Hjelpebehova er enorme. FNs kartlegging fortel at nær 18 millionar ukrainarar treng humanitær hjelp. No.
Snart går den krigspinte nasjonen inn i krigsvinter nummer to.
– Eg ser og høyrer at folk endrar synet på krigen. Lenge vona ein at han snart var slutt. No bur folk seg på at krigen trekkjer i langdrag, fortel Tetiana Stawnychy til Vårt Land.
Toppsjefen i Caritas Ukraina er i Norge for å vitje søsterorganisasjonen Caritas Norge – og ukrainske flyktningar som har komme hit. Sidan februar 2022 har snart 62.000 ukrainarar søkt asyl.
Møtet med landsmenn – og kvinner blei spesielt for Stawnychy. Dei ville særleg vite korleis ho sjølv hadde klart å ta vare på det ukrainske, i eit framand land.
Familien var flyktningar
Tetiana Stawnychys ukrainske foreldre og besteforeldre kom til USA etter andre verdskrig. Som flyktningar. Då krigen gjekk mot slutten valde besteforeldra å bryte opp frå alt som var kjent. Dei tok barna med seg.
– Dei flykta frå sovjetkommunismen, dei sat fem år i transittleir i Tyskland før dei fekk reise til USA.
Stawnychy vaks opp i eit ukrainsk samfunn, i USA. Ho lærte språket, bevarte kulturen, blei engasjert i ei gresk-katolsk migrantkyrkje. Og lengta etter det andre heimlandet.
[ Kommentar: Viktig melding til uroa politikarar. Vis oss kva du held på med ]
Kom heim i 2001
I 2001 kunne ho flytte til Ukraina. Tetiana Stawnychy opplevde på mange måtar at ho kom heim. I 15 år var ho utviklingsdirektør i Ukrainas gresk-katolske kyrkje.
For to år sidan takka ho ja til å bli landssjef for Caritas i Ukraina. Den katolske kyrkjas hjelpeorganisasjon er mellom verdas største. I Ukraina er Caritas store.
– Etterspurnaden etter hjelp er enorm, fortel Stawnychy.
Arbeider med lokale kyrkjer
I Ukraina har Caritas 44 senter. Her blir humanitær hjelp pakka og distribuert, ut til nesten 500 knutepunkt, som deler ut naudhjelpa.
– Mat, vatn, klede og legemiddel er sterkt etterspurt. Me når ut til svært mange, over heile Ukraina, for me samarbeider med eit nettverk av lokale kyrkjer, seier Stawnychy.
Dei mest utfordrande oppdraga går til område som er blitt frigjort, der russiske styrkar er blitt jaga ut. Her er så å seie alt knust av krigen.
Etterspurnaden etter hjelp er enorm
— Tetiana Stawnychy, president Caritas Ukraina
Forlet ikkje husa
Caritas` mobile lag oppsøkjer også dei som bur isolert langs frontlina i aust og sør. Her er tilgangen på det mest naudsynte svært dårleg.
– Eldre menneske er lite mobile. Så når mange ukrainarar blir internflyktningar, blir dei eldre att i landsbyane. Desse er viktige å nå med hjelp.
– Eit anna aspekt er at ukrainarar flest er svært knytte til huset sitt, til landsbyen sin. Når krigen øydelegg hus og heim, kan me hjelpe til med å reparere hus og syte for varme til vinteren, ved eller kol.
Bomba naudhjelplager
Caritas opplever også å bli mål for den russiske invasjonsstyrken. 19. september blei eit naudhjelpslager i Lviv, vest i landet, treft. Ingen liv gjekk tapt, men 300 tonn med naudhjelp brann opp.
33 pallar med matøskjer, ti pallar med hygieneprodukt, hermetikk, generatorar og klede gjekk tapt.
FN melder at åtak på naudhjelpslager har eskalert gjennom året – og råkar dei som treng det meste.
Slit med traume
Økonomen og teologen Stawnychy fortel at Caritas evnar å tilby noko meir utover det mest basale:
– Behovet for psykososial hjelp er svært stort. Difor er slik hjelp integrert i programma våre.
Ho dreg fram eit døme: Når mødrer med barn blir samla, kjem ofte sterke kjensler til uttrykk. Mange har ein mann, ein slektning ved fronten, eller kjenner ein som kjempar mot den russiske invasjonshæren, mange har eit familiemedlem eller kjenner nokon som har flykta frå landet.
– I Ukraina slit mange med traume. Medan fleire får hjelp individuelt, kan andre få hjelp i ei gruppe.
[ Naturvernleiar ber om kraftstopp i Finnmark ]
Byggje opp normale liv
– Kva kan Caritas hjelpe med?
– Me hjelper folk med å byggje opp att det normale livet, finne tilbake til kvardagen. 40 prosent av våre frivillige er sjølv internflyktningar.
Tetiana Stawnychy meiner Caritas har noko andre hjelpeorganisasjonar ikkje har.
– Me er ein trusbasert organisasjon, som arbeider saman med lokale kyrkjer folk stolar på. Gjennom psykososialt arbeid vil folk oppleve å bli heile igjen.
– Hugs at landet rundt sit ukrainarar i bomberom, dag etter dag.
---
Caritas
- Er den katolske kyrkjas hjelpeorganisasjon.
- Er eit av verdas største humanitære nettverk – 165 medlemsorganisasjonar verda over og opererer i over 200 land og område.
- Utanriksdepartementet har til no gjeve 80 millionar kroner til bruk i Ukraina, som går via Caritas Norge.
---