Nyheter

Reservesoldatar til kamp mot rettsreform

ISRAEL: Reservesoldatar i Israel mobiliserer. Dei kritiserer regjeringa for å gå i retning av eit diktatur: – Ein folkehær eksisterer berre i eit demokrati, seier reserveoffiser Ron Scherf.

TEL AVIV: Våpenbrørne kallar dei seg, offiserane og soldatane som no organiserer seg i ad hoc-organisasjonen Brothers in Arms.

Dei har to ting til felles.

Dei er reservistar i Israels 465.000 store nasjonale, militære reservestyrke. Og dei trugar med å nekte vidare teneste i reserven om ikkje regjeringa til statsminister Benjamin Netanyahu droppar ei omstridd rettsreform.

– Eg forstår dei godt, seier Gon Niv-Ron.

Vårt Land møter han i Tel Aviv, berande på det svært mange israelarar har skaffa seg sidan årsskiftet; eit stort israelsk flagg til utebruk.

Gon Niv-Ron går ofte i demonstrasjonstog, gjerne med familien. Denne dagen er det protestmøte i eit stort vegkryss aust på Kaplangata i Tel Aviv. All trafikk blir lamma. Krava om å droppe reforma hjallar mellom glastårna.

Laurdag kom det endå fleire. Over 100.000 samla seg i ein gigantisk protest. Politiet brukte vasskanoner.

RON

Pilot og It-leiar

Når krig og krise har truga i Israel, har landet dratt vekslar på den særleg sterke reservestyrken. Mange i samfunnets fremste posisjonar, i politikken og i næringslivet, har hatt topp-postar i forsvaret.

Reservistar blir også brukte til å sikre kontrollen på den okkuperte Vestbreidda. Og svare på palestinske rakettåtak frå Gaza.

Gon Niv-Ron var lenge i den militære eliten. Han var kamphelikopterpilot. No har Niv-Ron ein leiarjobb IT-industrien. Alderen har pensjonert han frå reserven.

---

Israels forsvar

  • Israels forsvar ber namnet IDF – Israels Defence Forces.
  • 170.000 soldatar i ståande styrkar, menn har tre års verneplikt, kvinner to år, fleire vervar seg etter endt verneplikt.
  • 465.000 gjer teneste i den militære reservestyrken, fram til dei er i 40- eller 50-åra.
  • Reservistar er tenestepliktig personell som har sitt primære virke utanfor det israelske forsvaret i fredstid, men som skal kunne tre inn i stillingar ved krise og krig.

---

Frå same elitestyrke som statsministeren

Tysdag fekk Brothers in Arms eit ansikt og eit namn. Lenge har anonyme reserveoffiserar blitt intervjua.

Ron Scherf, ein av grunnleggjarane, kalla inn til pressekonferanse i Tel Aviv. Kledd i hærgrønt kunngjorde oberstløytnanten i reserven:

– Me har protestert i gatene i 11 veker. Ei utøvande makt med uavgrensa makt er eit diktatur. Dersom lovene til diktaturet blir vedteke, kan ikkje ein folkehær eksistere. Ein folkehær eksisterer berre i eit demokrati.

Scherf er offiser i hærens spesialstyrke Sayeret Matkal, som har eit særleg ansvar for antiterrorisme og etterretning.

Israels statsminister, Netanyahu, var i si tid offiser i Sayeret Matkal. Det same var Ehud Barak, statsminister i Israel 1999–2001. Han avløyste Netanyahu.

brør

Samlar all makt

Sidan januar har mange israelarar protestert mot landets nye og svært kontroversielle regjering.

Netanyahu sikra seg ein ny periode som statsminister med hjelp frå konservative, ortodokse parti og omstridde parti langt ute på høgresida.

Dei står saman om ei rettsreform som skal styrkje makta til dei partia som sit i regjeringa og som samstundes har fleirtal i nasjonalforsamlinga:

  • Nasjonalforsamlinga Knesset skal kunne vedta lover landets øvste domstol har avvist. Det betyr at Knesset med simpelt fleirtal, 61 av 120 representantar, vil kunne overstyre høgsterett.
  • Regjeringa skal få retten til å utnemne fleirtalet av medlemmene i panelet som vel ut nye dommarar til høgsterett. Dermed vil regjeringa få full kontroll over nominasjonar av dommarar til den øvste domstolen.
  • Resultat: Netanyahu-regjeringa kontrollerer både den lovgjevande makta, den utøvande makta og den dømmande makta.

Ein folkehær eksisterer berre i eit demokrati

—  Ron Scherf, Brothers in Arms

---

Striden

  • Benjamin Netanyahu (73) blei på nytt statsminister i desember, etter det femte valet på fire år, han har vore regjeringssjef i 16 år.
  • Netanyahus regjering er den mest ytterleggåande og høgrenasjonalistiske i landets historie; Israel er 75 år i mai.
  • Varsla lovendringar har utløyst store demonstrasjonar, hundretusental har protestert i gatene, særleg i helgene, sidan januar.
  • Delar av reforma er vedtatt, etter planen skal Knesset gjere nye vedtak før nasjonalforsamlinga tek vårferie ved påsketider.

---

namn

Militære elitar går i front

Medan mange i reserven stiller vilkår for vidare teneste, handlar andre.

I byrjinga av mars nekta heile 37 av 40 pilotar i Israels 69. skvadron å møte opp til repetisjonsøvingar, noko som kjem svært hyppig gjennom året. Pilotar må vere klare til operativ teneste til ei kvar tid. Difor er dei hyppig inne til reserveteneste. Andre pilotar følgjer no etter.

Pilotane som fører jagarfly og kamphelikopter tilhøyrer eliten i Israels forsvar, saman med soldatane i spesialstyrkane, og er uerstattelege i mange av Israels kampplanar.

Ein pensjonert reserveoffiser Vårt Land møter i Tel Aviv fortel kva det betyr at særleg pilotar og spesialsoldatar går i front, mot regjeringa:

Dei er eliten i IDF, dei er særleg utvalde, dei er dei beste av dei beste, dei som står fremst i krise og krig. Når dei no står opp mot generalane i forsvarsleiinga, mot statsministeren og regjeringa, ja, då vil mange andre i reserven tenkje at dei må følgje i deira fotefar, for dei veit kva dei gjer.

Veg for og mot

– Kva ville du gjort, stilt deg saman med dei som nektar reserveteneste?

Gon Niv-Ron stoppar vandringa på Kaplangata i Tel Aviv. Han formar kroppen nesten som ei vekt, vender nevane opp, som vektskåler.

– Det er ei uhyre vanskeleg avveging. På eine sida er rettsreforma antidemokratisk, og må bli lagt vekk. På den andre sida er det eit svært dramatisk steg å ta å nekte reserveteneste, for det svekkjer heilt klart den nasjonale tryggleiken vår.

Gon Niv-Ron blir ståande og vege att og fram.

IDF

Netanyahu: De skal forsvare arven vår

I IDF-leiinga vekkjer protestane uro. Generalstaben fryktar at dei kan smitte over på unge, vernepliktige israelarar.

Same dag som våpenbror Scherf kalla inn til pressekonferanse, vitja Netanyahu IDFs rekrutteringssenter i Tel Hashomer, vel ei mil aust for Tel Aviv. Her fortalde han unge vernepliktige kva han venta av dei, i dag, og i morgon:

– Me har ikkje noko land utan ein hær. Me har ikkje noko land utan soldatar som er rekrutterte til teneste. Dei blir rekrutterte for å forsvare arven vår, fortel kunngjeringa frå statsministerens kontor.

idf

Usikker på svaret

På gata i Tel Aviv klarar ikkje den pensjonerte kamphelikopterpiloten Gon Niv-Ron å gje Vårt Land eit svar med to strekar under.

– Eg klarar ikkje å gje eit anten eller svar. Eg er i dag ikkje sikker på kva eg hadde gjort.

Laurdag kveld gjekk forsvarsminister Yoav Gallant ut mot partifelle og statsminister Netanyahu, i ein TV-sendt tale:

– Stopp prosessen, for tryggleiken til Israel og våre søner og døtre.

Mogleg stans

Netanyahu vil sannsynlegvis stanse rettsreformen i Israel, ifølgje kilder i hans eige parti, melder NTB mandag morgen.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter