Nyheter

16 afghanske kvinner kan bli utvist – Sverige og Danmark gir asyl

AFGHANISTAN: Sverige og Danmark gjev afghanske kvinner asyl basert på kjønn. Noreg følger førebels ikkje etter. Ei regelendring vil kunne påverka 260 afghanske kvinner og jenter i Noreg.

August 2021 tok Taliban tilbake makta i Afghanistan. Gruppa har innført ei rekke strenge restriksjonar på kvinners rett til utdanning, arbeid og fridom.

EUs asylbyrå meiner kvinner og jenter blir behandla på ein måte i Afghanistan som kan seiast å vera forfølging. Byrået anbefaler at det å vera kvinne i Afghanistan skal gje rett til asyl i EU-land.

Sverige og Danmark har vedteke å gje kvinner frå Afghanistan asyl basert på kjønn.

Justisdepartementet svarar ikkje på om og eventuelt når Noreg vil følga etter. Saka blir no diskutert mellom UDI og departementet, får Vårt Land stadfesta.

Vårt Land har henta inn tal frå UDI på kor mange menneske som vil bli omfatta av ei slik regelendring. Fasiten er at 260 kvinner og jenter vil kunne få rett på asyl i Noreg.

Vurderer tilbakekalling på 173 saker

Per 5. mars er dette status på ubehandla saker i UDI for afghanske kvinner og jenter under 18 år:

  • 62 afghanske kvinner og jenter har ein søknad om asyl til behandling.
  • 9 afghanske kvinner og jenter har ei klage på asylsaka til behandling.
  • 173 afghanske kvinner og jenter har ei sak om tilbakekalling av opphaldsløyve til vurdering.
  • 16 afghanske kvinner og jenter har ei sak om utvising til vurdering.

UDI understrekar at det ikkje er fatta noko avslagsvedtak etter at Taliban tok over makta som gjer at kvinner har plikt til å returnera til Afghanistan.

– Kvinner som fekk avslagsvedtak før Talibans maktovertaking, får saka vurdert på nytt om dei fremmer omgjeringskrav, skriv Ingrid Olram, fagsjef i beskyttelse i UDI, i ein e-post til Vårt Land.

I dialog med departementet

UDI stadfester at dei er i dialog med Justisdepartementet om saka. Departementet skal godkjenna praksisendringar i UDI som er av ei viss betydning.

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) lover å prioritere erstatningskravet fra fetteren til Birgitte Tengs'. Foto: Terje Bendiksby / NTB

– Spørsmålet om afghanske kvinner på generelt grunnlag skal innvilgast vern i Noreg, er av ei slik betydning at det må føreleggast for departementets godkjenning. UDI har dialog med departementet om dette no, og me kan ikkje seia noko sikkert om når ei endeleg avgjersle vil takast, skriv Ingrid Olram, fagsjef i beskyttelse i UDI.

Departementet svarar ikkje

Rett før jul 2022 vedtok Sverige å gje afghanske kvinner og jenter rett på asyl på bakgrunn av kjønn. Danmark følgde etter i slutten av januar i år.

Vårt Land har sidan 20. februar prøvd å få justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) i tale. Me har spurt om Noreg vil gjera det same som Sverige og Danmark, og gje kvinner og jenter frå Afghanistan rett på asyl basert på kjønn.

7. mars svarer presseavdelinga til Mehl med å visa vidare til UDI og eventuelt UNE.

Vårt Land har deretter vist til at UDI stadfester at dei er i dialog med departementet, og igjen spurt departementet om regjeringa vil gje kollektivt vern til kvinner frå Afghanistan basert på kjønn.

Ved utgangen av 8. mars har Vårt Land ikkje fått noko svar.

Saka blir oppdatert om det kjem svar frå Justisdepartementet.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter