Nyheter

Ingen kommune vil busetje barna deira

FORSKJELLSBEHANDLING: Regjeringa lokkar med ekstra støtte. Ni flyktningar krev så mykje omsorg og pleie at ingen kommunar vil busetje dei. I Senja har ein familie venta sidan 2017.

– Avvisinga går inn på oss, me tek det veldig tungt, og kona er svært sliten.

Majeed Hasan Abdullah sukkar tungt. Kurdaren fortel Vårt Land at han er lei av å leve i uvisse. Han vil gjerne få starte familielivet i ein kommune og vite at her skal dei bu, her skal dei slå rot.

Han, kona Khalida Ismail Abdulqader og dei tre barna kom til Norge i 2015, søkte asyl og fekk opphald i 2017. Men dei tre barna deira hindrar familien å bli busette i ein kommune.

Alle tre er funksjonshemma, to har store behov for pleie og omsorg.

– Me vil gjerne bli buande i Senja. Men er det ein kommune som vil ta i mot oss, flyttar me dit, seier Majeed Hasan Abdullah.

Er særleg velkomne

Ukrainske flyktningar er svært velkomne i Norge.

Så langt har 234 kommunar sagt ja til å ta imot til saman 22.390 i år, fortel tal frå Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet (Imdi). I fjor blei vel 31.000 menneske busette i store og små kommunar. Det er det høgaste talet nokosinne.

– Det handlar om å gje ei utstrekt hand, og her har Norge levert, sa inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) då ho la fram tala på ein pressekonferanse i februar.

Ei anna, lita gruppe flyktningar har ingen kommunar rekt ut ei hand til.

Alle er innvilga opphald i Norge. Dei har i hovudsak komme til Norge saman med foreldre.

Avvisinga går inn på oss, me tek det veldig tungt

—  Majeed Hasan Abdullah

Ni ventar på kommune

På omsorgsinstitusjonar sit ni menn og kvinner og ventar på å bli busette i ein kommune, opplyser Imdi til Vårt Land. Men til no har ingen sagt «kom til oss».

Årsak: Dei er for dyre å busetje.

Dei har alle det Imdi definerer som «særlig oppfølgingsbehov, enten fysisk eller psykisk».

Dei treng pleie og omsorg livet ut.

senja

Dobla tilskot

– Å busetje funksjonshemma krev store ressursar, og så lenge statens tilskot berre kjem dei første fem åra, ser me oss ikkje i stand til å seie ja til busetjing.

Så sa ordførar Tom-Rune Eliseussen (Sp) i Senja kommune til Vårt Land i 2020.

For tre år sidan sa Senja kommune nei til å busetje Majeed Hasan Abdullah, Khalida Ismail Abdulqader og dei tre barna deira. Barna måtte bli buande på ein omsorgsinstitusjon i kommunen, og Utlendingsdirektoratet, altså staten, betalar rekninga.

I fjor blei ordførarar Eliseussens eine krav innfridd.

I oktober 2021 fremma Solberg-regjeringa eit forslag om å doble tilskotsperioden, opp til ti år. 2022-budsjettet som Støre-regjeringa loste gjennom Stortinget, støtta opp om støtteauken.

Likevel vil ikkje Senja kommune busetje søskenflokken saman med far og mor.

Me seier nei til familien av to årsaker, økonomi og helsepersonell

—  Tom-Rune Eliseussen (Sp), ordførar i Senja kommune

Ekstra kostnad: 4,5 millionar årleg

Inkluderingsminister Marte Mjøs Persen meiner dei har gode ordningar som burde sikre den vesle gruppe med flyktningar ei betre framtid i ein kommune:

«Imdi prioriterer arbeidet med bosetting av flyktninger med særlige behov, og har dedikert særskilte ressurser til dette», skriv Ap-statsråden i eit brev til Stortinget, og legg til:

«Vi har gode økonomiske støtteordninger til kommuner som bosetter flyktninger.»

Det er Senja-ordførar Eliseussen svært usamd i:

– Me seier nei til familien av to årsaker, økonomi og helsepersonell. Me har rekna ut at sjølv med auka statleg tilskot vil me sitje att med ein årleg ekstra kostnad på 4,5 millionar kroner. Vidare må me rekruttere 14 ekstra helsearbeidarar, mellom anna sjukepleiarar. Dette er kompetanse det allereie i dag er vanskeleg å få til Senja, seier han til Vårt Land.

AA

Møte statsråden

I dag vil kommunar som seier ja til å busetje flyktningar med «nedsatt funksjonsevne og/eller atferdsvansker» få eit ekstratilskot opp til 1.520.000 kroner per år i ti år. I tillegg kjem det det ordinære integreringstilskotet.

Dette utgjer 827.300 kroner over fem år for einslege vaksne og 780.600 kroner per person for familiar over fem år.

I Senja meiner ordførar Eliseussen at staten kan løyse problema til dei ni flyktningane ingen kommune vil busetje.

– Dei er så få at staten bør finne ei ordning. Difor har eg bedt om eit møte med statsråd Persen. Me må løyse denne saka no.

Drøymer om eigd bustad

I Senja går Majeed Hasan Abdullah på jobb på bakeriet. Han har i fire år jobba og betalt skatt. No er draumen å få kjøpe eigen bustad.

– Men først må me bli busette i ein kommune. Då kan me for alvor byrje på livet i Norge.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter