Nyheter

Armenia: 65.000 har forlate Nagorno-Karabakh

Over halvparten av befolkninga i Nagorno-Karabakh har forlate regionen i etterkant av Aserbajdsjans militære innblanding førre veke, ifølgje Armenia.

Ein talsperson for Armenias statsminister opplyser at 65.036 personar har kryssa grensa inn til Armenia frå regionen, melder Reuters. Nagorno-Karabakh hadde før militærinnblandinga ei befolkning på rundt 120.000.

Aserbajdsjan tok etter ein lynoffensiv førre veke tilbake kontrollen over utbrytarregionen Nagorno-Karabakh frå armenske separatistar. Regionen er internasjonalt anerkjend som ein del av Aserbajdsjan, men har vore styrt av armenske separatistar i over 30 år.

Les mer om mer disse temaene:

NTB Nyheter

NTB nyheter

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter