Nyheter

Noreg var invitert til våpenmøte om Ukraina – takka nei

KRIG: 19. januar møttes ni land, mellom anna Storbritannia og Danmark, for å diskutera våpensendingar til Ukraina. Noreg var invitert til samarbeidet, men takka nei.

Frå ein militærbase i Estland offentleggjorde ni europeiske land det sokalla «Tallinn-løftet» – «the Tallinn Pledge», torsdag 19. januar. Her lovar statane «eit eineståande sett med donasjonar» til Ukraina – inkludert stridsvogner.

Mellom dei som stilte opp for pressefotografane, var den britiske forsvarsministeren Ben Wallace og ein representant frå Danmark.

Noreg var ikkje blant statane som var del av dette «Tallinn-løftet». Sist veke stilte Guri Melby (V) skriftleg spørsmål om Noreg var invitert med i dette samarbeidet, og kvifor regjeringa eventuelt sa nei.

Fredag denne veka kom svaret: Noreg var invitert, men prioriterte det ikkje. Forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) svarar slik på Melbys spørsmål:

«Norge var også invitert til møtet i Tallinn 19. januar 2023. Vi prioriterte imidlertid ikke deltagelse, siden aktuelle emner allerede var håndtert i kontakten med mine nordiske kolleger, og siden jeg har jevnlig kontakt med Storbritannias forsvarsminister Ben Wallace, som arrangerte møtet.»

Debatt om stridsvogner til Ukraina

I «Tallinn-løftet» frå 19. januar lovar ni europeiske land «eit eineståande sett med donasjonar», inkludert stridsvogner, tungt artilleri, luftvern, ammunisjon og infanterikøyretøy til Ukrainas forsvar.

Tolv land har lovet Ukraina stridsvogner. Bildet viser det polske forsvaret som tester en stridsvogn av typen Leopard 2A4 på et treningsfelt i Zagan i Polen. Foto: Polens forsvarsdepartement / AP / NTB

Dei som står bak utsegna, er forsvarsministrane i Estland, Storbritannia, Polen, Latvia og Litauen, og dessutan representantar frå Danmark, Tsjekkia, Nederland og Slovakia.

Dokumentet er tilgjengeleg på den britiske regjeringa sine heimesider.

Debatten om stridsvogner til Ukraina har rast i Europa den siste tida. Onsdag denne veka, seks dagar etter «Tallinn-løftet» vart offentleggjort, vart det klart at både Tyskland og USA vil levera stridsvogner til Ukraina.

Venstres leder Guri Melby møtte tirsdag pressen på Stortinget i forkant av helgens landsmøte i partiet. Foto: Gorm Kallestad / NTB

Den tyske opninga gjorde at fleire andre europeiske land — inkludert Noreg — no kan levera stridsvogner til Ukraina.

Samme dag gjorde forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) det klart at Noreg sender stridsvogner. Det er førebels uklart kor mange det er snakk om.

Venstre-Melby skuffa over regjeringa

Guri Melby (V) er kritisk til at Noreg takka nei til invitasjonen om å vera med i «Tallinn-løftet». Ho skriv i ein sms til Vårt Land:

«Jeg er skuffet over at regjeringen ikke grep anledningen og ble med i et kraftig felles budskap mot Putin og for fornyet støtte til Ukraina. For de allierte landene handler dette både om konkrete donasjoner, men også om å være tydelige overfor Putin om at vi står sammen, og at vi ikke har tenkt å gi oss.»

Ho legg til at ho uansett er glad for at regjeringa vil bidra i donasjoner av stridsvogner til Ukraina.

Vil oppmoda allierte om støtte

Dagen etter «Tallinn-løftet» vart offentleggjort, samlast forsvarstoppar frå 54 land på den amerikanske militærbasen Ramstein i Tyskland.

Under dette møtet 20. januar i den sokalla Kontaktgruppa for Ukraina, vart den militære bistanden til ukrainarane koordinert.

I «Tallinn-løftet» lover dei ni landa å ha ei pådrivarrolle i dette møtet i Tyskland. Dei skriv at dei skal «oppmoda andre allierte og partnarar om å følga etter og bidra med sine egne planlagde støttepakker så snart som mogleg for å sikra ein ukrainsk siger på slagmarka i 2023».

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram deltok på Kontaktgruppa for Ukrainas møte i Ramstein 20. januar.

– Det er viktig for Europas og Noregs tryggleik at Ukraina lykkast i å stå imot Russlands angrep, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp). Noreg har no donert ytterlegare 10 000 artillerigranatar til Ukraina. Foto: Javad Parsa / NTB / NPK

Han skriv i svaret til Guri Melby (V) at han møtte nordiske kollegaer i forkant.

«Her forberedte vi møtet i Ramstein, og informerte hverandre gjensidig om planlagt militær støtte til Ukraina.»

Han skriv vidare regjeringa har donert store mengder artilleri, luftvern og ammunisjon til Ukraina og vurderer fortløpende ytterlegare støtte.

«Vi har et nært, løpende samarbeid med flere av landene bak uttalelsen. Jeg vil i denne sammenheng særlig fremholde donasjon av Leopard II stridsvogner til Ukraina, som Norge vil gjøre i nær koordinering med flere av landene som stilte seg bak The Tallinn Pledge.»

– Innbitt og idealistisk

– The Tallinn Pledge er samlinga av dei mest innbitne og idealistiske statane i Europa, dei med mest idealistisk brodd mot Russlands krig mot Ukraina, skriv Tormod Heier, oberstløytnant i hæren og professor ved Forsvarets høgskole, i ei melding til Vårt Land.

Han meiner Venstre har ein ideologisk fellesskap med desse landa, og at det er naturleg at dei ikkje er nøgd med Støre-regjeringas tilnærming til krigen, som han beskriv som «meir servil».

– Sett frå Venstres ståstad burde Ap-Sp-regjeringa vore enda meir på tilbudssida når det gjeld våpenhjelp, skriv Heier.

Han sammenliknar det med Venstres standpunkt før Libya-krigen i 2011, kor han meiner dei ønska aktiv militær innsats for å fremme grunnleggjande liberale verdiar i eit anna land.

Endringslogg:

Oppdatert 27. januar klokka 20.55 med kommentar frå Guri Melby.

Oppdatert 28. januar klokka 10:07 med kommentar frå Tormod Heier.



Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter