Nyheter

KrF får kvinneleg ordførar - har berre menn i dag

ORDFØRAR: Gro Helleland har ført KrF opp og fram. No får ho ordførarkjedet.

I Rogalands-kommunen Lund blir KrF største parti, og varaordførar Gro Helleland rykkjer opp og blir ordførar. Sjå valresultatet nedst i saka.

– Eg er rørt, eg er takksam, fortel Gro Helleland til Vårt Land.

Når røystene er talt opp har KrF fått 27,5 prosent – noko som er opp heile 9,5 prosent samanlikna med kommunevalet i 2019.

Senterpartiet vann valet i 2019, og fekk ordføraren. Men no er rollene endra.

Sp mistar ordføraren

KrF er monaleg større enn Høgre, som sneik seg forbi Senterpartiet. Høgre enda på 22,8 medan Sp enda på 19,9. Frp blei fjerde størst med 14,5 prosent.

Kort tid etter at røystene var talt opp i Lund, blei ordførarkabalen løyst. Helleland blir ordførar medan Høgres René Munthe Eik blir varaordførar.

I dag er Magnhild Eia (Sp) ordførar i Lund.

MIDTVEGS: Lund kommune ligg i Rogaland midtvegs mellom Kristiansand og Stavanger, og har 3.100 innbyggjarar. Kommunesenteret er Moi.

Gode KrF-resultat

Helleland og Lund har det tredje beste resultatet for KrF i årets kommuneval - målt i framgong.

I Kviteseid i Telemark gjekk KrF fram med 15,2 prosent medan partiet gjekk fram med 13,5 prosent i Aukra i Møre og Romsdal.

Før haustens kommuneval hadde KrF 11 ordførarar, alle menn. Les korleis det går med dei i eiga sak.


Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter