Nyheter

No skal barnebrudforbodet rullast ut

TO UNNTAK: Stortinget vedtok forbod mot barneekteskap i 2021. Først no kjem forskrifta som gjer at loven kan takast i bruk. Barnebruder under 18 år skal bli intervjua.

– Dette har tatt lang tid, seier Silje Hjemdal, familiepolitisk talskvinne i Framstegspartiet, til Vårt Land.

Stortinget gav i 2021 beskjed til flyktningar som siktar seg inn mot Norge: Me godtek ikkje utanlandske ekteskap der brura var mindreårig då ho blei gift.

Høgsterett har i dom sagt at det ikkje er så enkelt. No sender Barne- og familiedepartementet (BFD) ekteskapsforskrifta på høyring. BFD fortel Vårt Land at «endringene i ekteskapsloven som Stortinget fattet i 2021 først vil kunne tre i kraft etter at forskriften er vedtatt».

Høyringsfristen på forskrifta er i september, så loven vil nok ikkje tre i kraft før etter årsskiftet.

Det var i juni for to år sidan sa lovgjevarane sa nei til utanlandske ekteskap der den eine eller begge partar var under 18 år då dei gifta seg, eller om partane var utan tilknyting til Norge på vigseltidspunktet. Det siste betyr at dei korkje hadde norsk statsborgarskap eller var fast busette i Norge på vigseltidspunktet.

Gav to unntak - Frp er mot

Men då Stortinget stramma inn ekteskapsloven i 2021, fann ein rom for to unntak når det kjem til barneekteskap:

  • For det første kan statsforvaltaren anerkjenne ekteskapet dersom partane «er over 18 år, var over 16 år på vigseltidspunktet og den som var mindreårig på vigseltidspunktet, ønsker ekteskapet anerkjent».
  • For det andre kan statsforvaltaren anerkjenne ekteskapet dersom «sterke grunner taler for det».

Frp er mot unntak. For unntak sender feil signal internasjonalt

—  Silje Hjemdal, talskvinne Frp

Framstegspartiet røysta mot unntaka i 2021, som einaste parti. Frp meiner unntak vil undergrave arbeidet mot barneekteskap.

– Frp er mot unntak. For unntak sender feil signal internasjonalt, seier Hjemdal.

– Når Norge har opna for unntak, vil me få unntak. Men barn skal vere barn, dei skal ikkje bli gifta vekk, legg ho til.

Når forskrifta er ferdig i BFD kan partar som ønskjer eit barneekteskap anerkjent i Norge setje fram ei oppmoding til statsforvalteren. Denne kan gje avslag på oppmodinga, eller stemple ekteskapet godkjent.

---

Ekteskap

  • I 2018 vedtok Stortinget ei endring i ekteskapsloven: Personar under 18 år ikkje kan inngå ekteskap i Norge.
  • I 2021 vedtok Stortinget at utanlandske barneekteskap er forbode, men gjorde to unntak.
  • No har Barne- og familiedepartementet sendt på høyring eit forslag til forskrift om korleis unntaksoppmodingar skal bli behandla.

---

Skal bli intervjua

Mellom tiltaka i forskrifta er:

  • Oppmodingar om å anerkjenne barneekteskap skal bli behandla av Statsforvaltaren i Oslo og Viken, klage på avslag av Bufdir.
  • Partar som var under 18 år på vigseltidspunktet, skal bli intervjua av statsforvaltar. Partar eldre enn 18 kan bli intervjua, om det er naudsynt for å opplyse saka.
  • Dersom det er gjort bruk av tvang mot ein part, skal statsforvaltar involvere hjelpeinstansar, politiet kan koplast inn.
  • Dersom ein part også har søkt om familiesamling på grunnlag av ekteskapet, skal statsforvaltar be Utlendingsdirektoratet/Utlendingsnemnda om å behandle den søknaden etter at ekteskapssaka er avgjort.
KIRKENES  20151115.
Asylsøkere i ankomstsenteret for flyktninger i Kirkenes. Hit sendes flyktninger, som passerer den norsk-russiske grensen på Storskog, før de sendes videre til mottak andre steder i landet. 
Foto: Cornelius Poppe / NTB

Kom barn med barn til Norge

Innstramminga av ekteskapsloven skal verne barn som kjem til Norge mot å bli rekna som gift her, samt klare å skape ein klarare rettstilstand – og signalisere til omverda at Norge ikkje godtek barneekteskap.

Det siste kom for alvor på dagsorden i 2015, under flyktningkrisa. Mellom dei mange som fann vegen til Norge var fleire svært unge, og nokre hadde også barn.

Å få utanlandske ekteskap underkjent i Norge, har alvorlege konsekvensar:

  • Partane blir rekna som ugifte.
  • Dei har ikkje krav på familiesamling på grunnlag av ekteskap.
  • Har ikkje rett til arv frå ektefelle.
  • Mange vil ikkje ha høve til å løyse opp ekteskapet.

Kvinne vann fram i domstolen

Då lovendringa passerte Stortinget i 2021, understreka lovgjevarane: «Et ekteskap anerkjennes likevel ikke dersom dette åpenbart ville virke støtende på norsk rettsorden.»

Same år slo Høgsterett fast at norsk rettsorden ikkje blei krenka ved at ei syrisk kvinne, som gifta seg då ho var berre 12 år, får familiesamling med ektemannen.

Etter tre års ekteskap kom mannen til Norge i 2015, søkte asyl og fekk opphald. To år seinare bad kona hans om familiesamling med mannen. Paret hadde to barn.

Ho ville leve saman med ektemannen

Både Utlendingsdirektoratet og Utlendingsnemnda gav avslag. Dei meinte det ville støyte norsk rettsorden ettersom kvinna var eit barn då ho blei gift, og at ekteskap slik sett var i strid med norsk ekteskapslov.

Kvinna og barna saksøkte staten. Dei vann i tingretten, men tapte i lagmannsretten. Høgsterett var samt med tingretten.

Domstolen sa at kvinna var over 18 år på søknadstidspunktet og hadde eit reelt ønskje om å leve saman med ektemannen, i ekteskapet.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

VL anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter