Dette seier Erlend Wiborg, innvandrings- og integreringspolitisk talsperson i Framstegspartiet, til Vårt Land.
– Eg forventar at regjeringa ikkje er så passiv her som statssekretæren er i dette tilfellet, utdjupar han.
Venstres Ola Elvestuen seier det same:
– Her er regjeringa altfor passiv. Dei store pengestraumane som går ut av Norge og til Eritrea må bli stoppa.
Sverige: Regjeringa vil handle
Torsdag fortalde Vårt Land at Sveriges utanriksminister Tobias Billström varslar eit oppgjer med Eritrea og landets inndriving av ein eksilskatt mellom eritrearar som har flykta frå landet:
– Regjeringa kjem til å handle. Regjeringa har ikkje gjeve Eritrea løyve til å drive inn skatt i Sverige.
Til Sveriges Radio seier den svenske utanriksministeren at dei vil stoppe inndrivinga av toprosentsskatten som eritrearar i eksil opplever som rein utpressing. Billström representerer Moderaterna, Sveriges Høgre.
– No må Norge gjere det same som Sverige; handle, seier Elvestuen til Vårt Land.
Huitfeldt let statssekretæren svare
Då Eritrea blei sjølvstendig i 1993 innførte staten ein «rehabiliterings- og gjenoppbyggingsskatt for eritreere busett utenfor landet», opplyser Landinfo, utlendingsforvaltningas fagorgan.
Eksilskatten på to prosent av årslønna er langt frå frivillig. Eritreiske flyktningar i Norge fortel Vårt Land om svært hardhendt innkrevjing. Praksisen er den same i land som har gjeve opphald til flyktningar frå Eritrea.
Vårt Land stilte utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) spørsmål om eksilskatten, eller toprosentsskatten. Ho let statssekretær Andreas Kravik (Ap) svare:
[ Eritreisk flyktning i Norge: – Støre-regjeringa må stoppe skatteinnkrevjinga ]
UD: Gå til politiet
«Eritreiske myndigheter og deres representanter har ikke anledning til å inndrive skatt av eritreiske borgere i Norge», skreiv han i ein e-post til Vårt Land.
Men statssekretæren i UD varsla ikkje tiltak frå regjeringa si side:
«Det er viktig at personer som er utsatt for ulovligheter i Norge tar kontakt med politi- og justismyndigheter, som er de rette instanser i denne forbindelse.»
---
Eritrea
- President Isaias Afwerki har styrt Eritrea sidan landet reiv seg laus frå Etiopia i 1993.
- Kvart år rømmer tusental frå den lange, brutale samfunnstenesta.
- Kring 28.000 eritrearar bur i Norge. Dei første kom i tiåra fram til sjølvstende i 1993, og mange er lojale mot president Isaias Afwerki, som er blitt ein eineveldig statssjef.
- I åra 2015-2020 har vel 15.000 eritrearar søkt og fått opphald og vern i Norge, opplyser Utlendingsdiretoratet.
- I sommar har eritrearar støytt saman i Norge, Sverige og Danmark.
---
Skal skatte til Norge, ikkje til Eritrea
Svara frå Kravik får Frps Erlend Wiborg til å reagere. Han meiner statssekretæren utviser ei alt for passiv haldning, på vegner av utanriksminister Huitfeldt:
– Regjeringa må på banen på lik line med den svenske. Ein må vere krystallklar på at eksilskatten er ein uakseptabel praksis – og politiet må få klar beskjed om å prioritere dette, seier Frps talsperson og held fram:
– I Norge er det norske lover og reglar som gjeld. Er ein busett i Norge er det hit ein skal skatte, ikkje til Eritrea. Eksilskatten, som blir kravd inn med hjelp av truslar og press, viser fram reine mafiatilhøve. Då kan ikkje regjeringa vere så passiv. Dersom regjeringa ikkje tek tak i dette no vil eg ta saka opp i Stortinget og fremme konkrete forslag for å få sett ein stoppar for innkrevjinga av eksilskatten.
Vårt Land kjenner til at fleire har meldt den ulovlege innkrevjinga av eksilskatten til politiet, men sakene er blitt lagde vekk.
[ Strid om patriark delte eritreisk kyrkje i Norge i to ]
Dei som ikkje betalar blir straffa
På heimesida til Eritreas ambassade for Norden står det at alle som ønskjer nytt pass «må innfri alle nasjonale plikter, inkludert 2 % betaling frå 1992».
I Nederland finansierte utanriksdepartementet ein studie av praksisen i sju land, mellom annan Norge, The 2% Tax for Eritreans in the diaspora. Rapporten fortel at eritrearar som ikkje betalar skatten, blir nekta tenester ved eritreiske utanriksstasjonar, og familien i Eritrea kan bli straffa.
Rapporten frå Nederland har rekna ut den årlege verdien på skatten: Minst 100 millionar dollar.
Analyseselskapet Proba har levert to rapportar til to departement, i 2020 og 2023, som fortel korleis skatten blir kravd inn i Norge – med hjelp av press og kontroll.
– Regjeringa må følgje opp funna i desse rapportane, krev Venstres Elvestuen.