Nyheter

Une tapte nesten ein av to asylrettssaker

RETTSAVGJØRELSER: Utlendingsnemnda (Une) tapte nesten kvar andre asylrettssak i fjor.

– Medhaldsprosenten er ikkje heilt der me ønskjer, fortel avdelingsdirektør Ketil Larsen i Une.

Asylsøkjarar som får endeleg avslag i utlendingsforvaltninga, vel fleire gonger å gå til sak mot staten ved Utlendingsnemnda for å få kjent vedtaket ugyldig. Mange meiner dei har rett til å få opphald i Norge.

Sivilsakene startar i tingretten, og går i fleire tilfelle til lagmannsretten medan nokre få går heilt til topps i Høgsterett. I fjor fekk Une 53 rettskraftige dommar.

– Domstolskontroll er ein viktig del av rettsvernet. Og dommar er viktige tilbakemeldingar på om saksbehandlinga vår held den standarden den skal etter regelverket, seier Larsen i ei pressemelding.

Færre rettssaker i fjor

Årsstatistikken viser at:

  • Une fekk medhald i 55 prosent av sakene totalt – eller 29 av 53 rettskraftige dommar.
  • Une fekk medhald i 24 rettskraftige dommar i tingretten, 26 i lagmannsretten og tre i Høgsterett.

Avdelingsdirektør Larsen meiner forklaringa på den låge medhaldsprosenten mellom anna ligg i talet på rettssaker: Det var færre rettssaker i fjor enn tidlegare år.

OSLO  20180508.
Utlendingsnemda UNE i Stenersengata 1 i Oslo City
Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Lovar betre grunngjevingar

Når eit Une-vedtak blir kjend ugyldig av retten, blir det sendt tilbake til Une for ny behandling – av ein annan nemndleiar.

Det nye vedtaket skal alltid vere i tråd med premissane i dommen, forklarar Une. Larsen varslar at den låge medhaldsprosenten i fjor får konsekvensar:

– Det kan vere at grunngjevingane våre må bli tydelegare.

Utvising var ugyldig

Sakene som kom opp for domstolen i fjor handla i hovudsak om retten til asyl, utvising, familiesamling og tilbakekalling av opphaldsløyve.

I Høgsterett fekk Une medhald i to av dei tre sakene som domstolen behandla.

I ei sak sa Høgsterett at alderskravet på 24 år for familieetablering ikkje er i strid med Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK).

I ei anna sak fekk ikkje Une medhald i Høgsterett om utvising av ein EØS-borgar. Ein rumenar hadde vedteke førelegg for to tjuveri, eit i 2016 og eit nytt i 2019. Etter det siste tjuveriet blei han utvist frå Norge med eit innreiseforbod på to år.

Høgsterett kom til at utvisingsvedtaket var ugyldig, og at saka til den tjuveridømde mannen ikkje gav grunnlag for utvising.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter