– Vi lever i ei krevjande økonomisk tid. For å bidra til føreseielegheit hos hushalda foreslår vi å føre vidare straumstønadsordninga som ei time-for-time-løysing, med stønadsgrad på 90 prosent for heile året. Hushaldskundar av nærvarmeanlegg som baserer seg på straum, skal også få støtte, seier olje- og energiminister Terje Aasland.
Regjeringa foreslår at terskelverdien for stønad blir prisjustert frå 70 til 73 øre per kilowattime frå 1. januar 2024. Staten betaler 90 prosent av kraftprisen over dette nivået.
[ Statsbudsjettet: Norge vil kun ta 1.000 kvoteflyktninger ]