Her blir våpenet som gjer «himmelen over Ukraina tryggare» bygd

KRIGEN I UKRAINA: Sidan grunnlovsåret 1814 har Norge hatt eigen våpenfabrikk. Frå Kongsberg får Ukraina hjelp til å skyte ned fienden.

KONGSBERG: – Dei kjem om tre minutt.

Meldinga sender to menn og ei kvinne ut av den lune resepsjonen, ut i bitande vintervind.

To tynnkledde våpenfabrikantar i dress og ein ordførar med sølvtungt kjede stiller seg på line og ventar. På politiske handtrykk og smil som varmar.

Storeigarane kjem på vitjing til Kongsberg Gruppen. Eller som selskapet lenge heitte, Kongsberg våpenfabrikk.

Sidan året Norge fekk eigen grunnlov, har me hatt nasjonal våpenproduksjon. Lenge for å verne den gryande nasjonen, seinare også for å væpne andre.

Volodymyr Zelenskyj er ikkje den første som får våpen frå Norges gamle sølvby, Kongsberg.

Kongsberg Defence & Aerospace

«Drep betre og fleire per ladning»

Då USA fråvrista Spania dei oversjøiske territoria Cuba, Puerto Rico og Filippinane i den spansk-amerikanske krigen i 1898, var den amerikanske hæren væpna med det legendariske armé-geværet Krag-Jørgensen, som var utvikla ved Kongsberg våpenfabrikk.

Vel hundre år seinare var den fjernstyrte våpenstasjonen Protector frå Kongsberg Defence ein knallsuksess i den amerikanske hæren. USA brukte han i krigane i Afghanistan og Irak.

På stasjonen kan ein montere maskingevær, kanon, granatkastar, anti-tank- og luftvernmissil. Skyttaren sit godt verna inne i eit pansra kjøretøy.

Det amerikanske hærmagasinet Army omtalte våpenstasjonen i rosande ordelag: Protector vernar mannskapet, han aukar sjansane markant for å treffe med første skot, han drep betre og fleire per ladning.

Me kommenterer ikkje donasjonar og bidrag til Ukraina før dei er gjennomført

—  Jonas Gahr Støre (Ap), statsminister

Statens våpenfabrikkar leverer

– Velkommen. Velkommen. Velkommen.

Konsernsjef Geir Håøy i Kongsberg Gruppen, administrerande direktør Eirik Lie i Kongsberg Defence & Aerospace og Kongsberg-ordførar Kari Anne Sand (Sp) rekkjer fram høgrehanda.

Ut av to svarte bilar stig statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).

Dei rår over to våpenprodusentar. Staten eig 50 prosent av Kongsberg Gruppen og 50 prosent av ammunisjonsfabrikanten Nammo. Og Kongsberg Gruppen eig igjen 49.9 prosent av det finske selskapet Patria, som eig 50 prosent av Nammo.

Så Støre og Gram har bukta og begge endane.

Men dei kjem ikkje til Kongsberg med nye kontraktar, slik finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og forsvarsminister Gram (Sp) kom til Raufoss og Nammo med i midten av januar:

Regjeringa kjøper artilleriammunisjon for 2,6 milliardar kroner frå Nammo. Noko skal til lager i Norge og mykje skal skytast mot russiske mål i Ukraina, varsla Vedum og Gram då.

Kongsberg Defence & Aerospace

Me leverer kvalitet

—  Ingrid, fagarbeidar

Militært kinderegg

Støre kjem til Kongsberg for å vise fram noko som gjer han stolt: Luftvernsystemet National Advanced Surface-to-Air Missile System, eller Nasams, som er utvikla på Kongsberg.

Det er eit kinderegg for Ap-Sp-regjeringa: verdsleiande, militær teknologi, som vernar Norge og sikrar distriktsarbeidsplassar.

Nasams er mobilt og skyt ut mellomdistanserakettar. Når truslar i lufta blir oppdaga, vil ein eller fleire rakettar bli fyrt av frå ei utskytingsrampe mot målet. Amerikanske Raytheon leverer rakettane og radaren, Kongsberg Gruppen resten.

På Kongsberg er fleire stolte over kva Kongsberg leverer. Ordføraren er stolt over kva som kjem frå byen hennar, akkurat som fagarbeidaren i Nasams-hallen.

