Nyheter

Kommune-tilsette henta matposar hjå Frelsesarmeen

MATKØ: Før jul vart Frelsesarmeen i Farsund kontakta av kommunalt tilsette som bestilte matposar til brukarane. – Vitnar om eit samanbrot for velferdsstaten, meiner Raudt-politikar Mímir Kristjánsson.

– Dei tilsette gjer det sikkert for å vera greie. Men det seier noko om at det kommunale hjelpeapparatet ikkje fungerer, seier Raudt-politikar Mímir Kristjánsson til Vårt Land.

Som politikarar flest reiser han landet rundt i samband med valkampen. I sørlandskommunen Farsund møtte han den lokale Frelsesarmeen og fekk høyre at kommunalt tilsette har komme innom for å henta mat til brukarane sine.

Mímir Kristjánsson kontaktar Vårt Land om saka, som han meiner er alvorleg.

– Dette vitnar om eit samanbrot for velferdsstaten. På sikt kan det også bli eit samanbrot for frivilligheita. Dei ideelle organisasjonane er ikkje dimensjonert for å ta i mot denne pågangen frå folk som treng mat.

I februar kom ein Fafo-rapport som avdekka at offentleg tilsette viser folk vidare til matutdelingar.

– Men eg har aldri høyrt om offentleg tilsette som kjem og hentar mat på vegne av andre. Det er nytt, seier Kristjánsson.

Bestilte julepose via e-post

Sigridur Elin Kjaran er korpsleiar ved Frelsesarmeen i Farsund. Ho stadfester til Vårt Land at dei før jul vart kontakta av tilsette i kommunane Farsund og Lyngdal.

– Det som var opplegget, var at kommunalt tilsette sende e-post og bestilte julepose med mat og gåver. Så kom dei tilsette i kommunen og henta og leverte til brukarane.

Mimir Kristjansson

Kommunalt tilsette henta mat og julegåver til 42 familiar, fortel Kjaran. Til saman fekk rundt 140 familiar hjelp av Frelsesarmeen før jul.

Juleposane var fulle av varer folk knyter til juletida.

– Det er mykje julemat, brus, kaker, lys, serviettar, sjokolade og kaffi. I tillegg gjev me julegåver til barna, seier Sigridur Elin Kjaran.

Deler ut til brukarar «som har behov for noko ekstra»

Ståle Manneråk Kongsvik, kommunedirektør i Farsund, stadfestar at kommunalt tilsette har kontakta Frelsesarmeen og henta varer til brukarane.

– Kommunen har teke på seg å henta og dela ut hjelpa på vegner av brukarar som av ulike årsaker ikkje kan ordna dette sjølv, skriv han i ein e-post til Vårt Land.

Han skriv at kommunen har hatt dette samarbeidet med Frelsesarmeen i mange år.

– Me har eit eksisterande samarbeid med Frelsesarmeen, og i dette samarbeidet er me brukarane sin «forlenga arm» i forhold til Frelsesarmeen.

– Kva type brukarar har kommunen henta juleposar for?

– Det er kort sagt brukarar som har behov for noko ekstra.

Han skriv vidare at han synest det er «fint gjort av Frelsesarmeen å hjelpe personar som har behov for ekstra bistand før jul».

g

– Burde ikkje kommunane gje denne hjelpa sjølv?

– Kommunen gjev økonomisk sosialhjelp via Nav. Det som Frelsesarmeen tilbyr, kjem i tillegg til dette.

Fungerande kommunedirektør i Lyngdal Kristine S. Valborgland kan verken stadfesta eller avkrefta at kommunalt tilsette har henta varer frå Frelsesarmeen.

– Me har ikkje ein oversikt over dette, og er usikre på i kva omfang det har blitt henta mat og julegåver frå Frelsesarmeen i Farsund, men dersom det har blitt gjort er det for vanskelegstilte. Desse kan få bistand til daglege gjeremål.

Ho skriv at matkasser frå ideelle organisasjonar ikkje erstattar naudhjelp eller annan økonomisk bistand frå Nav, men vil i «tilfelle berre vera eit supplement». Ho opplyser at Nav lokalt på eige initiativ gav ekstra stønad i desember til innbyggarar med økonomiske utfordringar.

Ber Raudt auka inntektene til kommunane

Kommunedirektør i Farsund Ståle Manneråk Kongsvik har fått lesa kritikken frå Mímir Kristjánsson i Raudt. Han kommenterer den slik:

– Om Mímir meiner det kommunale hjelpeapparatet ikkje fungerer, så burde han i staden for å bruka energien på kva nokre kommunalt tilsette gjer i Farsund, heller bruka energien på å auka dei frie inntektene til kommunane. Det har han og partiet hans ein glimrande sjanse til i samband med handsaminga av statsbudsjettet til hausten.

Han legg til:

– Eg har vore kommunedirektør lenge, og kommuneøkonomien har verkeleg stramma seg til i det siste.

Slo dyster rekord

Når Vårt Land ringer til Frelsesarmeen i Farsund, er Sigridur Elin Kjaran travelt oppteken med å gjera klar til ei ny matutdeling. Frelsesarmeen i Farsund deler ut mat annankvar veke.

Denne mandagen slo dei ein dyster rekord, då 105 familiar var innom.

– Dette er første gong me passerer 100 familiar på ei vanleg utdeling. Før var det vanleg med rundt 30 familiar. Eg synest det er heilt ille.

Ho fortel at fleirtalet er ukrainske flyktningar frå flyktningmottaket på Lista. Det er ikkje vanleg at det kjem tilsette frå kommunen på dei ordinære matutdelingane.

Korpsleiaren ved Frelsesarmeen i Farsund fortel at det er ei utfordring å få til matutdelingane med lite ressursar.

– Me har nesten ingen frivillige. Eit eldre ektepar hjelper til å laga kaffi og kaker til utdelinga, så er det oss tre tilsette i Frelsesarmeen. Matutdelinga tek mykje tid.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter