Nyheter

Kyrkje deler ut gratis lunsj til skuleelevar

MAT: Ein dag i veka deler kyrkja ut gratis suppe til skuleelevar i ein bydel i Drammen. I området lever mange familiar som har dårleg råd.

Det er stille før stormen i Fjell kyrkje i Drammen. Utanfor står skiltet som lokkar med gratis tomatsuppe. Inne er det sett ut bord og stoler til dei rundt hundre ungdommane som skal koma.

Diakon Ingeborg Drange har ei stor suppegryte i hendene.

– Det starta med at kyrkja inviterte til vaffel og kake i lunsjtider. Tanken var å nå ut til folk som er heime på dagtid. Men så kom det mange skuleelevar. Då begynte me også å servera gratis suppe, fortel ho.

Det var starten på ein tradisjon som har vara i over ti år: Ein dag i veka inviterer Austad Fjell kyrkjelyd ungdomsskuleelevar til gratis suppe i storefri.

Nokre av elevane våre har behov for å få gratis mat.

—  Ida Fossen Nomerstad, lærar

Heng med vener og speler bordtennis

– Det luktar godt!

Ei jente roper ut i det ho kjem inn i kyrkja. Bak henne strener eit tjuetals jenter.

Dei får kvar sin porsjon suppe og nokre kjøper vaflar. Stadig nye grupper med ungdom kjem inn i kyrkjebygget.

Ein gut sit bøygd over tallerkenen sin, omringa av kompisar.

– Dei er snille folk, dei som lagar mat til oss, seier han til Vårt Land mellom munnfullane med suppe.

Nabokafeen i Fjell kirke

Eine kompisen hans et ikkje suppe, han seier han har hatt med seg matpakke i dag.

– Eg likar å koma innom her og henge med vener. Av og til speler me bordtennis i kjellaren etter skuletid.

Plaga med påsette brannar

Elevane går på Galterud ungdomsskule. Den ligg i bydelen Fjell i Drammen, eit område der mange har ikkje-vestleg bakgrunn. Skulen har vore prega av uro, og i vår var det åtte eldspåsettingar på skuleområdet.

Skulen har i kjølvatnet av brannane tilbode gratis varmmat, for å skapa samhald og hindra utanforskap. Det melder NRK.

Ida Fossen Nomerstad er lærar ved Galterud ungdomsskule. Ho fortel at skulen denne hausten førebels ikkje har fått på plass gratis skulemat.

– Skulen jobbar no med å få dette på plass igjen. Dette fantastiske tilbodet til Fjell kyrkje er det me no har for å tilby ungdommane gratis lunsj, seier ho.

Nabokafeen i Fjell kirke

I bydelen Fjell i Drammen lever mange nær og under fattigdomsgrensa. Ifølgje Dagsavisen veks 41 prosent av barna i Fjell opp i hushald prega av låginntekt.

– Nokre av elevane våre har behov for å få gratis mat. Men andre kjem her berre for å vera sosiale, seier lærar Ida Fossen Nomerstad.

Rektor ved Galterud skule, Simon E. Jara, opplyser til Vårt Land at skulen framover kjem til å ha gratis matservering to dagar i veka. Serveringa tek til etter haustferien, og det er Bahai-forsamlinga som står bak serveringa. Elevane skal hjelpe til med rydding.

Trur mat er viktig for elevane

Også diakon Ingeborg Drange har inntrykk av at gratis mat er viktig for ein del av elevane.

– Ein kan lura på om nokon av elevane ikkje har fått mat før dei kjem her. Dei forsyner seg godt, nokon tek tre til fire porsjonar. Men så er det også mange unge gutar som veks og et mykje, seier ho og legg til:

– Me har fått signal frå skulen og foreldra om at denne lunsjen er viktig.

Brukt hundrevis av millionar på områdeløft

Stat og kommune har brukt hundrevis av millionar kroner på områdesatsing i bydelen. Prosjektet med namn Fjell 2020 har inkludert bygging av idrettshall og aktivitetshus, nytt kunstgras på fotballbana og opparbeiding av uteområde.

Trass pengebruken kan ein ikkje påvisa at prosjektet har nådd målet om auka sysselsetting og færre på låginntekt i 2020 samanlikna med 2021. Det skriv konsulentselskapet Rambøll i ei evaluering.

Vil visa at det ikkje er farleg å gå i kyrkja

Ein av dei frivillige som hjelper til med lunsjen, er Brit Ornum. Ho seier lunsjen også er viktig for å gjera unge trygge på kyrkja.

Nabokafeen i Fjell kirke

– Mange av ungdommane som bur i bydelen, har innvandrarbakgrunn. Det er fint å visa at det ikkje er farleg å gå i kyrkja.

Det begynner å nærme seg neste skuletime. Lærarane roper med seg dei som er igjen. Diakon Ingeborg Drange vinker farvel til dei siste elevane som går ut.

– Me er heldige som har gode frivillige til å hjelpa oss. Men me treng alltid fleire frivillige, avsluttar ho.


Endringslogg:

Oppdatert tysdag 26. september klokka 09.45 med kommentar frå rektor ved Galterud skule.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter