Nyheter

Folkehjelpa har framleis ikkje fått pengar til denne rapporten

KONFLIKT: Norsk Folkehjelp har ikkje fått pengar til atomvåpen-rapport. No får regjeringa ei skrape av Frp, Venstre, Raudt og SV på Stortinget.

Vårt Land har tidlegare omtala korleis ei manglande utbetaling til ein atomvåpen-rapport har vore stridstema mellom Utanriksdepartementet og Norsk Folkehjelp sidan mai i fjor.

Fire parti i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité kjem no med ein kritisk merknad til at pengane ikkje er utbetalt. Og det er ein uvanleg koalisjon som har funne saman: Framstegspartiet, Venstre, SV og Raudt er gått saman om merknaden.

– Eg meiner at alle vedtak som er fatta av Stortinget, skal gjennomførast av regjeringa. Eg skil ikkje mellom vedtak eg er einig eller ueinig i. Derfor har eg hamna saman med SV og Raudt i denne saka, seier Carl I. Hagen til Vårt Land.

Han sit i kontroll- og konstitusjonskomiteen for Frp. Torsdag behandlar Stortinget komiteens innstilling om såkalla anmodningsvedtak.

Eit av desse vedtaka er pengestøtte til Norsk Folkehjelp. Desse pengane har Folkehjelpa ikkje sett noko til.

Skulda regjeringa for forsøk på overstyring

I november gjekk Norsk Folkehjelp ut i Vårt Land med ramsalt kritikk av regjeringa, og skulda den for forsøk på å overstyra sivilsamfunnet og feilinformera Stortinget.

Grunnen er at organisasjonen ikkje får utbetalt pengestøtte til å laga ein rapport om atomvåpen.

Både Folkehjelpa og SV har vore tydelege på at prosjektstøtta på 1,6 millionar skulle gå til denne rapporten.

Generalsekretær Henriette Westhrin fortalde Vårt Land at ho i møte med Utanriksdepartementet skal ha fått beskjed om at regjeringa ikkje vil støtta denne rapporten. I møtet i august vart Folkehjelpa eksplisitt oppfordra om å søka pengar til eit anna prosjekt, ifølgje Westrin.

UD svara at dei ønska å kommunisera direkte med Norsk Folkehjelp, ikkje gjennom media.

Del av budsjettforlik med SV

Som del av budsjettforliket med SV, fekk Norsk Folkehjelp inn ei øyremerka prosjektstøtte på 1,6 millionar kroner til Norsk Folkehjelp for 2022.

2022.10.28 Oslo. Generalsekretær i Norsk Folkehjelp, Henriette Killi Westhrin er aktuell med sak om avslag på støtte til publisering av Nuclear Weapons Ban Monitor 2022.

I merknaden viser no Frp, SV, Raudt og Venstre til at Folkehjelpa ikkje har fått desse pengane. Dei skriv at dei meiner vedtaket ikkje kan kvitterast ut før pengane er utbetalt.

Desse fire partia har ikkje nok representantar til å danna fleirtal i Stortinget.

Atomtrusselen aukar

Folkehjelpa sende ein ny søknad i august til Utanriksdepartementet. Henriette Westhrin seier til Vårt Land at ho ikkje har høyrt meir frå UD sidan det.

Generalsekretæren peiker på eit alvorleg bakteppe, der land oppgraderer atomvåpenarsenala sine og Russland har suspendert atomvåpenavtalen Ny Start.

– Faren for bruk av kjernefysiske våpen har ikkje vore større på fleire tiår, seier ho.

Rapporten «Nuclear Ban Monitor» måler framgangen til FN-traktaten som forbyr atomvåpen. Noreg støtter ikkje denne traktaten, og viser til medlemskapen i Nato og sikkerheitspolitisk samarbeid med USA, Storbritannia og Frankrike.

– Det verkar som regjeringa er så livredd for å bli kopla til FN-forbodet mot atomvåpen til at dei ikkje vil vera med på å bygga opp dokumentasjon om atomvåpen, seier Westhrin.

Den nyaste utgåva av rapporten kjem i løpet av nokre veker. Den finansierer Norsk Folkehjelp med bruk av eigenkapital og eksterne donorar. New Zealand og Austerrike har gjeve pengar til rapporten.

– Me kjem til å fortsette å søka pengar til denne rapporten frå norsk UD, seier Westrin.

Vårt Land har lagt fram kritikken frå Westhrin for UD og spurt kvifor Folkehjelpa ikkje får desse pengane. UD har førebels ikkje svara.


Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter