Nyheter

Vindmølle-eigar på Fosen opnar for søksmål mot den norske staten

VIND: Det sveitsiske selskapet BKW vil vurdera rettslege skritt mot Noreg, om vindmøllene på Fosen blir tekne ned.

I Oslo er protestane mot vindmøllene på Fosen inne i sin åttande dag. Aksjonistane krev at vindmøllene skal vekk.

Det sveitsiske selskapet BKW er deleigar i anlegget. Vårt Land har spurt om selskapet vil vurdera rettslege skritt mot den norske staten for kompensasjon, om vindmøllene blir tekne ned.

Det svarer pressetalsmann Markus Ehinger bekreftande på, i ein e-post:

– Skulle det skje at turbinane må takast ned, vil me vurdera rettslege skritt.

– Inkluderer det å saksøka den norske staten?

– Ved ei stenging av vindparkane vil me også utforske potensielle krav mot den norske stat.

Skulle det skje at turbinane må takast ned, vil me vurdera rettslege skritt.

—  Markus Ehinger, BKW

Vil ikkje kommentera summar

Det har gått over 500 dagar sidan Høgsterett-dommen kom om at vindmøllene på Fosen er oppført i strid med urfolks rettar.

Dommen i Høgsterett gjaldt vindparkane Storheia og Roan, med til saman 151 vindturbinar.

Det sveitsiske kraftselskapet BKW har investert i vindparken Storheia gjennom eigarskap i Fosen Vind DA, der BKW eig 11 prosent.

Storheia vindpark stod ferdig i 2019 og investeringskostnaden var på vel tre milliardar kroner, ifølgje NTB.

Vårt Land har spurt kva BKW vil meine er riktig kompensasjon, om vindanlegget blir stengt: Investeringskostnaden eller også framtidig inntektstap.

Pressetalsmann Markus Ehinger svarar:

– Me kan ikkje kommentera på summar på det noverande tidspunkt.

– Drifta av turbinane er ikkje direkte berørt

Storheia er Europas største vindkraftprosjekt på land. Vindparken består av 80 turbinar med ein årsproduksjon på 1 terawatt-time. Til samanlikning var det totale forbruket av straum i Noreg i 2021 på 139,5 terawattimar.

Greta Thunberg og aksjonister fra Natur og ungdom og Norske Samers Riksforbund Nuorat ble båret bort onsdag utenfor finansdepartementet inngang.

BKW skriv i ein e-post til Vårt Land at dommen i Høgsterett ikkje påverkar drifta av vindparkane på Fosen.

– Drifta av turbinane er ikkje direkte berørt av dommen, og vindparkane har levert straum inn til nettet uendra sidan den gong, skriv Markus Ehinger.

Drifta av turbinane er ikkje direkte berørt av dommen

—  Markus Ehinger, BKW

Opnar for ei løysing som tek fleire år

Markus Ehinger viser til at Olje- og energidepartementet jobbar med å finna kompenserande tiltak som kan sikra rettane til dei samiske reindriftsutøvarane.

Denne jobben kan ta fleire år, ifølge pressetalsmannen i BKW.

– Dei vitenskaplege studiane som krevst for den administrative prosedyren er under utarbeiding. Studiane er forventa å ta fleire år for også å kunne ta omsyn til sesongvariasjonar.

Han sender også Vårt Land eit oppslag frå Adresseavisen frå januar i fjor. Her viser høyesterettsjustitiarius Toril Marie Øie til at dommen i Høgsterett ikkje tok stilling til om vindturbinane må rivast.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter