Nyheter

Her landar pasientar frå Ukraina på norsk jord

HJELP: Noreg har henta 212 ukrainske pasientar gjennom eit medisinsk evakueringsprogram. Berre to europeiske land har henta fleire.

Torsdag førre veke landa eit fly med åtte ukrainske pasientar på Gardermoen. Seks pårørande var også med.

Til no er 212 pasientar blitt henta til Noreg gjennom det medisinske evakueringsprogrammet Medevac.

Det viser ferske tal Vårt Land har fått frå Helsedirektoratet.

Noreg er tredje største mottakarland, berre slått av Tyskland, som har henta 660 pasientar, og Spania, som har henta 216.

Noreg hentar langt fleire pasientar enn våre naboland. Sverige og Danmark har henta 75 og 107 pasientar kvar.

Me behandlar pasientar og er ikkje så opptekne av om dei er soldat eller sivilist.

—  Steinar Olsen i Helsedirektoratet

– Noreg har eit godt omdømme

– Basert på dei rapportane me får, har Noreg eit godt omdømme som eit land som tilbyr god behandling, og som tek vare på både pasient og pårørande, seier beredskapsdirektør i Helsedirektoratet Steinar Olsen, til Vårt Land.

Han fortel at mange av pasientane har krigsskadar, som sårskadar, skotskadar, brannskadar og missilskadar. Andre pasientar har kreft og andre alvorlege sjukdommar som krev sjukehusbehandling.

– Mitt inntrykk er at det er jamn fordeling mellom sivile og militære blant pasientane. Me behandlar pasientar og er ikkje så opptekne av om dei er soldat eller sivilist, seier Olsen.

f

Han seier nokon av pasientane er alvorleg sjuke.

– Det har hendt at planlagt transport har blitt kansellert fordi pasienten enten er blitt veldig dårleg eller gått bort.

Kan ta i mot 550 pasientar

Gjennom det medisinske evakueringsprogrammet Medevac får ukrainske pasientar hjelp i andre europeiske land.

Den lokale helsetenesta i Ukraina melder inn kva pasientar som treng hjelp. Det ukrainske helsedepartementet set opp lister som blir sendt til europeiske land, desse landa melder inn kor mange dei kan ta i mot. Pasientane vel sjølve kor dei ønsker å få helsehjelp.

I Noreg har Oslo Universitetssjukehus (OUS) nasjonalt koordineringsansvar for det medisinske evakueringsprogrammet. Kvar veke tilbyr dei eit tal på behandlingsplassar gjennom Medevac-samarbeidet.

I mars i fjor kunngjorde regjeringa at Noreg kan ta i mot 550 pasientar frå Ukraina. Under halvparten av dette er til no teke i mot i Noreg.

Forlenger avtale med SAS

Pasientane blir først transportert ut av Ukraina til det medisinske knutepunktet i Polen. Så blir dei transportert vidare til sjukehus rundt i Europa for behandling.

r

Transporten skjer på ulike måtar: Rutefly med og utan følgje, innleigde fly, fly gjennom SAS-avtalen og ambulansefly frå Norge.

Sist veke kunngjorde regjeringa at dei forlenger avtalen med SAS om transport av pasientar fram til 31. august.

– Kor krevande er flyreisa for pasientane?

– Pasientane har ofte reist veldig langt før dei ender på det medisinske senteret i Polen. Den reisa er nok meir krevande enn siste transportetappe med fly, seier Steinar Olsen i Helsedirektoratet.

– Kva skjer med dei som har fått behandling i Noreg?

– Nokon vel å reise tilbake til Ukraina etter behandling i Noreg. Førebels har dei fleste blitt verande her. Mange av pasientane treng langvarig rehabilitering og behandling, seier Olsen.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter