Nyheter

Prosten går ut av kommunestyret, soknepresten tek ei økt til

PRESTAR PÅ VAL: I Hammerfest kommune har to prestar vore folkevalde. Berre ein tek ein periode til.

Kommunevalet sender fleire prestar inn i by- og kommunestyre.

I Hammerfest kommune i Finnmark toppar sokneprest Vegard Loke Rønning KrF-lista og kan bu seg på ein ny periode i kommunestyret.

Og det er ikkje alltid heilt uproblematisk å kombinere dei to rollene, fortel sokneprest Rønning.

– Ein møter seg sjølv i døra.

Rønning har eit heilt konkret døme:

– Me hadde vedtatt i kommunestyret å byggje bustadar ganske tett inntil kyrkja, men biskopen skulle etter den gamle kyrkjelova vore høyringsinstans, og han sette ned foten. Då måtte eg som sokneprest protestere mot meg sjølv som politikar, seier Rønning.

Viktig sak: Pusse opp kyrkja

Ein av dei viktigaste valsakene for han og KrF i Hammerfest er å få pengar til å pusse opp Kvalsund kyrkje. Det var det også førre valkamp.

– Me fekk gjennomslag for å løyve fem millionar, men så blei kommuneøkonomien så trøblete at det blei utsett.

No håpar han å få til oppussinga i løpet av neste valperiode.

– Dei siste åra har fleire kritisert at Den norske kyrkja har blitt for politisk. Er det uprobelatisk å kombinere rollene som prest og politikar?

– Kyrkja har blitt veldig politisk dei siste åra, og det er problematisk. Å forkynne politikk frå talarstolen blir feil. Men det å vere politikar som tilfeldigvis også jobbar som prest er noko ganske anna, meiner Rønningen.

Han trur folk greier å skilje mellom presten Rønning med prestesnipp og politikar Rønningen – med slips.

Ein prost ut, ein prost inn

Vegard Loke Rønnings sjef i Den norske kyrkja, prost Jon Atle Birkeland, blei valt inn i Hammerfest kommunestyre i 2019, for Høgre. Men han takkar av etter fire år.

Ein annan prost som vil inn i kommunestyret, er Thomas Tinglum, prost i Sør-Østerdal. Tinglum er leiar i Nord-Odal SV og listetopp ved valet. I dag har partiet to plassar i kommunestyret.

vara

Prest og pastor i bystyret

I Lørenskog kommune går soknepresten Ernst-Modest Herdieckerhoff for ein ny periode for MDG. Sidan 2015 har han vore varaordførar i Akershus-kommunen.

I Lillestrøm kommune i Akershus søkjer tidlegare sokneprest Jørgen Vik attval som ordførar for Ap.

I Porsgrunn i Telemark vil gatepresten Håkon Stornes ha ein ny periode i bystyret for KrF. Han blei i 2019 valt inn bystyret saman med pastor Gordon Kleppe i Herøya Misjonskirke, også han for KrF.

I år står Stornes på andreplass på lista medan Kleppe står på fjerdeplassen. KrF har i dag tre plassar i bystyret.

Teologen Kai Over Berg, Høgres listetopp i Ringsaker, prøver å bli ordførar. I dag er han kyrkjeverje.

Raudt og Jesus hand i hand

I Lyngdal kommune i Agder stiller spesialprest Runar Foss Sjåstad til val for partiet Raudt. For han er det likskap mellom dei kristne verdiane og Raudts bodskap.

– Den solidariske og sympatiske politikken dei står for treff meg. Også det sosiale perspektivet som eg finn i kristen tru, seier Sjåstad.

Presten har ikkje hatt problem med å kombinere rollene som lokalpolitikar og prest, mykje fordi han bur ein annan stad enn han arbeider som prest.

– Så lenge eg bur i Lyngdal, og arbeider i Farsund og Lista, så går det greitt å skilje på dei to hattane.

Runar Foss Sjåstad

– Ein profil som treff det medmenneskelege

For Sjåstad fall valet på Raudt fordi han meiner ansvaret for dei sosiale skilnadene i samfunnet ligg på staten og kommunen.

– Korleis hamna du hos eit parti som er såpass radikalt i den norske politiske sfæren?

– Eg tykkjer Raudt har ein profil som treff det medmenneskelege. Ser ein på korleis Jesus møtte folk, så er det sosialetiske framtredande i det meste. Eg opplever ikkje Raudt som radikale sånn sett.

Sjølv om KrF også har mykje bra å fara med i Sjåstad sine auge, går Raudt dei ein høg gong i det meste, meiner han.

– Det eg ser med Raudt er at dei ønskjer handling. Dei er på offensiven og står bak orda sine. Det tykkjer eg KrF manglar no.

Reidulf Krossli Ljøkjell vil også inn i kommunestyret i Lyngdal. Den tidlegare soknepresten i Feda toppar lista til Partiet Sentrum.

Takkar av

I Oslo går sokneprest Espen Hasle (KrF) ut av bystyret, der han var gruppeleiar for partiet. Hasle skal bli prost i Nordre Follo.

I Bergen takkar sokneprest Thor Brekkeflat (Ap) i Slettebakken kyrkjelyd av etter fem periodar i bystyret.

Veit du om fleire prestar som blir lokalpolitikarar, kontakt oss: bjbj@vl.no

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Marit Neset

Marit Neset

Marit Neset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land, og har jobbet i avisen siden 2021. Hun har to bachelorgrader, i journalistikk og interkulturell forståelse. Hun jobber mye med langstoff, menneskemøter og nyhetssaker fra Den norske kirke.

Sofie Flydal

Sofie Kristine Flydal

Sofie Kristine Flydal er journalist i Vårt Lands kulturavdeling.

Mer fra: Nyheter