Nyheter

Fugleinfluensa påvist i Trøndelag

TRØNDELAG: Testar Mattilsynet har utført, stadfestar at måkar som vart funne døde i Rørvik i Trøndelag, var smitta av fugleinfluensa.

Måkar av typen krykkje er funnen døde over heile Nord-Noreg dei siste vekene etter eit stort utbrot av dødeleg fugleinfluensa. Førre veke vart det også funne fleire døde fuglar i sentrum av Rørvik i Nærøysund i Trøndelag. Måndag stadfestar Mattilsynet til Namdalsavisa at også desse fuglane var smitta av fugleinfluensa.

Irene Skei Mjømen er fungerande avdelingsleiar i Mattilsynet i Namdalen. Ho seier til avisa at folk ikkje treng å vere redd for at viruset skal smitte over til menneske. Ho ber likevel folk om å vere merksame og passe på at barn og dyr ikkje kjem kontakt med dei døde fuglane.

I Finnmark er det oppstått massedød blant smitta fuglar, i all hovudsak blant den allereie utryddingstrua krykkja. I helga vart Sivilforsvaret sett inn i Vadsø for å plukke opp døde fuglar.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter