Nyheter

Afghanske kvinner får ikkje asyl i Noreg på bakgrunn av kjønn

TALIBAN: Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) avviser å gje asyl til kvinner frå Afghanistan på generelt grunnlag. Noreg er på kollisjonskurs med Sverige, Danmark og EUs asylbyrå.

August 2021 tok den islamistiske rørsla Taliban tilbake makta i Afghanistan. No seier FN at Afghanistan er det mest kvinneundertrykkande landet i verda.

I slutten av januar kom EUs asylbyrå med ei tilråding om at det å vera kvinne i Afghanistan bør gje rett til asyl i EU-land.

Eg ser det ikkje som aktuelt å gje vern til kvinner frå Afghanistan på generelt grunnlag no

—  Emilie Enger Mehl (Sp), justisminister

Sverige og Danmark gjev asyl til afghanske kvinner på bakgrunn av kjønn. Noreg vil ikkje gjera det same, stadfestar justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp):

– Eg ser det ikkje som aktuelt å gje vern til kvinner frå Afghanistan på generelt grunnlag no, skriv Mehl i ein e-post til Vårt Land.

Ikkje aktuelt med kollektiv vern

Justisministeren peiker på at utgangspunktet i norsk asylforvalting er at alle asylsøknader skal bli behandla individuelt.

– Dette er langvarig praksis, og ein viktig føresetnad for tillita til asylinstituttet og rettvis behandling av asylsøkarar.

Ho skriv at det heller ikkje er aktuelt å innføra kollektiv vern for kvinner frå Afghanistan etter utlendingslovas paragraf 34. Denne paragrafen blir mellom anna brukt for å gje ukrainske flyktningar rett til tidsavgrensa, kollektivt opphald i Noreg.

En ung afghansk kvinne vever et teppe på en tradisjonell teppefabrikk i Kabul. Foto: Ebrahim Noroozi / AP / NTB

Kvinner kan berre reisa 72 kilometer åleine

Rett før nyttår vedtok Sverige å gje afghanske kvinner rett på asyl på grunn av kjønn. Danmark følgde etter i slutten av januar i år, etter eit ekstraordinært møte i den danske asylnemnda.

Den danske asylnemnda viser mellom anna til rapporten frå EUs asylbyrå.

Rapporten skildrar livsvilkåra for kvinner i Afghanistan:

  • Kvinner er i stor grad stengde ute frå utdanning, politikk og arbeidsliv.
  • 72 kilometer. Det er grensa på kor langt ei kvinne kan reisa utan følge av ein mannleg slektning eller ektemann – sokalla mahram.
  • Taliban ber kvinner unngå å forlata heimen utan at det er ytst nødvendig. Gjer dei det, må dei dekka seg til.
  • Kvinner er utestengde frå restaurantar, parkar og svømmehallar.
  • Med visse unntak er kvinner utestengde frå utdanning utover barneskulen. Fleire hundre jenter og kvinner tek utdanning gjennom hemmelege nettkurs eller i skjulte klasserom.
e

Viser til UDI

EUs asylbyrå meiner at kvinner og jenter i Afghanistan risikerer forfølging under Taliban. Byrået anbefaler at det å vera kvinne i Afghanistan skal gje rett til asyl i EU-land.

Vårt Land har spurt Mehl kor uvanleg det er at Noreg ikkje følger tilrådingane til EUs asylbyrå. Ho svarer:

– Dette står UDI nærare til å svara på.

260 ubehandla saker i Noreg

Vårt Land har tidlegare kartlagt kor mange afghanske kvinner som blir påverka om Noreg hadde gjeve asyl basert på kjønn.

Per 5. mars var det 260 afghanske kvinner og jenter i Noreg med ubehandla saker i UDI. Av dei er 173 saker om tilbakekalling av opphaldsløyve til vurdering, og 16 saker om utvising til vurdering.

Vårt Land spør justisminister Mehl om nokon av dei kan risikera å bli sende til Afghanistan. Ho svarer:

– Alle som søker om vern i Noreg, får søknaden sin behandla individuelt, og det er utlendingsforvaltninga som må vurdera enkeltsaker.

Ho legg til at alle asylsøkarar som har krav på beskyttelse, får innvilga dette.

Er i kontakt med UDI

Mehl heldt likevel døra open for at Noreg på sikt kan endra praksis. Ho skriv at Justisdepartementet har bede UDI om ei nærare utgreiing, og at departementet ventar på tilbakemelding frå UDI.

UDI er underlagt departementet, og skal setta norsk flyktningpolitikk ut i live. Direktoratet har tidlegare stadfesta at dei er i dialog med Justisdepartementet om saka.

Sist veke sa UDI-fagsjef Ingrid Olram til Vårt Land:

– Spørsmålet om afghanske kvinner på generelt grunnlag skal innvilgast vern i Noreg, er av ei slik betydning at det må føreleggast for departementets godkjenning. UDI har dialog med departementet om dette no, og me kan ikkje seia noko sikkert om når ei endeleg avgjersle vil takast.

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter