsjettet med biodrivstoff – halvparten av de nye kuttene skal komme fra biodrivstoff som har svært omdiskutert klimaeffekt. Dette viser hvor dårlig det står til med norsk klimapolitikk. Biodrivstoff gir ingen reell omstilling, men koster penger som kunne vært brukt på reelle tiltak og tar verdifulle bio-ressurser fra andre land. I 2030 vil dette bare se dumt ut.»



Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Nyheter