– Me leverer kvalitet, seier Ingrid, som vernar etternamnet.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) besøker Kongsberg Defence & Aerospace i Kongsberg. De skal blant annet få en orientering om leveranser til forsvarssektoren og produksjonskapasitet, møte lærlinger, fagarbeidere og tilsette og få en omvisning i produksjonshallen for NASAMS.

Overflatebehandler Ingrid

Ønskte luftvern frå Norge

Så han visste kva han bad om, Ukrainas president, då han i talen på skjerm i Stortinget i mars i fjor leverte ønskjelista:

Send meg Nasams, Norge.

1. juli kunngjorde USA at dei donerte to Nasams-batteri til Ukraina. Saman med Norge.

Ståande i monteringshallen for Nasams på Kongsberg vil regjeringssjef Støre ikkje svare på Vårt Lands spørsmål:

– Kom dei frå lager på Kongsberg, eller eit anna lager?

Forsvarsminister Gram gjev litt meir:

– Det er lastebilar frå Norge som fraktar batteria rundt i Ukraina i dag.

Men på spørsmål om regjeringa snart vil sende fleire Nasams-batteri austover, blir Graum taus.

Kongsberg Defence & Aerospace

«Fredsprisens land vernar byane våre frå krig»

Gleda over gåva frå Kongsberg og regjeringa var så sterk at Ukrainas forsvarsminister helsa Norge på Twitter. «Vil gjere himmelen vår tryggare», skreiv Oleksij Reznikov då luftvernet kom fram i november i fjor haust.

Ei veke seinare tok president Zelenskyj Norge med i kveldstalen: «Spesielt fungerte Nasams-systema bra i dag. Me trefte på ti av ti oppskytingar».

30. november kunngjorde USAs forsvarsdepartement at det har signert ein ny kjøpskontrakt på Nasams til Ukraina, verdt vel 1,2 milliardar dollar.

Ei veke ut i desember kom takkejolekortet, frå Forsvarsdepartementet i Ukraina til Norge: «Denne vinteren må ikkje ukrainarar reise for å sjå nordlyset. Fredsprisens land vernar byane våre frå krig», lydde twittermeldinga som blei akkompagnert av Edvard Griegs I Dovregubbens hall.

Kongsberg Defence & Aerospace

Blir brukt i Ukraina og på film

Kringsett av rådgjevarar står Jonas Gahr Støre i monteringshallen på Kongsberg. Han gler seg over våpengåva han har vore med å gje:

– Her ser me ein teknologi som forsvarar mot luftåtak, om det er dronar, missil eller anna. Me ser at dette er viktig nesten kvar dag, konkluderer han og byr på eit alternativt kinderegg:

– At dette systemet er på plass i Ukraina er eit teikn på at me har verdsleiande teknologi, samarbeid med USA og fått det inn i Ukraina.

To stader blir forsvarsvåpenet Nasams brukt aktivt mot fienden. I Ukraina i dag - og i actionfilmen White House Down.

Sist veke opplyste forsvarsministeren at Norge skal gje noko anna president Zelenskyj ønskjer seg: Leopard stridsvogner. Kor mange og når er ukjent.

På Kongsberg vil ikkje statsministeren seie noko om Norge skal donere meir luftvern til Ukraina:

– Me kommenterer ikkje donasjonar og bidrag til Ukraina før dei er gjennomført, men at dette er veldig aktuelle og relevante system, det er det ikkje tvil om.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) besøker Kongsberg Defence & Aerospace i Kongsberg. De skal blant annet få en orientering om leveranser til forsvarssektoren og produksjonskapasitet, møte lærlinger, fagarbeidere og tilsette og få en omvisning i produksjonshallen for NASAMS.

Kunde vil ha beige

Framsyningstimen på Kongsberg er over. Eigarane frå Oslo må ha mat. Frå VIP-kantina ser dei to Nasams-batteri. Eit grønt og eit beige.

Ein kunde har sanddyner. Ein annan har skogar.

---

Norsk våpenproduksjon

  • Norge har to store, statskontrollerte våpenprodusentar, Kongsberg Gruppen og Nammo.
  • Norsk våpeneksport auka med 463 millionar kroner til 3,3 milliardar kroner i 2021 (Statistisk sentralbyrå). (SSB). Nato-landa kjøper mest våpen og ammunisjon frå Norge.
  • 2021 hadde Kongsberg Gruppen samla inntekter på 27,4 milliardar kroner, 10 kom frå Kongsberg Defence & Aerospace.

---

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter