Nyheter

Tidlegare regjeringsråd: Hugsar ingen lobby-unntak i Finnes-avtale

LOBBY: Både NHO-topp Stein Lier-Hansen og Sindre Finnes hevder det var fleire unntak i lobby-forbod. Tidlegare regjeringsråd Nina Frisak seier ho ikkje erindrar nokon unntak.

Før Erna Solberg tok til som statsminister, møtte Statsministerens kontor Sindre Finnes til ein samtale. Regjeringsråd Nina Frisak var med på dette møtet.

Møtet tok opp forhold som kunne ha innverknad på påtroppande statsminster Erna Solbergs habilitet.

Etter møtet sendte SMK ut eit notat, der dei kjem med fleire tilrådingar både om Sindre Finnes sitt arbeidsforhold og aksjehandel. Det kjem fram at Sindre Finnes driv nettverksbygging mot fleire departement, og SMK kjem med ei klar tilråding:

«Vi forstår det slik at Sindre Finnes av hensyn til påtroppende statsministers habilitet i sitt arbeid ikke vil kontakte statsråder/politisk ledelse i departmentene. Vi er enige i dette.»

Sist veke avdekka Vårt Land at Sindre Finnes dreiv lobbyarbeid opp mot media og SMK august 2020. Etter artikkelen var publisert, har Stein Lier-Hansen hevda at det var avtalte unntak i ein avtale med SMK om at Sindre Finnes kunne driva lobbyverksemd. Sindre Finnes seier det same til Vårt Land.

Nina Frisak var regjeringsråd i 2013. Ho seier til Vårt Land:

– Eg har ingen erindring om noko unntak.

Kjenner igjen avtalen, men ikkje unntak

Nina Frisak er jurist og var frå 2001 til 2016 regjeringsråd ved Statsministerens kontor. Tittelen gjorde henne til den øvste embetspersonen i Norge. Ho har også vore dommar i Høgsterett frå 2000 til 2001.

w

Vårt Land har spurt Sindre Finnes om lobby-avtalen han hadde med SMK. Han svarer via advokat Thomas Skjelbred:

«Sindre Finnes opplyser at han høsten 2013 var enig med daværende regjeringsråd Nina Frisak, om at han ikke skulle ha politisk kontakt eller møter med departementene i tiden Erna var statsminister, med noen avtalte unntak, blant annet knyttet til etableringen av Grønt skipsfartsprogram.»

Vårt Land har formidla dette til Nina Frisak. Ho seier ho kjenner igjen den generelle avtalen som vart gjort, men har inga erindring om noko unntak.

Heller ikkje notatet SMK sendte Finnes, nemner noko unntak frå lobby-forbodet.

Vårt Land har spurt Sindre Finnes om han ønsker å kommentera saka. Advokaten svarer han ikkje har yttarlegare kommentar. Heller ikkje Stein Lier-Hansen vil kommentera uttalinga frå Nina Frisak.

Gav garanti

Etter det kom fram at Sindre Finnes handla aksjer minst 3.600 gonger medan kona Erna Solberg var statsminister, rykka arbeidsgjevaren hans Stein Lier-Hansen ut i VG.

I intervjuet fortalte leiaren i Norsk Industri at dei inngikk ein avtale med Statsministerens kontor (SMK), då Solberg tok over som statsminister i 2013.

– Avtalen som vart inngått med SMK, var at Finnes ikkje skulle vera involvert i nokon saker knytt til regjering, noko departement eller lobby, sa Lier-Hansen til VG.

Etter at Vårt Land avdekka Sindre Finnes sitt lobbyarbeid i august 2020 har Lier-Hansen endra forklaring. Han seier det var gjort «nokre unntak» i avtalen med SMK. Eit av unntaka var knytt til Grønt skipsfartsprogram, omtala i Vårt Land, eit anna unntak omtala i VG om ei satsing på legemiddelindustri i Norge.

Norsk Industri: Ei intern personalsak

Vårt Land har spurt Stein Lier-Hansen om å få avtalen som han viser til mellom Norsk Industri og SMK.

– Denne forståinga mellom Norsk Industri og SMK meiner me er ei intern personalsak, som me ikkje deler, svarer Stein Lier-Hansen på e-post til Vårt Land.

Vårt Land har vidare spurt korleis avtalen vart formulert, kven som var partane i avtalen, og kva innhaldet gjekk ut på. Lier-Hansen svarer på e-post:

– Utover det me har uttalt oss om saka, så har me ingen yttarlegare kommentarar.

SMK viser til notat frå 11. oktober 2013

Vårt Land har spurt SMK om saka. Anne Kristin Hjukse, kommunikasjonssjef ved SMK, viser til møtet i 2013 mellom SMK sitt embetsverk og Sindre Finnes, og notatet som SMK sendte til Finnes i etterkant.

Notatet vart sendt ut 11. oktober 2013, få dagar før Erna Solberg gjekk på som statsminister.

– Vi kjenner ikkje til vidare oppfølging av dette notatet, men kan ikkje utelukke at det har vore ytterlegare dialog, seier Hjukse til Vårt Land.

Sindre Finnes fekk lov av arbeidsgjevar Norsk Industri til å driva lobbyarbeid for skipsfartsprogram. Han eigde også aksjar i selskap som var partnar i programmet. – Dette må ein gå etter i saumane, seier professor og Civita-tilsett.

Dreiv nettverksbygging mot departement

I notatet kjem det fram at Sindre Finnes har opplyst SMK at han driv nettverksbygging opp mot ulike departement. Hovudsakleg gjeld dette Finansdepartementet og dåverande Nærings- og handselsdepartementet, i tillegg til fire andre departement.

Sindre Finnes er fagsjef i NHO-foreininga Norsk Industri.

I tillegg til å ta opp at Finnes ikkje skal kontakta statsråder eller politisk leiing i departementet, kjem SMK med råd om at Sindre Finnes ikkje bør opptre som rådgjevar for bedrifter og aktørar opp mot staten i enkeltsaker. SMK skriv det «synes mindre problematisk» om Sindre Finnes jobbar opp mot kommunar.

SMK rår Sindre Finnes frå å ha ei aktiv rolle ovanfor Stortinget «av omsyn til korleis dette framstår utad» og fordi Stortinget har større innverknad på utfallet av saker under ei mindretalsregjering.

Då Erna Solberg tok til som statsminister hausten 2013, var det i mindretalsregjering mellom Høgre og Framstegspartiet.

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

VL anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter