Nyheter

Oslo går mot straumen: Her held Nav dørene opne frå 9 til 15

OPE DØR: Medan kommunar på Vestlandet kuttar kraftig i opningstida til Nav, har Oslo kommune auka timetalet. – Ei politisk prioritering, seier byråd Usman Mushtaq.

Vårt Land har kartlagt opningstidene på lokale Nav-kontor i det tidlegare fylket Hordaland. På åtte år har talet på drop-in-timar gått ned med 75 prosent.

I hovudstaden går ein i motsett retning. Etter å ha kutta i tilgangen til drop-in under pandemien, er no opningstidene tilbake til nivået som var vinteren 2020.

Det fortel sosialbyråd i Oslo, Usman Mushtaq (Ap).

– Det har vore ei politisk prioritering. Det er viktig for oss at alle i Oslo har tilgang til Nav-kontora, også dei som ikkje kjenner seg trygge på digitale tenester, seier Mushtaq til Vårt Land.

I Oslo kan folk stikka innom Nav-kontoret i alle 15 bydelar mellom klokka 9 og 15 utan timeavtale. Kontora heldt dermed ope 30 timar i veka.

Til samanlikning heldt 13 Nav-kontor i tidlegare Hordaland fylke ope 4 timar eller mindre i veka.

Andre storbyar må gjerne gjera som Oslo og ha oss som modell.

—  Usman Mushtaq (Ap), sosialbyråd i Oslo

– Ein nødvendig del av drifta vår

– Eg ser ikkje dette som ein ekstrakostnad. Dette er ein nødvendig del av drifta vår, seier sosialbyråd Usman Mushtaq.

Han seier argumentet mot lange opningstider er at dei Nav-tilsette heller kunne brukt tida på saksbehandling enn å ta i mot brukarar.

– Det meiner eg ikkje er godt nok argument. Når du møter menneske, behandlar du også sakene deira, og du hjelper dei vidare med informasjon.

d

– Kva gjer dei tilsette på Nav om det ikkje kjem mange innom i drop-in-tida?

– Det er mykje planlagt aktivitet og planlagde samtaler med brukarar, uavhengig av opningstidene. Dette er store kontor så dei har nok å gjera. Det er ikkje dødtid om det ikkje kjem folk innom.

Trur Oslo kan vera modell for fleire

Stortingsrepresentant Per Olaf Lundteigen (Sp) har gått kraftig ut mot korte opningstider på Nav. Han meiner korte opningstider bryt med Hurdalsplattforma.

Sp-Lundteigen ivrar for nasjonale retningsliner for drop-in-timar på Nav, eit krav som også har blitt fremma av Raudt.

Vårt Land har spurt sosialbyråden i Oslo om han støtter slike retningsliner. Han svarer:

– Andre storbyar må gjerne gjera som Oslo og ha oss som modell. Men det er viktig å hugsa at Oslo er ein spesiell by, med bydelar på storleik med store kommunar. Det må lokale vurderingar til, seier Mushtaq.

Bergen lengst ope av andre byar

Vårt Land har sjekka opningstidene til Nav i dei største byane.

  • Bergen er byen som ligg nærast nivået til Oslo sine opningstider. I dei fem bydelane i Bergen held Nav-kontora ope frå 10 til 14.30 kvar dag. Det gjev ei opningstid på 22,5 timar i veka.
  • Litt kortare er opningstida i Trondheim, Drammen, Porsgrunn, Trondheim, Kristiansand og fire av fem bydelar i Stavanger. Her har Nav ope frå 10 til 14 kvar dag.
  • I Fredrikstad held Nav ope kvar dag frå 9 til 14.45. I nabobyen Sarpsborg er opningstida vesentleg kortare, der heldt kontoret ope mellom 9 og 11.

Satsar på vakttelefon

I fjor kom Helsetilsynet med flengande kritikk mot Nav for korte opningstider og lang ventetid på telefon.

Av 70 undersøkte kontor var 11 heilt stengd og 22 kontor hadde ope fire timar i veka. 61 av 70 kontor hadde opningstid på 10 timar eller mindre i veka.

I rapporten skriv Helsetilsynet at dei meiner Nav-kontoret er del av kommunanes beredskap, på lik linje med legevakt.

«En legevakt med samme åpningstider som Nav-kontoret, ville ikke blitt vurdert som forsvarlig beredskap for personer med akutt behov for helsehjelp.»

Nav-sjef Hans Christian Holte har sagt til Vårt Land at Nav har satsa på fleire vakttelefonar etter rapporten kom. No har 92 prosent av landets Nav-kontor ein vakttelefon for dei som treng akutt hjelp, mot 42 prosent i haust.

---

Opningstider på Vestlandet

  • I 2015 kartla Fylkesmannen i Hordaland Nav-kontora sine opningstider for drop-in timar. Hordaland er i dag del av Vestland fylke.
  • Vårt Land har systematisert tala til Fylkesmannen og funne oppdaterte tal for kontora i dette området via nettsida https://www.nav.no/sok-nav-kontor
  • Sidan 2015 er talet på drop-in-timar gått ned med 75 prosent.
  • Det er blitt 13 færre Nav-kontor i området i perioden. Dei samanslåtte Nav-kontora har alle kortare opningstider i dag samanlikna med 2015
  • Nesten halvparten av Nav-kontora i området har ei opningstid på fire timar eller mindre i veka.

---

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter