Nyheter

Dette er tre ubesvarte spørsmål i Solberg-saka

POLITIKK: Høgre har varsla at dei skal legga fram ei tidslinje i saka om Sindre Finnes sine aksjekjøp. Her er nokre av spørsmåla som førebels ikkje er svara på.

Fredag sist veke la Høgre fram lista som viser at Sindre Finnes gjorde over 3.600 aksjehandlar medan Erna Solberg (H) var statsminister.

Lista vart offentleggjort fire dagar etter valet, der Høgre for første gong på nesten 100 år vart Noregs største parti.

Sidan lista vart lagt fram, har det komme fleire nyheitssaker om Finnes sine aksjehandlar. No varslar Høgre at partiet vil legga fram ei tidslinje over kva som har skjedd i saka. Den skal koma tysdag, men det er førebels uklart når ho kjem.

Vårt Land presenterer tre av spørsmåla som førebels ikkje er svara på.

Oppdatering: Tidslinja frå Høyre vart lagt fram klokka 19.30 tysdag kveld.

1: Kvifor fekk Sindre Finnes ansvar for å laga oversikta?

Fredag 8. september seier Erna Solberg at ho vil be ektemannen Sindre Finnes om å laga ei oversikt over alle aksjehandlane i tida ho var statsminister.

To dagar før hadde E24 publisert ei sak om at Sindre Finnes handla aksjar minst 22 gonger dei siste fire månadane Solberg var statsminister. Ifølgje VG hadde Erna Solberg kort tid før saka vart publisert fått oversendt lista med dei 22 aksjehandlane.

Fredag ber altså Solberg ektemannen om å laga ei oversikt. Dette er same dagen som det ifølge Høgre-nestleiar Henrik Asheim blir klart at det er usikkert om Finnes har snakka sant.

– Det som skjedde på fredag var at ein fekk ein veldig dårleg følelse for at det kunne vera meir enn det me no trur, sa Asheim i Politisk kvarter i NRK, tysdag morgon denne veka.

Asheim sa også:

– Det var først på fredag at ein skjønte at dette kunne vera løgn. Det er også då ein ber om å få ei total oversikt.

2: Fekk Sindre Finnes ei tidsfrist?

Når Solberg ber ektemannen om å laga aksje-oversikta, er det rett over tre døgn til vallokala i Noreg stenger.

Eit spørsmål er om Høgre har bede Sindre Finnes arbeide raskt med å samle saman denne informasjonen.

I intervju i Politisk Kvarter seier Høgre-nestleiar Henrik Asheim at Høgre fekk oversikta onsdag etter valet.

– Det kan godt hende at dette kunne blitt gjort raskare.

Når NRK-journalisten seier at dette er informasjon av stor betydning for veljarane, svarer Asheim:

– Heilt einig. Men dette er Sindre Finnes si forklaring, som seier at det tek såpass lang tid, fordi det er ti år tilbake, det er ulike kontoar, det er permar som må hentast, alle desse tinga her.

3: Fekk Sindre Finnes tilbod om hjelp?

Eit spørsmål er om partiet Høgre tilbudte Sindre Finnes noko form for hjelp med å laga lista over aksjehandlar, eller om han gjorde denne jobben åleine. Svaret vil kunne kasta ljos over i kva grad partiet var involvert i å laga og kvalitetssikra lista.

Høgre prioriterer tidslinja

Spørsmåla er stilt til Høgres pressesjef Cato Husabø Fossen som svarer Vårt Land på sms:

– Me fokuserer no for fullt på arbeidet med tidslinja som er varsla vil koma frå oss. Etter at den er lagt fram, vil me koma tilbake til dei spørsmåla som de meiner framleis er ubesvarte.

---

Fakta frå Solbergs pressekonferanse 15. september

  • Finnes gjennomførte meir enn 3600 aksjehandlar medan Erna Solberg var statsminister.
  • Ektemannen handla langt meir enn han undervegs fortalde kona og Statsministerens kontor (SMK), sa Solberg under pressekonferansen.
  • Finnes har sjølv innrømt at han ikkje har vore ærleg om aksjekjøpa sine overfor Solberg eller SMK.
  • Totalt har Finnes hatt cirka 1,8 millionar kroner i nettogevinst på aksjehandelen i perioden.
  • Økokrim vil vurdere om det er grunnlag for vidare etterforsking i saka.
  • Aksjekjøpa til Finnes inngår i den pågåande habilitetssaka til kontroll- og konstitusjonskomiteen.

Kilde: NTB

---

Tidslinje utarbeida av NTB

  • Fredag 15. september vart Sindre Finnes’ liste over aksjehandlar han hadde gjennomført medan Erna Solberg var statsminister, lagt fram under ein pressekonferanse på Stortinget. Lista viser at Finnes gjennomførte meir enn 3600 aksjehandlar medan Solberg var statsminister.
  • Under pressekonferansen fortalde Erna Solberg at ho ikkje hadde visst om omfanget av aksjehandlane til mannen og at ho har vore inhabil i fleire saker som statsminister på grunn av dette.
  • Tysdag 12. september seier Erna Solberg til NTB at det ikkje er noko hastverk med å leggje på bordet noka liste over aksjehandlane til ektemannen.
  • Måndag 11. september: Høgre blir lokalvalet store vinnar og det største partiet i landet.
  • Fredag 8. september: I forkant av partileiardebatten i Stavanger seier Erna Solberg til NRK at ho har bede ektefellen lage ei liste over aksjehandlar han hadde gjennomført i regjeringstida hennar.
  • I etterkant – 15. september, seier Solberg til NTB at det var fredag 8. september ho byrja å få mistanke til at Finnes ikkje hadde fortalt henne sanninga om aksjehandlinga. Ho sa likevel at ho ikkje visste noko om dette hadde hatt noko å seie for hennar eigen habilitet og at ho derfor valde å ikkje seie noko om dette offentleg.
  • Onsdag 6. september klokka 19.40 publiserte E24 ei liste over 22 handlar som Finnes gjorde dei siste fire månadene Erna Solberg leidde regjeringa i 2021. Erna Solberg fekk vite på førehand at lista skulle bli publisert og sa ho visste nok om aksjekjøpet til ektemannen til å vite at ho ikkje var inhabil.
  • Torsdag 31. august: E24 gjengir opplysningar frå Aksjonærregisteret som viser at Sindre Finnes kjøpte, selde og eigde aksjar i fleire store børsnoterte selskap i alle år medan kona var statsminister. Avisa ber Finnes om ei komplett liste over alle aksjehandlar i tida Erna Solberg var statsminister.
  • Oktober 2013: Erna Solberg har seinare fortalt at Finnes var i eit møte hos Statsministerens kontor (SMK) då ho tiltredde som statsminister i oktober 2013, for å bli orientert, og også orientere om aksjane han eigde den gong.

Kilde: NTB

---

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter