Nyheter

Regjeringa fryktar integreringsproblem om dei hentar 2.000 kvoteflyktningar

STATSBUDSJETTET: Rekordmange menneske er flyktningar, men regjeringa halverer talet på kvoteflyktningar.

Nesten 110 millionar menneske er på flukt i verda i dag, opplyser FN. Rundt 46 millionar har kryssa ei landegrense. Justisminister Emilie Mehl (Sp), som har ansvaret for asyl- og flyktningpolitikken, melder i statsbudsjettet at Norge har berre høve til å ta 1.000 kvoteflyktningar – eller overføringsflyktningar – neste år.

Justisdepartementet forklarar det slik:

«Regjeringa meiner at talet på overføringsflyktningar må sjåast i samanheng med talet på asylsøkarar og andre innvandrings- og integreringsutfordringar i Noreg. Noreg har vore blant landa som har teke imot flest overføringsflyktningar dei siste åra, sett i forhold til folketalet. Krigen i Ukraina har leidd til historisk høge asylinnkomstar til Noreg. Nivået for 2024 er òg venta å vere høgare enn normalt. Derfor foreslår regjeringa å redusere kvoten for overføringsflyktningar frå 2.000 plassar i 2023 til 1.000 plassar i 2024.»

FN vel ut dei som kan få kome til eit nytt land som kvoteflyktning. Utlendingsforvaltninga reiser så ut og plukkar dei Norge vil ha, etter at regjeringa har gjeve føringar om kva grupper ein vil skal få kome til landet.

Folkehjelpa: Eit svik

Reaksjonane på halveringa er sterke:

– Når behovet for å stille opp er størst, er det eit stort svik at regjeringa foreslår å kutte talet overføringsflyktningar til 1.000, seier Milena Tevanovic i Norsk Folkehjelp, som vil at kvoten skal vere på 5.000

— Det dramatiske kuttet i kvoteflyktningsplassar er beklageleg og uforståeleg, seier Flyktninghjelpens generalsekretær, Jan Egeland.

Røde Kors seier det er urovekkjande at regjeringa vil halvere:

– Kvoteordninga er ein av få trygge vegar til Norge for barn og vaksne som treng vern, seier generalsekretær Anne Bergh i Røde Kors, som vonar at Stortinget pressar opp talet.

Redd for integreringsproblem

Støre-regjeringas kvotekutt er det andre på to år. I 2022 tok Norge 3.000, i år blei det 2.000 - og kanskje blir det berre 1.000 neste år.

– Kva slags signal er dette frå rike Norge?

Vårt Land spør finansminister Trygve Slagsvold Vedum:

– I Hurdalsplattforma gjorde me det klart at dersom det blei stor tilstrøyming, så ville me ta ned talet på kvoteflyktningar. Men 1.000 kvoteflyktningar er 250 fleire enn då Kjell Magne Bondevik var statsminister. Me meiner 1.000 er eit rett tall når det er så stor tilstrøyming frå Ukriana, svarar han, og legg til:

– Ei anna sak er at me må lukkas med integreringa. Dersom ikkje kan det komme til å skape konflikt og motsetningar, slik me ser i andre land som ikkje lukkast med dette.

Dyrare å få familie til Norge

Det skal også bli dyrare å få familien hit på familiesamling:

«Regjeringa foreslår òg å auke gebyra for søknader om opphald i Noreg, slik at dei dekker kostnadene til behandling av søknadene. Forslaget inneber å auke gebyret for vaksne for bl.a. søknader om familieinnvandring, opphald for arbeid og studium og permanent opphald.»

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Per Anders Hoel

Per Anders Hoel

Per Anders Hoel har vært politisk journalist i Vårt Land siden 1990. Har også vært redaksjonssjef og administrativ redaktør i avisen. Har du tips om saker, send mail til per.anders.hoel@vl.no.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter