Nyheter

Nytt parti hamnar på vippen i fleire kommunar

NYKOMLING: Februar 2020 vart Industri- og Næringspartiet grunnlagt. I kommunevalet 2023 bikkar partiet 10 prosent oppslutning i 18 kommunar.

Industri- og næringspartiet vart grunnlagt i 2020. No kan det relativt ferske partiet notera seg eit godt kommuneval og hamnar mange stadar på vippen.

I Telemark-byen Porsgrunn får partiet seks mandat inn i kommunestyret.

– Halleluja! Det er heilt utruleg for eit relativt nystarta parti. Mitt realistiske håp var at me skulle få tre inn i kommunestyret. Så får me dobbelt så mange.

Det seier Gunnar West Sørlie tredjekandidat og grunnleggjar av Porsgrunn INP.

Utelukkar Ap i Porsgrunn

Før valet vitja Vårt Land Gunnar West Sørlie, sjølverklært laus kanon og ivrig lesarbrevskribent. Han har fleire periodar bak seg i kommunestyret i Porsgrunn, og har tidlegare representert både Høgre og Frp.

No går føremiddagen med på politiske forhandlingar over telefon og nettbrett, fortel han. Han seier INP vil samarbeide med Høgre og Frp i Porsgrunn. Dei tre partia manglar eit mandat for å få fleirtal.

– KrF kan vere ein moglegheit for å danna fleirtal.

INP kallar seg eit blokkuavhengig parti, men Sørlie utelukkar eit samarbeid med Ap lokalt.

– Det er overhovudet ikkje aktuelt med eit samarbeid med Ap.

– Kvifor ikkje?

– Det er så urealistisk. Eg og partiet har blitt så nedsabla av Ap ved fleire høve.

Det vil kunne bety slutten på Ap-styret i Porsgrunn, der Robin Martin Kåss har vore ordførar sidan 2015.

Vil ikkje samarbeide med MDG

Også i Drammen hamnar INP på vippen.

Der manglar Høgre, Frp og KrF eit mandat for å danna fleirtal i kommunestyret. INP fekk to mandat inn i kommunestyret, medan Partiet Sentrum og Pensjonistpartiet fekk eit mandat kvar.

– Eg har prata med Høgre, Ap og Frp. Med våre to mandat har me ein vippeposisjon. Men eg trur det kjem til å gå fleire dagar før me har full oversikt, seier førstekandidat i INP Drammen, Lars Stenberg.

I motsetning til kollegaen i Porsgrunn, vil han ikkje utelukka eit samarbeid med Ap.

– Me har ikkje utelukka nokon andre enn MDG. Symbolpolitikken deira er i strid med vår politikk. Dei har ein alt for ekstrem haldning.

Vilkåra for olje, gass og annan industri var viktig då INP vart stifta av Owe Ingemann Waltherzøe i februar 2020. Partiet vil ha Noreg ut av Paris-avtalen. Lokalt går striden med MDG på bilistanes tilgang til sentrum, fortel Lars Stenberg i INP Drammen.

Sterke resultat i vest og nord

Ein gjennomgang Vårt Land har gjort av valresultata viser at INP har bikka 10 prosent oppslutning i 18 kommunar. Partiet gjer det særleg godt på Vestlandet og i Nordland. I Vega kommune på Helgeland i Nordland får INP sitt beste resultat, med 28,8 prosent. I Vanylven i Møre og Romsdal får partiet 19 prosent.

I resten av landets kommunar får INP fleire gode resultat.

  • Vinje kommune i Telemark: 16,9 prosent
  • Kvinnherad i Vestland: 15,1 prosent
  • Nordreisa i Troms: 14,8 prosent
  • Ørland i Trøndelag: 13,5 prosent
  • Samnanger i Vestland: 13,4 prosent
  • Narvik i Nordland: 13,1 prosent
  • Bømlo i Vestland: 12,8 prosent
  • Tysnes i Vestland: 12,6 prosent
  • Vaksdal i Vestland: 12,2 prosent
  • Rana i Nordland: 11,4 prosent
  • Strand i Rogaland: 11,6 prosent
  • Bremanger i Vestland: 11,5 prosent
  • Høyanger i Vestland: 11,4 prosent
  • Porsgrunn i Telemark: 10,9 prosent
  • Voss i Vestland: 10,7 prosent

INP har vunne totalt 241 mandat i kommunane, viser ei opptelling gjort av Nationen.

  • Austevoll i Vestland: 10,3 prosent
Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter