Snart har krigen i Ukraina rast i eitt år.
Statsminister Jonas Gahr Støres (Ap) analysar er at krigen dreg ut i tid, og at han splitter:
– Eit jernteppe har på nytt har senka seg i Europa, og delt Europa i to. Slik er me meir splitta i Europa enn før, men me er også meir samla.
Sa regjeringssjefen i Stortinget torsdag, då han heldt ei Ukraina-orientering. Måndag kom han på nytt til dei folkevalde og la fram regjeringas forslag til hjelpepakke til Ukraina.
Sterk støtte til Ukraina
Ei fersk meiningsmåling viser at folket samlar seg bak statsministeren. Nordmenns støtte til ukrainaranes kamp er svært sterk. Russlands krav blir kontant avviste.
Det er By- og regionforskingsinstituttet NIBR ved universitetet OsloMet som har sett nærare på nordmenns haldningar til Russlands invasjon av nabolandet, krigen som har vart i snart eit år og norsk våpenhjelp.
For forskingsprosjektet Proruss har Respons Analyse gjort ei landsomfattande og representativ spørjeundersøking med 1.165 respondentar.

Må sende norske våpen
Dette meiner dei som har gjort seg opp ei meining:
- Nesten av ni av ti vil sende norske våpen austover til Ukraina. Berre fem prosent nektar ukrainarane våpenhjelp.
- Nesten åtte av ti meiner Ukraina ikkje må avstå land til Russland for å få slutt på krigen.
- Ni av ti seier Krym-halvøya tilhøyrer Ukraina.
- Vel ni av ti meiner Norge ikkje må oppheve sanksjonane mot Russland.
- Nesten ni av ti slår fast at Vesten ikkje har skulda for at Russland invaderte Ukraina.
[ Justisministeren: Kan komme 120.000 ukrainere til Norge i år ]
Frp-veljarar skil seg ut
På eitt spørsmål er det ikkje like stor samling på svara.
På spørsmålet «Ukraina bør ikke bli Nato-medlem», er faktisk heile ti prosent «heilt enig» og 12 prosent er «delvis enig».
Forskar Aadne Aasland arbeider med Proruss-prosjektet. Det gjev kunnskap om korleis Russland opptrer i møte med Norge og nordmenn, og andre europeiske land. Prosjektet prøver å identifisere dei som er opne for «Russlands initiativ».
Aasland fortel at på eit spørsmål er det tydelege partiskilnader på svara. Spørsmålet lydde: «Ukraina bør avstå områder til Russland for å få en slutt på krigen».
– Framstegspartiets veljarar skil seg ut. 29 prosent av desse er heilt eller delvis samde i at Ukraina bør avstå område til Russland for at krigen skal ta slutt.
Framstegspartiets veljarar skil seg ut
— Aadne Aasland, forskar Proruss-prosjektet
Våpenstøtte i både Raudt og SV
Statsminister Støre understreka torsdag at ein må klare å ha to tankar i hovudet samstundes:
– Det er ikkje ein motsetnad mellom donasjon av våpen og eit ønskje om fred i Ukraina, som nokre også i denne sal hevdar.
Undersøkinga til Proruss-prosjektet viser at veljarane til alle parti sluttar opp om norsk våpenhjelp – og eit fleirtal meiner at Vesten bør sende meir våpen.
– Meir enn to tredelar mellom både Raudts og SVs veljarar er «helt uenig» i at slik norsk våpenhjelp bør opphøyre, fortel Aasland.
[ Frå Kongsberg får Ukraina hjelp til å skyte ned fienden ]
Fleire tvilarar i Frp og Sp
Berre 13 prosent av Raudts og ni prosent av SVs veljarar er heilt eller delvis samde i påstanden «Norge må slutte å sende våpen til Ukraina».
Oppslutninga om norske våpendonasjonar er lågast mellom dei som røystar på Senterpartiet og Framstegspartiet. Men i begge parti seier eit tydeleg fleirtal, høvesvis 53 og 56 prosent seg «helt uenig» i påstanden.
---
Krigen i Ukraina
- 24. februar 2022 invaderte Russland Ukraina, no går fronten aust i Ukraina.
- 7,9 millionar ukrainske flyktningar er registrerte i Europa, inkludert Russland, 5,9 millionar er internflyktningar i Ukraina.
- FN har registrert kring 18.000 sivile som er drepne eller såra, men seier at det reelle talet er langt høgare.
- Ukraina hevdar at 100.000 russiske soldatar er drepne, talet er svært usikkert
---

Folket i ryggen
Til dei som ikkje sluttar opp om Ukrainas fridomskamp, hadde Støre ei helsing torsdag:
– Russland har gjennom året som har gått svart på vår og verdssamfunnets fordøming – og på eigne nederlag, med meir øydelegging, meir krig, endå meir brutalitet.
Aadne Aasland i Proruss-prosjektet seier at det vil vere enklare for politikarar i Norge og andre vestlege land å halde oppe den aktive støtta til Ukraina dersom dei veit dei har opinionen i ryggen.