Nyheter

NRK: Kommunalministeren beklagar kysseepisode: – Dårleg rolleforståing

Ein sommarfest i Kommunaldepartementet enda med klining mellom kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) og ein tilsett. – Flautt og pinleg, seier han.

– Eg viste dårleg rolleforståing og dømmekraft. Det har eg også vore tydeleg på til statsministeren, seier Gjelsvik til NRK.

Kvinna opplyser til NRK at ho opplevde situasjonen som uproblematisk, og at ho har kjent seg godt teken vare på av departementet.

Episoden skjedde etter sommarfesten i departementet i fjor sommar, då fleire drog vidare på byen og til slutt enda opp på London pub i Oslo.

Gjelsvik omtaler si eiga framferd som «flau og pinleg» og «ikkje i tråd med dei ideala eg prøver å leve etter».

Statsminister Jonas Gahr Støre seier til NRK at han har hatt «grundige samtalar» med kommunalministeren om det som skjedde.

– Det Sigbjørn Gjelsvik har gjort, er ikkje akseptabelt. Han har i denne saka vist dårleg dømmekraft og rolleforståing som statsråd og departementssjef, seier han.

Med utgangspunkt i forklaringa til kvinna om at ho «ikkje fann situasjonen ubehageleg» og den klare forståinga til statsråden «av at dette ikkje er greitt», har han framleis tillit til kommunalministeren.





NTB Nyheter

NTB nyheter

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter