Valg 2023

Nytt parti fristar med industri-nostalgi og tradisjonelle familieverdiar

VAL: Lars vil kjempa for eit betre Nav. Gunnar er ein sjølverklært kranglefant som slåst mot vindmøller. Line vil auka foreldrepermisjonen til 18 månader. Vårt Land tek pulsen på partiet som kan koma på vippen i fleire byar.

Ikkje ei vindmølle er i sikte når Lars Stenberg ruller ut ei oransje oljetønne frå bagasjerommet på bilen sin. Han er fersk lokallagsleiar i eit nytt parti som har gjort kampen mot vindmøller til hovudsak.

– Eg gler meg til valet er ferdig så eg får litt betre plass i bilen, seier han og dreg fram ein parasoll og nokre campingstolar.

På hovudet har han ein caps i lyseblått og oransje, signalfargane til Industri- og næringspartiet INP.

Her i Drammen er det ingen planar om vindmøller, men INP kan likevel komme inn i kommunestyret. Då kan Lars Stenberg hamna på vippen og påverka om byen får ein ordførar frå Ap eller Høgre.

– Eg merker meir merksemd frå media og dei andre partia, seier Stenberg.

INP Industri og Næringspartiet

Jamne blokker mellom Høgre og Arbeidarpartiet

Industri- og næringspartiet vart grunnlagt i industriens vogge på Rjukan i 2020. Stortingsvalet året etter vekk partiet magre 10.031 stemmer. Men i år stiller partiet liste i 138 kommunar og fylke, ifølgje Altinget.

Sist veke kunne Vårt Land melde at partiet no har fleire medlemmer enn MDG. Partiet har hatt fleire gode målingar, med 5,1 prosent på nasjonalt nivå som topp. Den målinga kom 22. august.

Jamne blokker mellom Høgre og Arbeidarpartiet gjer at det vesle partiet kan få ei stor rolle.

Altinget har intervjua val-analytikar Svein Tore Martinsen som meiner INP kan komme på vippen både i Oslo, Bergen, Drammen, Lillestrøm og Fredrikstad.

Kven er det som blir bergtekne av dette nye partiet, som vil ha Noreg ut av både EØS- og Paris-avtalen? Vårt Land har teke ein køyretur langs E18 på jakt etter ein del av svaret.

Eg har eiga erfaring av eit Nav-system som ikkje fungerer etter intensjonane.

—  Lars Stenberg, INP Drammen

Avslører ikkje ordførar-favoritt

Lars Stenberg balanserer oljetønna på veg inn til kjøpesenteret i Drammen. Målet hans er å fri til veljarar og sikre at meiningsmålingane blir omsett til konkrete valresultat.

Torsdag var han på sin første valdebatt, i regi av Drammens Tidende. Han seier lokallaget har blitt kontakta av både Høgre, Venstre, Frp og Ap, og at partiet har hatt fleire sonderingar.

– Me kjem ikkje til å velja sida på valnatta. Men me kan kanskje bli einige med andre parti om ein intensjon om samarbeid.

På ei fersk NRK-måling er INP og Lars Stenberg inne i kommunestyret i Drammen. Målinga viser daudt løp mellom blokkene.

Sjølv om Lars Stenberg er fersk i politikken, har han lært seg å halda korta tett til brystet.

– Kven vil du ha som ordførar i Drammen?

– Velkommen i gjengen som spør om akkurat det, seier han og ler.

Vil ikkje stemma blankt på ordførar

Ein ting kan han avsløra: Han kjem ikkje til å følga rådet frå INP-leiar Owe Ingemann Waltherzøe. INP-sjefen har bede små lokallag om å stemma blankt i ordførarval.

– Eg vil ikkje stemma blankt, eg vil vera med å påverka politikken. Eg vil velja ei retning som liknar mest på INPs eigen politikk, seier Lars Stenberg.

Valgkamp med INP Industri og Næringspartiet

– Kva saker blir viktige å få gjennomslag for?

– Bekjempe fattigdom og styrka skule og helsevesen. Me vil ha fleire små og mellomstore bedrifter til Drammen, då er godt kollektivsystem og barnehagar viktig for å få folk til Drammen.

Vart ufør i 20-åra, måtte kjempa for uføretrygd

Lars Stenberg har ikkje politisk erfaring frå andre parti.

– Då INP kom, var eg aldri i tvil om at eg ville bli med.

47-åringen har tidlegare fortalt Dagsavisen om sin langvarige kamp for å få uføretrygd. Ein blodpropp gjorde han ufør i starten av 20-åra. Han hamna på tidsavgrensa ordningar utan stabil inntektssikring.

Først i fjor fekk han innvilga varig uførepensjon. Vedtaket kom 22 år etter han fekk skaden som gjorde han ufør. Han seier han i denne tida gjekk over 3 år utan nokre ytingar frå Nav.

– Eg har eiga erfaring av eit Nav-system som ikkje fungerer etter intensjonane. Eg føler min erfaring kan vera med å forma politikken.

Han seier han likar spesielt godt INP sitt forslag om å splitta Nav opp i fire delar, med ansvar for arbeid, trygd, pensjon og sosialtenester.

– Eg synest synd på dei som jobbar i Nav i dag som skal handtera alt frå ein pensjonist til ein med alvorleg sjukdom.

INP Industri og Næringspartiet

Mykje av innspela til INPs politikk er henta frå medlemmer av Facebook-gruppa til partiet. Lars Stenberg seier han likar å vera med i eit nytt parti der han kan vera med å staka ut kursen framover.

– Eg har ikkje lyst å koma inn i eit stort parti der ein får ei liste over kva ein skal seia og meina.

Vil melda Noreg ut av Paris-avtalen

Utanfor kjøpesenteret renn Drammenselva forbi. Lenger oppe langs elva har flaum ført til øydeleggingar og tvunge folk til å evakuera. Sist helg sette Drammen kommune krisestab og bygde flaumvern. Tysdag melde kommunen at flaumtoppen sannsynlegvis er nådd.

Øydeleggingane etter ekstremvêret Hans sette på ny i gang debatten om menneskeskapte klimaendringar.

Partiet INP vil melda Noreg ut av Paris-avtalen.

Lars Stenberg meiner det er viktigare å oppgradera vasskraft enn å bygga vindmøller. Han meiner også at Noregs CO₂-rekneskap ikkje er nøyaktig, han seier at Noreg ikkje tek med CO₂-opptak frå skog, myr og sjø.

– Me har ikkje teke stilling til kor mykje av klimaendringane som er menneskeskapte.

– Kva trur du sjølv?

Han tek ein pause, før han svarer:

– Mi personlege overtyding er at klima er i stadig endring. I dag bruker me for mykje pengar på symbolpolitikk. Me kunne fått meir for pengane om me kutta i utslepp i andre land.

Det er ingen som er meir kranglefant enn meg.

—  Gunnar West Sørlie, INP Porsgrunn

Likte tanken på å kunna laga sitt eige parti

Frå Drammen køyrer Vårt Land nesten halvannan time sørover langs E18. Målet er å finna INPs første lokallag.

Valgkamp med INP Industri og Næringspartiet

Grunnleggar Gunnar West Sørlie ønsker velkommen i sitt sjølvbygde husvære i utkanten av Porsgrunn. Han står på verandaen i sein augustsol og viser fram utsikta. På andre sida av fjorden ligg petrokjemianlegg som perler på ei snor.

– På kvelden står eg og ser utover lysa frå industrien. Dei minner meg om Manhattan.

Han fortel om korleis industrien har forma Grenland-området og snakkar varmt om Ap-høvding Einar Gerhardsen. På sjølvaste 1. mai i 2020 grunnla han Porsgrunn INP.

– Eg likte tanken på å kunna laga mitt eige parti. Eg kan faktisk gjera det eg vil. Eg synest det var ålreit å starta med blanke ark.

Har droppa ut av Høgre og Frp

Porsgrunns Dagblad har kalla Gunnar West Sørlie ein «laus kanon». Han har droppa ut av både Høgre og Frp i protest, og sit no som uavhengig kandidat i kommunestyret.

– Høgre var alt for ivrige på å samarbeida med Arbeidarpartiet, det likte ikkje eg. Men eg kjem aldri til å gå ut av INP.

INP Industri og Næringspartiet

I riksmedia har han skapt overskrifter då han kritiserte amming i bystyresalen og hamna i ordkrig med Ap-ordførar Robin Kåss.

– Det stemmer at eg er ein laus kanon. Det er ingen som er meir kranglefant enn meg. Eg skriv og sender inn hundrevis av lesarinnlegg til lokalavisene, men det er ingen som klarer å seia meg imot.

På TV2s siste prognose, oppdatert 1. september, er INP inne med tre mandat i Porsgrunn, som ville gje Gunnar West Sørlie ein plass.

På stovebordet ligg valprogrammet til Porsgrunn INP. På topp på vallista er partileiar Owe Ingemann Waltherzøe. På andre og fjerde plass er to kvinner med bakgrunn i offshore-bransjen.

– Eg har plukka inn folk som er ordentlege arbeidarar til å stille på lista, seier Gunnar West Sørlie.

Garantist mot vindmøller

I motsetning til Drammen er det vindmølle-planar i Porsgrunn. Eine planen går på å bygga sju vindmøller på 250 meter. Dei skal kunne produsera straum til over 7.000 husstandar.

Desse vindmøllene blir omtala som konfliktdempande vindmøller i NRK, sidan møllene er planlagt i allereie utbygde område. Då blir naturinngrepa mindre.

INP Industri og Næringspartiet

Gunnar West Sørlie lover likevel konflikt, uansett kor møllene blir bygd.

– INP er ein garantist mot vindmøller om me hamnar på vippen.

I mars gjekk bystyret i Porsgrunn inn for å greie ut vindmøller og fornybar energi, med 29 mot 20 stemmer.

Det er litt heilagt, det første året for mor og barn

—  Line Kjos, Viken INP

Vil skrota kontantstøtta og auke foreldrepermisjon

Men det er ikkje berre vindmøller og industri som er sentralt i INPs program. Partiet vil også auka foreldrepermisjonen frå 12 til 18 månader.

– Ein har ikkje lyst å berre føde barn og så putte dei i barnehage. Om me gjer det meir attraktivt å få familie, vil kanskje fleire få barn.

Det seier Line Kjos, fylkesleiar i Viken INP. Ho er ein av forkjemparane for lengre foreldrepermisjon.

– Denne saka er viktig for meg. Då sonen min begynte i barnehage, hadde han akkurat begynt å gå. Det var veldig tøft.

f

INP vil skrota kontantstøtta og gje 12 månader foreldrepermisjon til mor og seks månader til fri fordeling.

– Det er litt heilagt, det første året for mor og barn. Det handlar om barnets beste, seier Kjos.

– Med INP sin modell så kan kvinna enda opp med å vera heime 18 månader med barnet?

– Ja, men me stoler på at fedrar også ønsker å vera saman med barna. Eg trur ikkje fedrar vil takka nei til ein slik permisjon. Me må ha tillit til familiane.

Oppgjeven over norske politikarar

Tilbake på kjøpesenteret i Drammen har Lars Stenberg fått kontakt med ein potensiell veljar. Ein ung mann i svarte arbeidsklede har stoppa opp ved standen til INP.

INP Industri og Næringspartiet

– Eg har høyrt mykje godt om dykk. Valbrosjyrane dykkar ligg overalt på arbeidsplassen min. Mange eg kjenner seier dei vil stemma INP, seier Erik Pettersen.

Han jobbar som elektrikar og fortel at han er oppgjeven over politikarane, men at han føler at han likevel burde stemma i haust.

I handa har han fått ei INP-brosjyre.

– No skal eg heim og lesa meg opp.

---

Industri- og næringspartiet (INP)

  • Grunnlagt i 2020 av oljearbeidar Owe Ingemann Waltherzøe.
  • Partiet ønsker mellom anna å seia opp EØS-avtalen, den internasjonale Paris-klimaavtalen og å stansa utbygging av vindkraft.
  • Partiet kan koma på vippen i fleire byar.

---

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter