Nyheter

Sadeel blei berre 15 år

MIDTAUSTEN: Sadeel Naghniyeh mista livet etter eit israelsk angrep på Vestbreidda. Israel er heimsøkt av strid om bygging av nye busetjingar, brutal kamp mot palestinarar og omstridd rettsreform.

NYHENDEANALYSE: I mars blei Israel kåra til verdas fjerde lukkelegaste land. Tre månader seinare er landet herja av ei brutal, eskalerande konflikt med palestinarane på den okkuperte Vestbreidda – og framleis herja av den opprivande, politiske konflikten rundt rettsreforma

Den første konflikten er svært dødeleg.

15 år gamle Sadeel Naghniyeh døydde av streifskotet som råka henne då israelske soldatar gjekk til åtak mot mål i byen Jenin på Vestbreidda.

Ho blei boren til gravferda av klassekameratar, unge palestinske jenter. Sidan nyttår har vel 130 palestinarar mista livet i israelske åtak. Berre i Jenin blei sju drepne og 90 såra.

I ein fersk rapport frå FNs generalsekretær António Guterres blir Israel skulda for å vere ansvarleg for drapa på heile 42 palestinske barn i 2022, melder nyhendebyrået DPA som har lest rapporten.

Tida er inne for å starte ein militær operasjon i Judea og Samaria

—  Itamar Ben-Gvir, tryggingsminister i Israel

Busetjarar går laus på landsbyar

Men også israelarar blir drepne. 28 i talet sidan årsskiftet, i palestinske åtak.

Dagen etter at Israel brukte kamphelikopter på Vestbreidda, for første gong på 20 år, svarte palestinarar med å skyte fire israelarar nær ein israelsk busetjing på den same Vestbreidda.

Hamas, som kontrollerer Gaza, tok på seg ansvaret for åtaket og melde at åtaket var utført av deira væpna grein, Izzedine al-Qassam-brigadane. Dette er nytt, for Vestbreidda er tradisjonelt Fatah-land.

Same dag drap Israel tre palestinarar i eit droneåtak mot ein bil utanfor Jenin. Mennene tilhøyrde to militante palestinske grupper.

Samstundes som israelske soldatar går hardt til verks, går israelske busetjarar laus på palestinske landsbyar. Dei har sett fyr på bilar, bygningar og olivenlundar – og innbyggjarar.

Fire israelere ble drept i et palestinsk angrep mot den ulovlige bosetningen Eli på den okkuperte Vestbredden tirsdag. De to angriperne kom fra den væpnede grenen til Hamas, Izzedine al-Qassam-brigadene. Foto: AP / NTB

«Målretta attentat»

Israels tryggingsminister, ytre høgrepolitikaren Itamar Ben-Gvir, fyrer opp under ufreden. Han vil auke maktbruken mot palestinarar på Vestbreidda.

– Tida er inne for å starte ein militær operasjon i Judea og Samaria, sa han til israelske medium onsdag, og brukte dei bibelske namna på områda vest for Jordanelva, som Israel har okkupert sidan 1967.

Ben-Gvir ønskjer «målretta attentat frå lufta, å rive ned bygningar, å setje opp vegsperringar, å utvise terroristar og å fullføre loven om dødsstraff for terroristar».

Mektig blir mektigare

I desember blei Benjamin Netanyahu, Israels lengstsitjande statsminister, på nytt regjeringssjef. Vegen til makt gjekk gjennom ein allianse med ultraortodokse parti og ytre høgreparti. Partia har eitt sterkt ønskje: Utvide busetjingane på okkupert land.

Kring 700.000 israelarar bur i dag i 279 busetjingar og utpostar på Vestbreidda, inkludert Aust-Jerusalem.

Sundag fekk den andre høgprofilerte statsråden frå ytre høgre, finansminister Bezalel Smotrich, overført ansvaret for å byggje ut nye busetjingar. Han lovar å auke byggjetakten for å sikre israelsk kontroll med stadig større område.

Byggjetakten provoserer palestinarane som ser at tostatsløysinga er fjernare enn nokon gong.

Provoserer liberale og sekulære

Då Benjamin Netanyahu blei statsminister ved årsskiftet gjekk det kort tid før han la fram forslag til rettsreform. Liberale, sekulære israelarar svarte med å ta til gatene. Sidan januar har hundretusental demonstrert kvar laurdag.

Ei reform av rettsvesenet var i utgangspunktet etterspurt av mange, men innhaldet i reforma provoserer kraftig.

Høgsterett kontroll med regjeringa skal bli kraftig svekkja. Med simpelt fleirtal i Knesset skal parlamentet kunne omgjere domstolens avgjerder. Til sist vil regjeringa styre kven som blir dommarar i høgsterett

Protestane blei i mars så kraftige at Netanyahu sette reformarbeidet på vent. No har han varsla at rettsreforma skal vedtakast i Knesset.

Resultat: Striden som lenge var hard, blir no hardare – og Israel blir endå meir splitta. Og: Verdien på israelske shekel fall då Netanyahu på nytt sette rettsreforma på dagsorden.

Masseprotestene mot statsminister Benjamin Netanyahu og den israelske regjeringens varslede rettsreformer fortsetter i Israel. Slik så det ut i sentrum av Tel Aviv sist lørdag. Foto: AP / NTB

FN åtvarar

Medan regjeringa prøver å gjere Israels tredje statsmakt svakare, kjem det sterke åtvaringar frå FN:

Uroa på Vestbreidda, der israelske okkupasjonsstyrkar møter stadig sterkare væpna motstand frå palestinske grupper, kan komme ut av kontroll.

– Dei siste drapa og valdshandlingane, saman med den provoserande retorikken, driv berre israelarar og palestinarar ned i avgrunnen, seier FNs høgkommissær for menneskerettar, Volker Türk.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter