Valg 2023

Kraftig vekst i sosialhjelp, ukrainarar får ikkje jobb

VELFERDSSTATEN: Ukrainske flyktningar kjem seg ikkje ut i arbeid. Mange må be om økonomisk naudhjelp for å få mat på bordet.

Etter år med nedgang, skaut utgiftene til sosialhjelp i vêret i fjor. Opp 700 millionar kroner samanlikna med 2021. Den kraftige auken har ei forklaring.

– Me ser at fleire av dei ukrainske flyktningane som no er ferdige med introduksjonsprogrammet ikkje kjem seg i arbeid. Dermed må dei over på sosialhjelp, fortel Hans Petter Nergård, leiar i Nav Trysil, til Vårt Land.

«Har kort tid på seg»

Nav-leiaren i Asker, Jan Kåre Melsæther, bur seg også på auke:

– Per i dag mottek 19 ukrainske flyktningar sosialhjelp og 12 får supplerande sosialhjelp. Men eg forventar at det blir fleire på sikt, og det er ikkje overraskande.

– Kvifor ikkje?

– Dei har kort tid på seg. I løpet av 12 månader skal dei lære seg norsk, gå gjennom introduksjonsprogrammet og kvalifisere seg for ein jobb.

Melsæther fortel at sjølv om mange ukrainarar kjem med høgare utdanning, manglar dei arbeidsrøynsle.

– Når dei i tillegg slit med språket, strevar mange med å få seg jobb.

I løpet av 12 månader skal dei lære seg norsk, gå gjennom introduksjonsprgrammet og kvalifisere seg for ein jobb

—  Jan Kåre Melsæther, leiar Nav Asker

Krigsherja land toppar

Brote ned på landbakgrunn toppa Ukraina oversikta over sosialhjelpsmottakarar i 2022, opplyser Statistisk sentralbyrå (SSB):

7,5 prosent av dei som levde på økonomisk naudhjelp frå Nav, var ukrainarar. På plassen bak kom ein annan krigsherja nasjon, Syria – med sju prosent.

Nav opplyser til Vårt Land at ein ikkje har 2023-tal før ved årsslutt. Men det kjem stendig fleire ukrainarar til landet.

Sidan Russland invaderte nabolandet i februar i fjor har 56.500 ukrainarar komme hit. No melder Utlendingsdirektoratet (UDI) at særs mange kjem. Sist veke søkte heile 1.033 asyl. Frå april til august har talet variert frå 70 til 100 dagleg.

Kring 30 prosent av dei som ber om opphald har opphaldsløyve eller kollektivt vern i eit anna europeisk land, særleg Polen, Tyskland og Tsjekkia, fortel Runar Pedersen, fagansvarleg for vern i UDI, til Vårt Land.

Statsminister Jonas Gahr Støre og Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj diskuterte arbeidet med den såkalte fredsformelen som Ukraina har lagt på bordet da de to møttes i Kyiv torsdag.  Foto: Heiko Junge / NTB POOL

---

Fleire på sosialhjelp

  • Frå 2021 til 2022 har talet på mottakarar av økonomisk sosialhjelp gått opp med 9,8 prosent, melder SSB. 131.000 fekk sosialhjelp ved årsskiftet.
  • I same periode har også summen av utbetalingane auka med 10,6 prosent, frå 6,7 milliardar til 7,4 milliardar kroner.
  • Nesten heile auken skuldast mange mottakarar av sosialhjelp mellom ukrainske flyktningar, melder Nav.

---

Vonar på sesongarbeid

Fleire skal til Trysil. I fjor sa Innlandet-kommunen ja til å busetje 65 flyktningar – dei klarte 49. 29 kom frå Ukraina. I år skal dei ta i mot 60, viser tal frå Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet (Imdi). Til no har dei busett 32 ukrainarar, opplyser Trysil kommune til Vårt Land.

– Mange har ikkje den kompetansen Trysil spør etter, så det er vanskeleg å skaffe jobb til alle, vedgår Nav-sjef Nergård. Han fortel at fleire ukrainske flyktningar har høgare utdanning.

Trysil er ein reiselivskommune med mange sesongarbeidsplassar, særleg vinterstid, så når den kvite årstida kjem kan fleire få ufaglærte jobbar.

---

Sosialhjelp

  • Sosialhjelpsmottakarar i 2022 etter landbakgrunn:
  • Ukraina: 7,5 prosent.
  • Syria: 7 prosent.
  • Somalia: 6,3 prosent.
  • Eritrea: 3,2 prosent.
  • Irak: 2,9 prosent.
  • Afghanistan: 2,1 prosent.

---

Kring ein av ti i arbeid

Sosialhjelpstala uroar arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap). Difor sette departementet hennar ned ei arbeidsgruppe i mai som skulle analysere tilhøva.

Den ferske rapporten frå utvalet fortel at:

  • Berre sju prosent av ukrainske flyktningar i Norge var sysselsett per april i år, i juni var talet vel 11 prosent.
  • Samanlikna med andre land er relativt få ukrainske flyktningar i arbeid i Norge.
  • Mange av dei som kjem har høgare utdanning.

Kjem med forklaringar

Arbeidsgruppa peikar på fleire forklaringar til at så få ukrainarar er i arbeid:

  • Mange deltek heller på introduksjonsprogrammet enn å gå rett ut i arbeid.
  • Kompetansen til flyktningane samsvarar ikkje med dei lokale behova for arbeidskraft.
  • Flyktningane har høgare utdanning, men lite relevant arbeidsrøynsle.
  • Språkbarrierar hindrar mange i å komme i arbeid.
  • Mange ukrainarar har omsorg for barn og eldre, ofte er kvinner åleine om omsorga.
Bildet viser en jente som sitter foran tegninger. Ukrainske flyktninger kom til Nasjonalt mottakssenter i Råde i 2022. Norges kommuner forbereder seg på å ta imot flere flyktninger i 2023.

Slit med språket

Arbeidsgruppa fremmar forslag som kan hindre at flyktningane endar på sosialhjelp. Styresmaktene må vere tydelegare på at flyktningane må raskare i arbeid, norskopplæringa må bli meir fleksibel – og digital. Lønnstilskot vil også sikre fleire jobb. Det betyr at Nav går saman med arbeidsgjevar om å betale delar av lønna.

Nav-leiar Melsæther i Asker meiner dette er gode tiltak.

– Særleg er det viktig at me får ei meir fleksibel norskopplæring. Språk er nøkkelen til arbeid.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter