Nyheter

Mehl (Sp) opnar for lovendring for sårbare barn

LOV: Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) vil vurdera om det trengst ein eigen lovtekst for barn som kjem på familiegjenforeining, og som blir utsett for omsorgssvikt eller mishandling.

Vårt Land har tidlegare fortalt historia til tre søstrer som kom på familiegjenforeining med far. Familielivet braut saman, og far kasta dei ut heimanfrå.

Det at søstrene ikkje utøver eit familieliv med far, er ein sjølvstendig grunn til at jentene har fått opphaldstillatinga trekt tilbake.

Saka har blitt tema i Stortinget. Stortingsrepresentant Grete Wold (SV) fryktar at barn ikkje tør kontakte barnevernet ut av frykt for å bli kasta ut av landet.

Ho har spurt om regjeringa vil ta initiativ for å sikra at barn og unge som kjem på familiegjenforeining og blir utsett for omsorgssvikt eller mishandling, får rett til opphald på sjølvstendig grunnlag.

No svarer justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) at ho vil sjå på saka.

– Det må vurderast nærare om det er behov for ei særleg bestemming for barn og unge som er utsett for omsorgssvikt eller mishandling, skriv Mehl i svaret til SV.

Ektefellar i annan situasjon enn barn

Noas, Norsk organisasjon for asylsøkere, har til Vårt Land peika på paragraf 53 i utlendingslova. Paragrafen opnar for at ektefelle eller sambuar som kjem på familiegjenforeining og blir utsett for mishandling, kan få opphald på sjølvstendig grunnlag.

Den same bestemminga gjeld ikkje for barn som kjem på familiegjenforeining.

I svaret peiker Mehl på at barn og unge kan få opphald på sjølvstendig grunnlag etter ein annan lovtekst: Paragraf 38, som gjeld saker med sterke menneskelege omsyn eller personar med særleg tilknyting til riket.

Oslo 20210806. 
SVs stortingskandidat  i 2021, Grete Wold .
Foto: Javad M.Parsa / NTB

Justisministeren skriv at det må vurderast nærare om det er behov for ei særleg bestemming for barn og unge i tillegg til paragraf 38.

Opptrappingsplan på trappene

– Problemstillingar knytt til ivaretakinga av barn og vaksne som blir utsett for vald i nære relasjonar vil bli vurdert i forbinding med utarbeidinga av opptrappingsplanen mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar, skriv Mehl.

I fjor sommar kunngjorde Mehl at regjeringa er i gang med ein slik opptrappingsplan. Det skjedde etter at Riksrevisjonen kom med ein rapport som viste alvorlege svakheiter ved styresmaktenes innsats mot vald i nære relasjonar.

Justisdepartementet opplyser til Vårt Land at målet er å legga fram planen i haust, i samband med statsbudsjettet for 2024. Heile åtte departement er del av arbeidsgruppa mot vald i nære relasjonar, Justisdepartementet koordinerer dette arbeidet.

Raudt stiller forslag for Stortinget

SVs Grete Wold er halvvegs nøgd med svaret ho har fått.

– Eg hadde håpa på klarare svar frå justisministeren. Samstundes opplever eg at Mehl gjev ei lita opning for at det bør vurderast å endra paragraf 53 i utlendingslova. Så skal me sjølvsagt følga opp denne saka med ministeren, seier Wold til Vårt Land.

Raudt har tidlegare varsla at dei vil foreslå ei lovendring, som del av Raudts representantforslag om betre vern mot partnarvald for kvinner med flyktning- og innvandrarbakgrunn.

– Vil SV stemma for eit slikt forslag?

– Om det kjem eit forslag frå Raudt som me i SV meiner svarar på denne utfordringa, så vil me stemma for. Men sidan desse forslaga truleg ikkje får fleirtal, så tek SV det vidare.


Endringslogg: Oppdatert 10:50 tysdag 7. mars med opplysingar frå Justisdepartementet om opptrappingsplan mot vald i nære relasjonar.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter