Nyheter

Dette er bastionen til partiet Sentrum

VAL: I Drammen-bydelen Fjell har partiet Sentrum gått dør til dør med fleirspråklege tolkar og mobilisert mot koranbrenning. Partiet fekk ein tidel av stemmene i bydelen.

– Jobben me har gjort her på Fjell, har gjeve utteljing.

Sajid Mukhtar ser utover ei ope slette med fotballbane omkransa av store blokker. Her, i bydelen Fjell i Drammen, har 10,3 prosent av stemmene gått til partiet Sentrum.

Mukhtar har tidlegare vore styreleiar i Drammen moské. No er han ein av Sentrums sju ferske kommunestyrerepresentantar i Noreg.

I Drammen har Sentrum lagt vekt på religiøse saker som koranbrenning og gravferdsritual, fortel Mukhtar.

– Mange seier dei er glade for at me tek opp koranbrenning. Dette opptek veldig mange.

Fjell i Drammen

Møter folk på morsmålet deira

Mange av dei som bur i bydelen Fjell har innvandrarbakgrunn. Det same gjeld Oslo-bydelen Stovner, der partiet Sentrum også har gjort det godt, med 6,3 prosent av stemmene.

På landsbasis fekk Sentrum 0,4 prosent av stemmene. I Drammen enda partiet på 1,5 prosent, som sikrar Mukhtar ein plass i kommunestyret.

– Andre parti kan læra av oss. Når me har gått frå dør til dør, er det alltid med folk som kan ulike språk. Me har folk som kan urdu, somali, tyrkisk og polsk. Då møter me folk på det morsmålet dei har, seier Sajid Mukhtar.

Tenk korleis ein kan oppleve det at folk brenn eit pride-flagg.

—  Sajid Mukhtar

Samanliknar med brenning av pride-flagg

I april 2021 vart det store samanstøyt i Drammen då den muslimfiendtlege organisasjonen Sian annonserte at den ville brenne ein koran.

– Når nokon annonserer på internett at dei skal spytta og trampe på og så brenne ein koran, då er det ikkje ein ytring. Det er ei hatefull ytring, seier Mukhtar til Vårt Land.

Partiet Sentrum har vedteke ein resolusjon mot koranbrenning. Partiet meiner slike aksjonar bør etterforskast av politiet som brot på paragraf 185 i straffelova om hatefulle ytringar.

Fjell i Drammen

Sajid Mukhtar samanliknar det å brenna koranen med å brenna pride-flagg.

– Eg forstår at mange støtter ein abstrakt menneskerett til å ytra seg, men dei har ikkje kjent dette på kroppen. Tenk korleis ein kan oppleve det at folk brenn eit pride-flagg.

I 2022 møtte drammensarane nye demonstrasjonar frå Sian med folkefest og alternative arrangement.

Mange av oss som er vald inn frå partiet Sentrum har aldri sett innsida av ein kommunestyresal før.

—  Sajid Mukhtar

Haustar kritikk

Partiet Sentrum har hausta kritikk. Rett før valet rykka dåverande byrådsleiar i Oslo Raymond Johansen (Ap) ut i Aftenposten og åtvara mot å stemma på partiet, som han meiner «leikar med folks kjensler» og «lovar ting dei ikkje kan gjennomføra».

Vårt Land spør Sajid Mukhtar:

– Er du redd for at folk vil kjenne seg lurt, når dei ser at eit lite parti i lokalpolitikken ikkje kan forby koranbrenning?

– Nei det trur eg ikkje. Eg trur folk forstår at dette tek tid. Dei er nok meir glad for at me tek opp saka.

Fjell i Drammen

Han seier at han ta opp saka i politirådet, som er ein møteplass mellom Drammens ordførar, administrasjon og politiet.

– Då kan eg be politiet prioritere saker rundt koranbrenning.

Den omstridde islamske organisasjonen Islam Net har bede muslimar stemme på Partiet Sentrum, dels på grunn av at partiets standpunkt mot koranbrenning.

Gav ein «slengar» til Sentrum

I bydelen Fjell møter Vårt Land ein far og ein son som bur i området og har bakgrunn frå Midtausten. Dei vil ikkje ha namn og bilete i avisa.

Begge nevner koranbrenning som ei viktig sak.

– Dei gjer det for å provosera folk, seier sonen.

Faren fortel at han stemte Høgre fordi han meiner dei har den beste politikken for sjølvstendig næringsdrivande, som han sjølv. Han har også gjeve ei stemme til ein kandidat frå Sentrum, ein sokalla «slengar».

Han viser fram ein Sentrum-valsetel han har teke vare på, der ein kandidat er markert med kryss.

– Han frå Sentrum tok opp koranbrenning i eit møte eg var på, det var veldig bra.

Sonen seier at han ikkje stemte fordi han ikkje hadde tid. Han seier mange i bydelen har både to og tre jobbar, som kan forklara kvifor mange ikkje stemte.

I bydelen Fjell var valdeltakinga på 33,8 prosent, som er lågast i heile landet.

Mange personstemmer

Ein gjennomgang Vårt Land har gjort av valresultatet i Drammen, indikerer at Sentrum har mange populære enkeltpersonar på lista.

Totalt fekk partiet 663 stemmer i Drammen. Tre av kandidatane på lista fekk mellom 119 og 207 personstemmer kvar, der veljarane kryssar av kandidatar dei ønsker å flytta oppover på vallista.

Fjell i Drammen

Til samanlikning fekk ingen av KrFs kandidatar meir enn 138 personstemmer, sjølv om partiet fekk dobbelt så mange stemmer totalt.

Vil ha raskare gravlegging

I tillegg til koranbrenning, ramser Sajid Mukhtar opp fleire saker som har vore viktige i valkampen for Sentrum i Drammen:

* Partiet vil opprette eit mangfaldsråd, etter modell frå Trondheim. Rådet skal kunne legga fram saker for kommunestyret.

* At elevar får rett til opplæring på morsmålet sitt på barne- og ungdomsskulen.

* Krav om at gravferdsritual skal tilpassast religiøse skikkar.

– I islam startar sorgprosessen først når den døde er gravlagt. Det er ei belastning for folk å vite at deira kjære ligg på eit kjølerom og ikkje er gravlagt. Me ønsker at døde raskare skal kunne gravleggast, seier Mukhtar.

Han seier Sentrum i Drammen er i kontakt med hindu- og sikh-miljøet for å høyra kva behov dei har for ei verdig gravferd.

Ladar opp til stortingsval

Det er friminutt, og ein gjeng skuleelevar spring hoiande ut på fotballbana. I horisonten kan ein sjå Drammensfjorden.

Sajid Mukhtar har sjølv budd i ei av dei store blokkene på Fjell som barn. No jobbar han som IT-analytikar og har flytta med familien til einebustad i nærleiken.

– Det er litt av ein overgang. Eg må venne barna mine til at det er heilt stille, og at dei ikkje kan springe rett ut på fotballbanen som før.

Torsdag kveld vart det klart at Høgre dannar fleirtal i Drammen saman med Frp, KrF og Pensjonistpartiet. Dermed blir Sajid Mukhtar og Sentrum i opposisjon.

Til saman sju representantar er vald inn for Sentrum rundt om i Noreg. I tillegg til Drammen er dei komne inn i Lørenskog, Kristiansand, Oslo, Nordre Follo, Frogn og Ås.

Sajid Mukhtar er klar på at dette er oppvarminga til valet om to år.

– Mange av oss som er vald inn frå partiet Sentrum har aldri sett innsida av ein kommunestyresal før. No får partiet politisk erfaring som me kan bruka under stortingsvalet om to år.

---

Partiet Sentrum

  • Grunnlagt i 2020 av utbrytarar frå Kristeleg Folkeparti og fleire andre parti.
  • Partiet skal vera eit blokkuavhengig sentrumsparti som legg FNs berekraftsmål og menneskerettserklæringa til grunn.
  • Leia av advokat og tidlegare Ap-byråd Geir Lippestad.
  • I valkampen fronta partiet kamp mot koranbrenning.
  • Har fått sju representantar inn i kommunestyre ved haustens val.

---

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter