Nyheter

Fleire unge med tunge tankar søker hjelp i jula

TUNG TID: Mental Helse og Kirkens SOS fortel om fleire unge som tek kontakt i jula. Samtalane er blitt meir alvorlege.

– Mange barn fortel om problem i nære relasjonar i jula. Det er alt frå misbruk og vald til konfliktar rundt ei skilsmisse. Fleire fortel om sterk angst knytt til store familiemiddagar, mange kjenner på ein depresjon som blir forsterka i juletider.

Det seier Kenneth Pedersen, teamleiar for sidetmedord.no, chat-tenesta til Mental Helse.

Juletida er vanskeleg for mange. Frå 23. til 28. desember har Mental Helse fått 4.955 telefonar og chat-meldingar frå folk som treng nokon å snakka med. Det er ei auke på ni prosent frå året før.

I fleire tilfelle har me kontakta politi og legevakt. Dei har rykka ut og hindra at liv har gått tapt.

—  Kenneth Pedersen i Mental Helse

Mental Helse driv Noregs einaste døgnopne hjelpechat som er open for alle. Her har pågangen vore spesielt stor. Det er komme inn 2.693 chat-meldingar, ei auke på 14 prosent frå same periode i fjor.

Halvparten av dei som tek kontakt via chat, er under 19 år.

– Barn og unge liker å skriva om ting. Dei synest ofte det er litt skummelt å ringa inn, seier Kenneth Pedersen.

Kirkens SOS: Lengre og meir alvorlege samtalar

Mental Helse og Kirkens SOS driv dei to største krisetenestene for folk som treng nokon å snakka med. Begge organisasjonane fortel om meir alvorlege samtalar denne jula enn tidlegare.

– I jula i år har me sett ei auke i folk som kontaktar oss med tankar og planar rundt sjølvmord. I fleire tilfelle har me kontakta politi og legevakt. Dei har rykka ut og hindra at liv har gått tapt, noko me i ettertid har fått tilbakemeldingar på, seier Kenneth Pedersen i Mental Helse.

Kirkens SOS seier til Vårt Land at dei fekk inn 4.035 telefonar frå 23. til 28. desember. Av desse vart 2.006 svara på.

I tillegg svara Kirkens SOS på 442 førespurnader på melding og chat.

Kirkens SOS fekk svara på færre samtalar i år enn i fjor. Det skuldast i hovudsak lengre og meir alvorlege samtaler med yngre menneske, skriv Kirkens SOS i ei pressemelding sendt til Vårt Land.

– Det gjekk 18 minutt døgnet rundt mellom kvar gong me begynte ein ny samtale med eit menneske med sjølvmordstankar, skriv generalsekretær Lasse Heimdal i pressemeldinga.

Berre ein av tre får svar på telefon

Heller ikkje alle som ringer Mental Helses hjelpetelefon, får svar. Berre 34 prosent av dei innkommande telefonane i jula vart svara på.

– Det er sjølvsagt bekymringsfullt, me vil gjerne svara kvar einaste ein. Men me har dei ressursane me har, og gjer det beste ut av dei midla me har. Heldigvis veit me at mange som ikkje kjem gjennom på telefon, tek kontakt på chat, seier Pedersen i Mental Helse.

e

Svarprosenten er langt høgare på Mental Helses chat-teneste, her får 81 prosent svar.

– Kvar rettleiar kan ta fleire chat-samtaler samtidig. Derfor er svarprosenten høgare enn på telefon, seier Pedersen.

Hjelpetelefonen til Kirkens SOS er bemanna av frivillige, medan tilsette svarar på tenestene til Mental Helse.

– Helsevesenet har også juleferie. Fleire av dei som kontaktar oss, fortel at det er vanskeleg å måtte venta til psykolog- eller legekontor opnar igjen. Me blir ofte ein del av kriseplanen til folk når det offentlege er stengt, seier Kenneth Pedersen i Mental Helse.

Blir nulla på statsbudsjettet

I år får hjelpetelefonane til Mental Helse og Kirkens SOS rundt 27 millionar kroner kvar frå staten.

Neste år er det slutt på øyremerkinga. Mental Helse og Kirkens SOS må saman med andre søka om støtte, frå ein pott på til saman 72 millionar kroner.

Lasse Heimdal

Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) forsvarer omlegginga med at tilskota må brukast meir målretta.

– Me har forståing for at endringa inneber at nokre mottakarar får redusert føreseielegheit, men me meiner det er viktigare med likebehandling og transparens omkring tildelingskriterium, har Kjerkol sagt til Dagsavisen.

Kenneth Pedersen i Mental Helse meiner endringa gjer framtida meir usikker for hjelpetelefonen.

– Før kunne me planlegga drifta fram i tid. No må me først søka pengar, før me får svar tidlegast i mars 2023. Det gjer at me går tre månader inn i året utan å vite kor mykje me får i støtte, og om me i det heile får støtte.

Han legg til:

– Me tek det til etterretning, men at et ukjent tal på aktørar no skal søka på ein felles sum på 72 millionar gjer det vanskeleg å forstå kva kvalitet regjeringa ønsker av tenestene.

Fleire tek kontakt med økonomiske problem

Frå før har Kirkens SOS i Nord-Noreg meldt om stor pågang frå folk som tek opp auka renter, dyrare mat og høgare straumutgifter.

– Me har hatt ein formidabel auke i temaet økonomi. Det er rett og slett enormt. Menneske som ikkje har hatt det vanskeleg før, tek no kontakt, fordi dei har fått økonomiske utfordringar. Dei har rett og slett ikkje mat på bordet i jula, seier Gry Heggås Jensen, leiar for Kirkens SOS i Nord-Hålogaland, til NRK.

Kenneth Pedersen i Mental Helse seier dei også merker pågang frå folk som treng snakka om økonomien.

– Generelt er folk uroa over ting som er mykje framme i media: Krigen i Ukraina, faren for atomkrig, økonomiske vanskar, seier han.


Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter