Nyheter

Frivillige slår alarm: – Humanitær krise i Noreg

FATTIGDOM: Frivillige organisasjonar slår alarm før statsbudsjettet og seier det er ei humanitær krise i Noreg no.

TV 2 skriv at frivillige organisasjonar samlar seg i eit felles opprop til regjeringa. Kirkens Bymisjon, Røde Kors og Frelsesarmeen slår alarm.

– Ein må kunne seie at det er ei humanitær krise at såpass mange menneske ikkje har mat på bordet til barna sine i dag, seier generalsekretær Adelheid Firing Hvamsbal i Kirkens Bymisjon.

Ingvill Alisøy-Gjerløw i Røde Kors seier vi står i ei sosial krise, medan seksjonsleiar Elin Herikstad seier at det absolutt er ei krise når 50 prosent av dei som møter opp for å få utlevert mat, er småbarnsfamiliar.

Organisasjonane seier at pågangen til matutleveringsstadene har auka dei siste månadene.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter