Nyheter

Strevar med å få koshermat i fengselet

SONING: To utanlandske menn sonar dommar i Norge. Begge er jødar og ber om rett jødisk mat, men fengselet strevar med å få servert dette. Brot på religionsfridom, seier jødisk trussamfunn.

Heilt sidan dei blei utleverte frå Israel til Norge i 2021, har dei to mennene kjempa for retten til å få etterleve dei jødiske matreglane – eller kosherreglane.

– Når Kongsvinger fengsel ikkje kan finne ei løysing som er akseptabel, er det eit brot på religionsfridomen, seier Michael Gritzman til Vårt Land.

– Det hadde ikkje vore vanskeleg å få til gode løysingar, men det har ein ikkje på noko tidspunkt forsøkt.

Gritzman arbeider i Det Mosaiske Trossamfund (DMT) i Oslo, og hjelper dei to mennene med kosherkravet.

Mangel i nærområdet

Einingsleiar Trond Nerhagen leiar Kongsvinger fengsel der dei to mennene sit fengsla. Han ønskjer ikkje å vurdere kor vidt kosherstriden er eit brot på religionsfridomen når Vårt Land spør.

I avslaget på ein søknad om lauslating før tida skriv Nerhagen: «Mangelen på kosher-mat begrunnes ikke i diskriminering eller innskrenking i religionsfriheten, men mangel på tilgang på slik mat i nærområdet».

Dagleg praktisering av jødedommen

Kosher er den hebraiske nemninga for mat som praktiserande jødar kan ete.

Å etterleve desse pliktene blir sett på som ein del av pakta mellom Gud og det jødiske folket, og er ein viktig del av den religiøse loven.

– Det er utenkjeleg for ein praktiserande jøde å ete mat som ikkje er kosher. Det er sjølve hjarta i jødedommen å praktisere dei ulike religiøse påboda. Kosherreglane er dermed den daglege og kontinuerlege praktiseringa av jødedommen, forklarar Gritzman.

Berre kjøt frå «reine» dyr som har kløyvde hovar og tygg drøv er kosher. Fisk må ha finnar og skjel som kan fjernast. Fjørfe er kosher. For at kjøt frå dyr og fjørfe kan etast, må dei slaktast etter jødiske reglar.

Til sist må ikkje kjøt og mjølk bli blanda. Difor har eit kosherhushald to sett med servise, bestikk og kjøkkenutstyr, eitt for kjøt og eitt for mjølkeprodukt.

slakt

Lova religiøse rettar

På eiga heimeside skriv Kriminalomsorga, etaten som administrerer norske fengsel: «Innsatte som ønsker å delta i gudstjenester, søke sjelesorg eller ønsker andre religiøse eller livssynsmessige tjenester får så langt det er praktisk mulig anledning til dette.»

– Då norske styresmakter forhandla om utlevering frå Israel, lova dei å ta vare på dei religiøse rettane til mennene. Så er absolutt ikkje blitt gjort, meiner Gritzman.

«En svært vanskelig situasjon»

Vårt Land har fått lese brev som har gått mellom mennene og Kriminalomsorga.

I ein søknad om å få sleppe ut av Kongsvinger fengsel før tida for å få tilgang på koshermat dagleg, skriv mennene at dei i 16 månader har levd på «tunfisk på boks, laks og egg».

Innsette kan i gitte situasjonar bli lauslatne når minst halvparten av dommen er sona, eller når to tredelar av straffa er sona. Mennene var halvvegs i soninga i oktober i fjor.

Kriminalomsorga avslo søknaden, og svarar den eine mannen at «vi har forståelse for at du er i en svært vanskelig situasjon ved at du ikke har tilgang på koscher-mat».

– Dei har fått tilgang på nokre råvarer, grønsaker, slik at dei kan ordne eigen mat, opplyser fengselsleiar Nerhagen.

mat

Familiane tilbyr koshercatering

Michael Gritzman i Det Mosaiske Trossamfund seier at dette ikkje er godt nok. Dei får framleis ikkje varme koshermåltid.

I eit brev til Kriminalomsorgas regionkontor presenterer han ei løysing som familiane til mennene vil betale for: Tilkjørt kosher-catering frå Oslo. Dette er måltid av same type som flyselskap brukar verda rundt, ferdiglaga måltid som kan varmast opp.

– Me kan få til ei levering i veka, eller ei i månaden, men svaret frå Kriminalomsorga er nei, det går ikkje.

Det er ein menneskerett å få til ei ordning med levering av koshermat

—  Ingrid Rosendorf Joys, generalsekretær i Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn

«Kan komme til vurdering»

Når Vårt Land spør fengselsleiar Nerhagen om kosherutfordringa kan løysast ved at måltid blir kjørt til Kongsvinger, og lagra der, for å så bli delte ut til mennene, svarar han:

– Det kan komme til vurdering. Men dei to innsette må først ta denne løysinga opp med regionen i Kriminalomsorga.

Gritzman fortel at det er gjort.

– Løysinga er fremma to gonger, seinast i eit brev frå DMT i mars.

«Er ein menneskerett»

Generalsekretær i Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL) Ingrid Rosendorf Joys er klar på kva denne saka handlar om:

– Det er ein menneskerett å få til ei ordning med levering av koshermat. Alle veit at norske fengsel ikkje har kosherkjøkken, så det handlar ikkje om det.

– Me er alle samde; me skal behandle dei innsette med vørdnad. Men her bommar me, seier Rosendorf Joys til Vårt Land.

Ho ber alle involverte spele på lag, og minner om at Det Mosaiske Trossamfund vil hjelpe til med det praktiske.

Dømde for svindel

Mennene blei i fjor dømt i tingretten til seks års fengsel utan vilkår for bedrageri. Begge blei også dømde til å betale 124 millionar kroner i erstatning. Eit italiensk oljeselskap i Norge blei i 2019 svindla for 129 millionar kroner i ein såkalla «direktørsvindel».

Dei to blei arresterte i Israel i oktober 2019, for så å bli utleverte til Norge i august 2021.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter