Nyheter

Strid i afrikansk natureldorado

LANDSTRID: Nordmenn blir freista til safari i Ngorongoro i Tanzania. Her vil styresmaktene flytte tusental masaiar for å gje plass til fleire turistar i natureldoradoet.

Tilboda om opplevingsreiser i Tanzania og Ngorongoro er mange:

«Blixen Tours tilbyr safarireiser til Tanzania for alle som vil på en eksotisk safari eller familieferie ut over det vanlige.»

«(...) spennende dager i Serengeti og Ngorongoro», lokkar Albatross Reiser.

«Det er også i Tanzania at du finner Ngorongoro-krateret, som virkelig er et paradis for naturelskere», freistar Tanzania Tours.

Ngorongoro er eit stort naturvernområde i det nordlege Tanzania. Utvalet av ville dyr er enormt, over 25.000 i talet. Her møter du løver, nashorn, flodhestar, elefantar, antiloper, gasellar og bavianar. I tillegg kjem eit særs rikt fugleliv.

Støtta av domstol

Ngorongoro er så verdifullt at det blei innlemma på Unescos verdsarvliste allereie i 1979. Namnet Ngorongoro refererer til lyden av kubjøller – ngoro ngoro – og blei gjeve av masaifolket som historisk har brukt området til kvegbruk.

No står striden – mellom tanzanianske styresmakter og seminomadiske bønder: Skal Ngorongoro lokke til seg fleire godt betalande turistar, eller vere heimland for masaiane?

Planen til regjeringa er flytte så mange som 80.000 masaiar i samband med ei utviding av Ngorongoro, melder Danwatch. I september slo den regionale domstolen East African Court of Justice fast at Tanzanias regjering ikkje gjer noko ulovleg når styresmaktene flyttar masaiar ut av Ngorongoro.

Kom til samanstøyt

Styresmaktene hevdar på si side at folkeflyttinga er frivillig og skjer for å skjerme område mot menneskeleg aktivitet.

Onesmo Ole Ngurumwa, nasjonal koordinator i Tanzania Human Rights Defenders Coalition fryktar framtida. Til Bistandsaktuelt sa han tidlegare i år følgjande:

– Fleire titusen av oss kan bli drivne vekk frå landet til forfedrane våre.

I sommar blei striden valdeleg. Masaigjetarar - med pil og bode - støytte saman med tanzaniansk politi. Eit tital gjetarar blei skadde og ein politimann mista livet. I oktober blei 24 arresterte masaiar sette fri frå varetekt. Påtalemakta avgjorde at ingen blei tiltalt for drap på politimannen.

Me må bestemme oss for om me vil satse på turisme eller ikkje

—  Kassim Majaliwa, statsminister Tanzania

Statsministeren tenkjer på framtida

Ngorongoro er mellom Tanzanias fremste attraksjonar. Kring ein halv million gjestar området kvart år. På eit folkemøte i vinter drog Tanzanias statsminister Kassim Majaliwa opp framtidsutsiktene:

– Me har alle sett auken, både av folk og dyr, i Ngorongoro. Om me ikkje treffer høvelege tiltak, vil parkane våre lide. Dette er turismeområde. Me må bestemme oss for om me vil satse på turisme eller ikkje.

SAF

Store turistinntekter

Samstundes som Ngorongoro er vekstområde for safariturisme, husar naturvernområde rundt 100.000, hovudsak seminomadiske folkegrupper som særleg driv kvegdrift. Masaiane er dei mest kjende. Dei flytta til Ngorongoro i 1959.

På 60 år har både folke- og kvegtalet auka kraftig i området. Folketalet er tidobla opp til 100.000, og over ein million kveg beitar i dag i Ngorongoro.

Turisme er mellom landets viktigaste næringar. I 2019, året før pandemien ramma, utgjorde turistinntektene ti prosent av Tanzanias BNP.

---

Ngorongoro

  • Naturvernområdet – Ngorongoro Conservation Area – på nesten 8.300 kvadratkilometer, nord i Tanzania, på grensa til nasjonalparken Serengeti.
  • Kom på Unescos verdsarvliste i 1979.
  • Brukt av særleg masaifolket til kvegdrift.

---

Eit byrå svarar

Vårt Land har kontakta tre reisebyrå som sel Ngorongoro til nordmenn. Blixen Tours og Tanzania Tours har ikkje svart på tilsende spørsmål, og purringar.

Kommunikasjonssjef Steen Albrechtsen i Albatross Reiser skriv til Vårt Land i ein e-post at dei ikkje har registrert at det skal gjerast plass til fleire turistar i Ngorongoro – men at dei også har liten aktivitet i området.

Han viser til ei fråsegn reisebyrået gav til Danwatch tidlegare i år. Her seier Albatross Reiser at dei ikkje har konkret kunnskap om eventuelle tvangsflyttingar av masaiar, før dei understrekar at «turismeudvikling bør være koordineret med de lokale, således at turismen kan bringe gavn og positiv udvikling til områderne, og samtidig beskytte værdifulde naturområder».

Reisebyrået, som opphavleg er dansk, meiner at inntekter frå turisme kan gje folk utdanning, helse og naturpleie – om alt blir gjort rett og pengane går i dei rette lommene.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter