Nyheter

Frelsesarmeen måtte betale tilbake nesten ein million kroner

MISLEGHALD: Frelsesarmeen måtte betale tilbake 934.000 kroner til Norad i fjor. I prosjekt i India og Kongo blei det avdekt underslag og manglande dokumentasjon. Totalt måtte bistandsorganisasjonar ut med 9,9 millionar.

Dommen over Frelsesarmeens partnar i India er nådelaus:

«Prosjektledelsen hos lokal partner med systematisk underslag av penger», skriv Utanriksdepartementet (UD). Difor måtte Frelsesarmeen dekkje eit tap på 604.798 kroner i eit bistandsprosjekt i India i fjor.

Regelen er enkel:

Organisasjonar som får støtte frå Norges rause bistandsbudsjett må praktisere nulltoleranse i møte med lokale partnarar som underslår pengar, eller blir gripne i anna misleghald av bistandskroner. Det kan vere tjuveri, korrupsjon, juks med rekneskap, innkjøp eller reiser.

For å sikre at kvar krone blir brukt i samsvar med budsjettvedtaka i Stortinget, har Utanriksdepartementet ei avdeling som granskar saker om økonomisk misleghald.

Totalt måtte forvaltarar av norsk bistand dekkje inn nesten 9,9 millionar kroner i misleghald i fjor.

Rekordstor tilbakebetaling

Vårt Land har henta ut kvartalstala for 2022 frå UD for kristne organisasjonar og kyrkjesamfunn som forvaltar bistandsmidlar.

Det største misleghaldet som blei avdekkja i fjor, melde Vårt Land i mars:

Kristen organisasjon i Liberia skal ha underslått nesten fem millionar norske bistandskroner.

I 2016 starta Misjonsalliansen samarbeidet som skulle syte for nye brønnar og reint vatn til vel 15.000 menneske i Liberia. Prosjektet enda i ei av dei største misleghaldssakene Norad har hatt.

UD melder at prosjektet, som også involverer bistandsparaplyorganisasjonen Digni, enda med at Misjonsalliansen betalte tilbake 4.247.229 kroner i fjor.

digni

Fekk mistanke om misleghald

Eit anna prosjekt måtte også ut med over millionen – eit Digni-prosjekt i India. Digni er ein paraplyorganisasjon for kristne 20 organisasjonar og kyrkjesamfunn som driv bistand.

Generalsekretær Hjalmar Bø i Digni forklarar kvifor organisasjonen valde å betale tilbake 1.638.102 kroner til Norad i staden for å bli granska:

– I samband med sluttevalueringa kom det fram informasjon som gav grunnlag for mistanke om misleghald. Men to forhold gjorde at me valde å returnere vel 1,6 millionar kroner utan å fullføre granskinga. For det første var det svært strenge covidrestriksjonar i India på dette tidspunktet. For det andre var dei politiske tilhøva av ein slik art at me ikkje fullførte granskinga.

I nokre av dei landa me arbeider i er det risiko for misleghald

—  Geir Smith-Solevåg, kommunikasjonssjef i Frelsesarmeen

To Frelsesarmeen-prosjekt

Tre prosjekt måtte dekkje opp for hundretusener:

  • Digni/Frelsesarmeen i India: 604.798 kroner. «Prosjektledelsen hos lokal partner med systematisk underslag av penger.»
  • Digni/Frelsesarmeen i Kongo: 328.851 kroner. «Lokale partner misligholdt avtale ved differansene i balanse mellom hovedbok og finansrapport og manglende dokumentasjon.»
  • Digni/Norsk Pinsemisjon i Kongo: 597.812 kroner. «Lokal partner med utgifter som ikke var tilstrekkelig dokumentert samt brudd på tilskuddsavtalen.»

Land med høg risiko

Geir Smith-Solevåg, kommunikasjonssjef i Frelsesarmeen, vedgår at dei to sakene frå i fjor er keisame for organisasjonen.

– Men i nokre av dei landa me arbeider i er det risiko for misleghald. Difor må me ha ekstra merksemd på gode kontrollrutinar.

Smith-Solevåg seier dei ser alvorleg på alle former for misleghald, og at dei som blir avslørte blir møtte med sanksjonar.

– Me følgjer landets lover og melder saker til politiet om situasjonen tilseier det.

Geir Smith-Solevåg, kommunikasjonssjef i Frelsesarmeen. Julegryte

---

Misleghald i bistanden

  • Alle organisasjonar som søkjer og får bistandsmidlar frå Utanriksdepartementet og Norad må etterleve denne regelen: «Utenriksdepartementet har nulltoleranse for økonomiske misligheter og annet misbruk av departementets midler.»
  • Utanriksdepartementet har ei avdeling som granskar saker om økonomisk misleghald: Sentral kontrolleining.
  • Norges bistandsbudsjett i 2022 var på 44 milliardar kroner.

---

Sluttførte mange saker

Digni får årleg 186 millionar kroner i støtte frå Norad. Pengane blir fordelt på kring 100 utviklingsprosjekter i regi av medlemmene. Kvartalsrapportane frå UD fortel at det blei avdekt misleghald i eitt Digni-prosjekt og i åtte prosjekt til fem medlemsorganisasjonar.

– Dei mange sakene i fjor skuldast to ting. Me arbeider aktivt med å avdekkje misleghald, og i fjor klarte me å avslutte fleire saker me hadde arbeidd med over tid, opplyser generalsekretær Bø i Digni.

I fjor klarte me å avslutte fleire saker me hadde arbeidd med over tid

—  Hjalmar Bø, generalsekretær i Digni

4.122 kroner frå Madagaskar

Her er oversikta med avslutta misleghaldssaker i kristne organisasjonar og kyrkjesamfunn i 2022:

  • Digni, prosjekt i India, 1.638.102 kroner betalt tilbake, mistanke om misleghald.
  • Digni/Frelsesarmeen, prosjekt i India: 604.798 kroner betalt tilbake, underslag.
  • Digni/Frelsesarmeen, prosjekt i Kongo: 328.851 kroner betalt tilbake, misleghald/manglande dokumentasjon.
  • Digni/Norsk pinsemisjon, prosjekt i Kongo: 587.812 kroner betalt tilbake, manglande dokumentasjon.
  • Digni/Norsk pinsemisjon, prosjekt i Kenya: 154.934 kroner er betalt tilbake, brot på innkjøpsreglar, mangelfull kontroll.
  • Digni/Misjonssambandet, prosjekt i Indonesia: 63.783 kroner betalt tilbake, bedrageri og svindel.
  • Digni/Misjonsalliansen, prosjekt i Liberia: 4.247.229 kroner betalt tilbake, bedrageri.
  • Digni/Misjonsalliansen, prosjekt i Nepal: 34.503 kroner betalt tilbake, overfakturering.
  • Digni/Misjonsselskapet, prosjekt i Madagaskar: 4.122 kroner er betalt tilbake, falske kvitteringar.
  • Strømmestiftelsen, prosjekt i Sri Lanka: 36.692 kroner betalt tilbake, falske kvitteringar, brot på innkjøp.
  • Strømmestiftelsen, prosjekt i Nepal: 3.249 kroner betalt tilbake, manipulert rekneskap.
  • Strømmestiftelsen, prosjekt i Tanzania: 281.099 kroner betalt tilbake, mangelfull dokumentasjon på utgifter.
  • Kirkens Nødhjelp, fire prosjekt i Mali: 206.529 kroner betalt tilbake, udokumenterte kostnadar hjå lokal partnar.
  • Kirkens Nødhjelp, to prosjekt i Burundi: 364.389 kroner betalt tilbake, brot på innkjøpsreglar, juks med godtgjering, udokumenterte kostnader.
  • Kirkens Nødhjelp, prosjekt i Etiopia: 35.354 kroner betalt tilbake, udokumenterte utgifter.
  • Caritas, prosjekt i Sentralafrikanske republikk: 7.250 kroner betalt tilbake, bedrageri.
Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter