Nyheter

Militæret kuppa makta i Niger. Norske soldatar har lært opp den nigerske hæren.

MILITÆRKUPP: Norske spesialsoldatar instruerer soldatar frå Niger under ei øving for afrikanske spesialstyrkar i februar i fjor. No har militæret i Niger tatt makta gjennom eit kupp.

Fotoet er publisert av USAs forsvarsdepartement og er frå Elfenbeinskysten i fjor vinter. Følgjeteksten melder:

Soldatar frå Canadian Special Operations Forces Command arbeider saman med Forces armées nigériennes og norske partnarar under øvinga Flintlock 22.

Forces armées nigériennes (FAN) er Nigers væpna styrkar. For ei veke sidan retta Nigers væpna styrkar våpena mot landets president.

Flintlock er den store, årlege antiterror-øvinga til USAs Afrikakommando. Her får spesialstyrkar frå særleg land i Sahel-regionen – som strekkjer seg frå aust til vest i Afrika – opplæring av spesialstyrkar frå USA, Canada og fleire europeiske land. Mellom dei er Norge.

Flintlock skal styrkje dei afrikanske nasjonanes evne til å slå ned godt væpna islamistiske terrororganisasjonar, som har fått eit sterkt fotfeste i landa i Sahel-regionen.

Offiserar tok makta

26. juli tok høgare offiserar i Niger makta gjennom eit militærkupp. Oberst Amadou Abdramane kunngjorde at Nigers president Mohamed Bazoum var avsett.

Dagen etter melde militærleiinga i Niger at dei støtta offiserane bak statskuppet, for å «unngå blodbad».

28. juli fortalde Nigers statlege tv at sjefen for presidentgarden var utnemnd, av kuppmakarane, til landets nye leiar. General Abdourahmane Tchiani har fått tittelen president for det nasjonale rådet for forsvar av heimlandet.

Kuppsjef Abdourahamane Tiani advarer dem som eventuelt måtte vurdere en militærintervensjon i Niger. Foto: ORTN / AP / NTB

Øvde saman med nigerske soldatar

Norsk spesialsoldatar har ved fleire høve stått skulder ved skulder med soldatar frå Forces armées nigériennes:

  • I 2014 og 2018 blei Flintlock-øving arrangert i Niger, og Norge sende spesialsoldatar som i hovudsak var instruktørar.
  • I 2022 deltok norske spesialsoldatar under Flintlock-øvinga i Elfenbeinskysten, her samarbeidde dei mellom anna med soldatar frå Niger.

No har offiserar i Forces armées nigériennes tatt over makta i det lutfattige landet. Soldatar som er blitt opplært av nordmenn inngår no i ein kupphær.

niger

Sende soldatar til Niger

Vårt Land kunne vinteren 2018 fortelje at norske soldatar skulle på oppdrag i Sahel; i Niger – og at Solberg-regjeringa ønskte å seie minst mogleg om deltakinga på den årlege Flintlock-øvinga.

Statsministerens kontor (SMK) opplyste i knappe ordelag om ein spesiell avtale: «Inngåelse av avtale mellom Norge og Niger om status for de norske militære som oppheld seg i Niger i forbindelse med militær kapasitetsbygging i Sahel.»

«Norge deltar bredt i den internasjonale innsatsen mot terrorisme. Som aktør i denne kampen bidrar Norge aktivt innen en rekke områder, i spennet fra informasjonsdeling til kapasitetsbygging og mentorering av operative enheter», opplyste så Forsvarsdepartementet.

Har ikkje garantiar mot misbruk

Då Støre-regjeringa avgjorde at norske soldatar skulle vere med på Flintlock-øvinga i 2022, vedgjekk dåverande forsvarsminister Odd Roger Enoksen (Sp) at det å trene opp, og øve saman med lokale tryggingsstyrkar kan bli problematisk:

«Det er helt åpenbart en utfordring. Vi kan dessverre aldri ha noen garantier for at kompetansen de militære får fra oss ikke misbrukes», sa han til NRK. Og la til: «Samtidig har vi et ansvar. Vi må forsøke å bedre situasjonen og redusere terrortrusselen i disse landene. Vi må ta den risikoen»,.

Noregs regjering, med støtte frå Stortinget, har sendt observatørar og soldatar, i hovudsak spesialsoldatar frå Forsvarets Spesialstyrkar – Forsvarets Spesialkommando (FSK) og Marinejegerkommandoen (MJK) – til Flintlock.

Eg etterlyser ein open debatt om Norges deltaking på Flintlock

—  Morten Bøås, forskar Nupi

Kuppleiarar blir knytte til årleg øving

Tre kuppleiarar har band til Flintlock-programmet:

  • Oberstløytnant Paul-Henri Sandaogo Damiba tok i januar 2022 makta i Burkina Faso. Han deltok på Flintlock frå 2010 til 2020, melder The Intercept.
  • Oberst Assimi Goïta tok makta i Mali i mai 2021. The Washington Post skriv at hans styrkar har deltatt på Flintlock.
  • General Gilbert Diendéré tilrana seg makta i Burkina Faso i 2015. Han hadde fått opplæring via Flintlock, ifølgje Reuters.

Sårbare statar kan falle saman

Morten Bøås, Afrika-kjennar og forskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi), følgjer Noregs deltaking i Flintlock med interesse.

– Ein står andsynes vanskeleg val. Statane i Sahel-regionen er mellom dei veikaste og mest sårbare. Skal omverda berre sjå på at dei fell saman og at sterke jihadistiske terrorrørsler tek over styringa, eller skal Norge saman med andre gå inn og jobbe med dei militære styrkane, med dei utfordringane det fører med seg.

Nesten alle Nigers naboland har islamistiske opprørsgrupper som er på frammarsj – særleg Sahel-landa Burkina Faso og Mali, men også Benin, Libya og Nigeria.

Støttespillere for Nigerias president Mohamed Bazoum i gatene i hovedstaden Niamey onsdag. Noen timer senere kunngjorde en gruppe militære offiserer statskupp. Foto: Sam Mednick / AP / NTB

Ber Forsvaret vere meir opne

Nupi-forskar Bøås svarar sjølv:

– Eg meiner det er rett å prøve å styrkje forsvaret i desse landa.

Militærkupp er ein risiko ein må ta med i reknestykket, meiner han.

Men Bøås har eit ankepunkt:

– Eg skulle gjerne sett at regjeringa og Forsvaret var langt meir opne om det å sende norske soldatar til afrikanske land. Eg etterlyser ein open debatt om Noregs deltaking på Flintlock – kvifor er me med, kva vil me oppnå?

Bøås meiner det kviler eit løyndomsslør over det faktum at norske spesialsoldatar blir sendt til ein av dei mest utrygge regionane i Afrika.

US

Svar frå generalmajor

I mars vitja sjefen for Forsvarets spesialstyrkar, generalmajor Joar Eidheim, årets Flintlock-øving i Elfenbeinskysten, der norske soldatar var med.

Vårt Land har spurt Eidheim om korleis Forsvaret har vurdert faren for militærkupp, at kompetansen norske soldatar har gjeve militære avdelingar kunne bli brukt til avsetje den sivile, politiske leiinga i landa?

I ein epost til Vårt Land skriv generalmajoren:

«Forsvaret løser de oppdrag vi blir satt til å løse, og norske styrker har deltatt på Exercise Flintlock flere ganger. Hensikten med Exercise Flintlock har vært å gi de militære styrkene i vertslandet bedre kompetanse til å håndtere de sikkerhetsutfordringene de står ovenfor, først og fremst fremveksten av militante grupper som Boko Haram. De militære styrkene som norske styrker har bidratt til å trene har vært ledet av nettopp den sivile politiske ledelsen i landet. Exercies Flintlock har vært gjennomført i samsvar med de ulike statenes ønske om bistand.»

---

Flintlock

  • USAs Afrikakommando gjennomfører årleg antiterror-øvingar med spesialstyrkar frå særleg land i Sahel-regionen i Afrika.
  • Mange Nato-land sender instruktørar til Flintlock, mellom dei er Norge, som ofte sender eigne spesialsoldatar.
  • I «Flintlock-landa» Mali, Burkina Faso og Niger har militæret tatt makta frå sivile presidentar.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter